Kultur

Kunsten å dyrke ein trio

Plata heiter «Existence» og trioen

Pianist Gjermund Sivertsen har lenge arbeidd med å finne ein trio som spelar «nedpå», men med «såpass mye kreativ friksjon at det blir spennende å lytte til». Utan samanlikning elles la Brad Mehldau tidleg karrieren i veg med innspelingar i serien han kalla «The Art Of The Trio» (vol I-V), og reindyrka formatet på sin måte. I Gjermund Sivertsen Trio spelar Audun «Automat» Ellingsen bass, Hermund Nygård trommer. Tittelsporet som opnar «Existence» har eit lyrisk utgangspunkt der musikken opnar seg i mange retningar, med den meir kraftfulle «Exploring the told truth» som etterfølgjar. Når eit enkelt, vakkert tema opnar «This is how it’s gonna be» tenkjer eg på svensken Jan Lundgrens melodiske svenskejazz i fotefara til Jan Johansson. Ikkje for å samanlikne, men meir som assosiasjonar gjennom musikken som tiltalar meg frå første stund, frå tre musikarar som auser av sine musikalske horn. Gjermund Sivertsen Trio er tre jamaldringar av allereie meritterte jazzmusikarar rundt dei tretti, glitrande på kvart sitt instrument, absolutt kapable til å oppfylle pianistens ønskje.

Dei tre dyrkar formatet gjennom musikk vekslande i uttrykket, mellom lyriske stykke så vakre at sitrar gjennom ein som i «Sundance», eller gjennom den meir ekspressive musikken som «Daydreaming». Heile tida i eit interaktivt samspel mellom tre likeverdige – eit ensembleregime Bill Evans var den første eksponenten for, med sine trioar av sterke einskildmusikantar og solistar som ikkje lenger spela berre i den tradisjonelle triostilen til Oscar Peterson. Komponist og bandleiar Sivertsen har ikkje overraskande hatt pianotimar med «Norewegian Song»-pianisten Dag Arnesen, og oppgir elles både Evans, Bobo Stenson, Keith Jarrett, Edvard Grieg og Chopin som referansar. Ellingsen glitrar på bassen, Hermund Nygård jazzar seg opp i «Don’t tell med what to believe», alt på eit album på tre kvarter slik det skal vere. Det er ti perler på snor, på denne vårløysinga av ei plate.

Operajazz

Ein senior i trioformatet er pianisten Ivar Antonsen i Antonsen Hvalryg Olstad Trio, som på «A Day In The Opera» følgjer opp ein flygeide om å bruke eitt av romma i det nye operahuset i Oslo til innspeling. Antonsen har skrive halvparten av musikken, mens resten er valt ut blant komposisjonar av Kenny Wheeler, Steve Swallow, Bill Evans og Miles Davis («Nardis»). Bassist er Stig Hvalryg, trommeslagar Tom Olstad, og i huset som har utmerkt seg med den gode akustikken leigde dei eitt av prøveromma med framifrå resultat. Antonsen prega den norske jasscena i mange år før han slo seg ned som musikar og lærar i USA i 20 år, attende på jazzscena i gamlelandet med tidlegare eller nye medspelarar. I fjor i sterkt duosamarbeid på plata «Duologue» med Vigleik Storaas. Hvalryg og Olstad har fartstid i mange band, og med den fine utgjevinga «A Day In The Opera» har dei gjort ære på husets akustikk.

Høgspenningjazz

Sterke meldingar kom i førevegen for bandet Marvel Machine og det sterkt lada albumet med den opplagde tittelen «Volt/Revolt», som burde få ein straumleverandør som Hafslund som sponsor, om dei ikkje alt har fått det. Bak står gitarist Petter Vågan, bassist Rune Nergaard og trommeslagar Henning Carlsen, og det nye plateselskapet Gigafon som Vågan har starta saman med Gard Nilssen, og som også har eit nytt album frå det apparatfikserte bandet Lord Kelvin på vårplanen. Marvel Machine er elles opphavet til fantasiuniverset Marvel Universe, men er her namnet på ein trio som slepper kreftene laus på ei «fullstendig improvisert plate som gir seg ut for å være en samling låter», som det heiter. Med opphav i jazzlina i Trondheim har musikarane prega ei rad band frå Bushmans Revenge til Trondheim Jazzorkester, og tek med dette albumet kanskje hemn over dei alle, om vi følgjer den sjølvironiske tonen i presentasjonen. God volt. Eller revolt, alt ettersom.

Gjermund Sivertsen Trio

«Existence»

Pling (Musikkoperatørene)


Antonsen Hvalryg Olstad Trio

«A Day In The Opera»

Ponca Jazz (Musikkoperatørene)


Marvel Machine

«Volt/Revolt»

Gigafon (Musikkoperatørene)

Powered by Labrador CMS