Debatt

Vilkåra for ein sakleg EU-debatt er skrinne

Mange ønskjer ein ny EU-debatt. Eg er ikkje blant dei.

Astrid Sverresdotter Dypvik, rådgiver for Tankesmien Agenda.
Eg kjem til å overlate debatten om eit snarleg norsk EU-medlemskap til Fredrik Mellem og Trygve Slagsvold Vedum også i tida framover, skriv Astrid Sverresdotter Dypvik.
Publisert Sist oppdatert
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Europabevegelsens Fredrik Mellem las innlegget mitt «Diskusjonen vi ikkje treng» og skreiv eit svar (Dagsavisen 6. mai), som handla aller mest om kva Trygve Slagsvold Vedum meiner om norsk EU-medlemskap.

Bakgrunnen for min kommentar var dei ferske meiningsmålingane som viser at nordmenn er langt meir positive til norsk EU-medlemskap enn tidlegare.

Framande statar har sterk interesse av å gjere debatten så skarp og polariserande som mogleg.

Det, kombinert med den urolige situasjonen i verda, har ført til at mange ønskjer ein ny EU-debatt. Eg er ikkje blant dei.

Hovudgrunnen er den urolige tida vi er inne i. Det brenn mange stader, både tryggingspolitisk og økonomisk, men akkurat Noregs tilknytingsform til EU er ikkje staden der det brenn mest akkurat no. Grunnen er at vi har EØS-avtalen.

Norsk debatt om EU-medlemskap skaper sterke motsetnader. Debatten var splittande både i 1972 og i 1994. I 2025 har framande statar sterk interesse av å gjere debatten så skarp og polariserande som mogleg.

Grobotnen for ein polarisert og nedbrytande debatt er sterkare enn på lenge.

Nordmenns bruk av Tiktok og andre sosiale medium gir slike krefter ein lett veg inn. Vilkåra for ein sakleg og opplysande debatt er skrinne.

Samstundes er grobotnen for ein polarisert og nedbrytande debatt sterkare enn på lenge.

Mellem ønskjer meg og Agenda velkomen til å ta det han kallar «europadebatten». Eg kan opplyse om at både eg og arbeidsgjevaren min snakkar og skriv om Europa og verda kvar dag, i form kronikkar, notat og i intervju.

Men akkurat debatten om eit snarleg norsk EU-medlemskap kjem iallfall eg til å overlate til Fredrik Mellem og Trygve Slagsvold Vedum, også framover.

Les også debatt: 9. mai og den store russiske løgnen

Les også: LO går for økonomisk boikott av Israel: – Et historisk vedtak

Les også:EU-landene vil kutte all russisk gass

Les også: Vil du bli grillkonge? Her får du tipsene (+)

Powered by Labrador CMS