Debatt

Eg er ein hummar

DEBATT: Det er ei kjent sak at utan økonomisk støtte frå ein gjeng med steinrike onklar hadde ikkje Resett sett dagens lys i det heile tatt.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Jarl Wåge

Følgjande norskevits var populær i Sverige for nokre år sidan. «Korleis kan du vite at det har hamna ei norsk reke i ein svensk rekefangst?» Svar: «Ho ligg øverst og roper: Eg er ein hummar. Eg er ein hummar.»

Resett, som har fått mykje merksemd i media i det siste, er ei slik reke. Ligg i ein haug av bloggar og nettstader og roper: «Eg er ei avis. Eg er ei avis.» Det er noko bibelsk «ånden er villig, men kjødet er skrøpelig» over bloggen sine febrilske forsøk på avisifisering. Dei vil, dei vil, men får det ikkje til. Eller som Sveinung Rotevatn så treffande sa det i Debatten på NRK her om dagen: «Ein grevling blir ikkje eit menneske ved å ta på seg dress.»

Sjefen for Resett, Helge Lurås, blei ikkje tatt opp som medlem i redaktørforeininga då han søkte om det. Dei grunngav avslaget med mellom anna fleire brot på Ver Varsam-plakaten og at han hadde tilbode ein ung mann 400 000 kroner for å fortelje dei historia si.

Det er ei kjent sak for mange at eg bruker mykje tid på Twitter. Uanstendig mykje tid, vil enkelte hevde. Der kan ein tulle og le, tørke ei tåre, få ris og ros, delta i intense debattar, lese tekstar som andre deler, og, ikkje minst, få inspirasjon og idear til eigne tekstar.

MER JARL WÅGE: Senge(u)hygge

@resett.no er òg på Twitter. Dei deltar ytterst sjeldan i alt det vi andre driv med. Dei er der mest for å overvake og få oversikt over kva folk foretar seg. Spesielt oss dei kallar venstresida. Om nokon trakkar dei på tærne, ja, då blir dei sporenstreks hengt ut i bloggen. Gjerne med namn, adresse og telefonnummer. Til og med dette gudsordet frå Ytre Nordfjord ha blitt vegd og funnen tung nok til å fortene merksemd frå dei. Opp til fleire gongar. Det mest lattervekkjande var då eg blei sitert på denne tweeten: «Lol.»

Eigentleg har eg sans for at ein konfronterer folk med det dei uttaler på sosiale media. Men Resett har ein tendens til å starte reine kampanjar mot folk dei vil ta. Dessutan har dei eit kommentariat som blir skikkeleg trigga av kjør mot enkeltmenneskje. Så gud hjelpe den som hamnar i unåde i dette kommentarfeltet og bli skyteskive for vreden deira.

Her om dagen stod følgjande å lese på Twitter: «Forrige uke ble jeg ringt opp av et skjult nummer klokka 3 om natta. Han som ringte var veldig imot hvordan jeg «jobbet mot» Resett. Han sa at han hadde funnet nummeret mitt der og hadde allerede ringt andre. Han fortalte at han skulle kutte over strupen vår om vi fortsatte.»

Han er langt frå åleine om å oppleve slikt. Kritiske røyster får stadig gjennomgå. Resett unnskylder seg med at dei har kommentarfelt for at folk skal få uttrykke meiningane sine og at dei ikkje klarer å moderere alle kommentarar som kjem inn.

Nyleg blei Resett sjølv utsett for ein kampanje. «Aktivistar» på Twitter sende i dagevis e-post til firma som annonserer gjennom Google AdSense, med spørsmål om dei var klar over at dei hadde annonse i «rasistbloggen» Resett. Ei rekke firma sende prompte svar om at det var dei ikkje klar over og at dei augeblikkeleg skulle få fjerna annonsane.

Resett sitt mottrekk var å oppfordre folk til å klikke på annonsane fordi talet på klikk er det som genererer pengar. Men dette var eit klart brot på Google sine reglar, så plutseleg forsvann alle annonsane.

Mange reagerer på at Resett blir kalla «rasistblogg». Men så er det denne spaden som heiter spade, då. Kampanjen dei kjørte mot den unge, somaliske samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali, hadde definitivt rasistiske overtonar. Eller kva skal vi kalle dette utsagnet frå ein artikkel av Mumler Gåsegg: «Jirde Ali, spissen på det somaliske og særdeles aktivt fødende, tunge spydet som er kastet inn i Norge.» Artikkelen utløyste ein slik storm av stygge, grove og rasistiske kommentarar at Resett faktisk måtte beklage.

I vinter blei tidlegare journalist i VG, Lars Akerhaug, tilsett som redaksjonssjef i Resett. Hans programerklæring var at han skulle heve den journalistiske kvaliteten på bloggen. Implisitt sa han altså at kvaliteten ikkje er høg nok. No ventar alle i spening på at han skal sparke i gong aksjon-heve-kvaliteten.

Det er ei kjent sak at utan økonomisk støtte frå ein gjeng med steinrike onklar hadde ikkje Resett sett dagens lys i det heile tatt. Motivasjonen deira for å investere pengar, var at dei ville bidra til å «gjenreise realismen i norsk debatt og nyhetsdekning». Det store spørsmålet er om dei føler at dei har fått valuta for pengane? Visste dei at det var ein blogg dei investerte i eller såg dei føre seg at dei var med på å byggje opp ei ny avis på ytterste høgre fløy?

Resett stampar i motvind, men sjølvsagt er ikkje alt håp ute. Kanskje Lars Akerhaug klarer å heve den journalistiske kvaliteten etter kvart? Kanskje dei til og med tar seg tid til å studere avis-skikk-og-bruk-boka og set seg grundig inn i kva den vanskelege Ver Varsam-plakaten handlar om? Gjer dei det, skal ein ikkje sjå bort i frå at dei ein gong får vere med i det gode selskap. Kanskje Helge Lurås til og med får ete hummar med redaktørforeininga.

Mer fra: Debatt