Debatt

Senge(u)hygge

«Kva blir det neste?» spurde Sylvi Listhaug engasjert då ho i 2017 talte på Oslo Symposium. Du veit, dette arrangementet som, i Listhaug sine auge, er for ordentleg kristne og ikkje sånne hybridar som finst i den norske kyrkja, skriv lektor og samfunnsdebattant Jarl Wåge.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Jarl Wåge

«Kva blir det neste?» spurde Sylvi Listhaug engasjert då ho i 2017 talte på Oslo Symposium. Du veit, dette arrangementet som, i Listhaug sine auge, er for ordentleg kristne og ikkje sånne hybridar som finst i den norske kyrkja. Og ho heldt fram: «At vi opnar for at det kan vere tre i eit ekteskap? Eller fire?»

Og no ser det jammen ut som om det har gått troll i ord. Det byrja så fint og tekkeleg. Med bare to. To kvinner, riktignok. Som skulle dele seng. Ja, til og med regjeringsseng. Høgre og Frp. Den heilage toeinighet. Det var romsleg i senga. Frp på ytterste, høgre flanke. Høgre som stadig åla seg nærmare dei.

Men etter kvart byrja dei å kjenne på ei gnagande tosemd. Høgre trengde nokon til å varme seg på venstresida òg. Men kven? Alle rundt dei hadde forsikra all verda om at opp i den senga skulle dei ikkje. Ikkje så lenge Frp låg der og breia seg.

Men sengekameratane gav seg ikkje så lett. Dei gjorde seg lekre og uimotståelege. For Venstre. Blei reine lokkedamene. Som vi veit kan kåtskap ta styringa over denne og hin. Maktkåtskap òg. Ein kan bli så hinsides korrumpert av det. I
Venstre er det «la det swinge, la det rock`n roll» som gjeld. Prinsipp er til for å bytast ut. Med lovnad om statsrådspostar og plass ved kongens bord blei freistinga for stor. Dei heldt seg riktignok for nasa då dei swinga seg oppi senga. Men oppi bar det. Heilag treeinigheit. Eller ufornuftsekteskap.

Det har gått seg til. Høgre, som den største av dei tre, har lege i midten og tatt støyten når det har røyna på. «Jeg ville ikke ha brukt de ordene,» har Erna Solberg glatta over kvar gong det har blitt for ille. Og kome seg unna med det.

Mykje vil ha meir. Erna er svolten. Kva blir det neste? Fire? Ho har bygd på senga. Invitert enda ein av dei uviljuge. Til firkant. Ein av dei som heller aldri, og dei gjentok: «Aldri» skulle opp i den senga. Frp-lukta var for dei utåleleg.

Det blei ein gloheit haust. Politikk blei interessant igjen. KrF var plutseleg eit djupt splitta, men akk så attraktivt objekt. I alle fall for to av dei tre i senga. Men på ytterste høgre fløy vaks motstanden. Kvifor skulle dei ha med dette vesle «tullepartiet»?

Tullepartiet hadde møte. Tallause møte. Splittande møte. I kvart einaste fylkeslag. Knut Arild Hareide hadde møte med Støre. Bollestad og Ropstad med Solberg. Ho lova å snakke om endring av abortlova. «Ei historisk mogelegheit for å endre henne,» melde ein begeistra nestleiar Ropstad attende. Medan Solberg «ikke ville ha brukt de ordene». Til slutt møtte dei seg sjølve i swingdørene, og eit knapt fleirtal ville «til sengs med fienden».

Og no held Frp seg for nasa. Det luktar kristenmannsblod. Som vi veit, likar Frp å swinge seg i sengehalmen. Om moralistane i Krf kjem opp i senga, i dydige, tilknappa, gule pysjar, blir det ikkje mykje swinging. Berre fingring. Peikefingring.

Dei siste dagane budsjettmøtte dei kvarandre. Firkantmøte. Uendelege og intense. Tautrekkjing. Posisjonering. Kamp om hjartesaker. Om å sette sin signatur på budsjettet. Mellom slaga kom ein frå kvart parti ut og snakka med pressen.
Smilande. Optimistiske. «Vi kjem fram til eit resultat. Eit framifrå resultat. For landet. For folket. For deg og meg.» Og så gjekk dei innatt og trekte vidare i taua. Tirsdag kveld steig det kvit røyk opp frå pipa. Dei kom ut att. Blide. Fornøgde. Med eit ferdigforhandla resultat!

Frp har gått på ytterst motviljuge friarføter. Kanskje med rette. For medan forhandlarane prøvde å skreddarsy eit budsjett, gjekk pinadø den vordande bruda bak ryggen på dei og var utru. I sjølvaste Stortinget.

Det er ikkje så mykje Frp har hatt å vise til av oppnådde regjeringsresultat. Men ein ting skal dei ha. Dei har gjeve det norske folk to flasker ekstra, billeg vin. Taxfree-vin. Bare om ein reiser utanlands, riktignok, og ikkje bruker tobbakkskvoten. Ei viktig symbol- og prestisjesak for partiet.

At Frp er festglade, det veit vi. I fjor festa stortingsrepresentantane for 26000 kroner kvar. Av våre skattepengar. Men sjå om ikkje det hypermoralistiske antialkoholbrudeemnet snappa dei to ekstra vinflaskene og helte dei i vasken.

Kva skal dei skryte av no? Segway? Tja. Lakrispiper? Nja. Krekar? Hysj!

Det er dagen derpå. Mørk etter-ein-rangel-stemning. Kva skjedde med hallelujarop, basunars klang og du och jag och jag och jag til evig tid? «Dei er frustrerte i Frp,» kommenterer dei i radio og på tv. For noko tull. Kall ein spade for ein spade. Dei er dritforbanna, illsinte, rasande, såra, vonbrotne. «Samarbeid handler ikkje om å stikke kniver i hverandre,» sa Siv Jensen. Så vondt gjorde det henne. «Begeret er fullt,» sa ein annan. Og det er ikkje av taxfree-vin.

Erna Solberg har bygd på regjeringssenga. Det som er brennsikkert, er at om «tullepartiet» skulle seie ja, så er det ikkje ei ubesudla, uskuldskvit brud som kjem stigande. Så tilsmussa er ho at det det blir spennande å sjå om Frp då tar med seg nattsokkane sine og bare går sin veg.

«Ekteskapet, ja, det er mellom mann og kvinne!» slo Listhaug ettertrykkeleg fast i ein landsmøtetale for nokre år sidan. Det ho har heilt rett i, er at det kan bli eit frykteleg søl om det skal vere tre eller fire i eit ekteskap.

Mer fra: Debatt