Kommentar

Krigens uuthaldelege letthet

Det verkar som det er lettare å føra krig mot dei me peiker ut som fiendar enn det er å snakka med dei.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Då Sovjetunionen braut saman på byrjinga av 1990-talet, hadde den russisk-ortodokse kyrkja vore meir eller mindre forboden i over sytti år. Trass i dette, og trass i sytti år under eit erklært ikkje-religiøst, ja til og med antireligiøst styre, tok det ikkje meir enn to-tre år frå Sovjetunionen forsvann før denne kyrkja, med sine høge hattar, sin røykelse og sine magiske ritual igjen var den viktigaste maktfaktoren i det nye Russland. Dei sovjetiske leiarane sin tanke om at dei kunne endra kulturen mellom folk med tvang vart knust i eksperimentet. Eg tenker det same når eg ser Taliban sine leiarar lande i Oslo denne veka.

Nokre millionar til privatfly for å snakka med folk me ikkje likar, er så utruleg mykje betre enn tjue milliardar til krigføring

Det er særs få, om nokon i heile Noreg, som synast Taliban sitt styresett, verdiar eller for den saks skuld si tolking av islam er verdt å ta vare på. Taliban kjem verkeleg frå eit framand land for dei aller fleste av oss. Ikkje berre geografisk. Difor er debatten som har rasa dei siste vekene så merkeleg. Som om det var eit slags tillitsvotum frå Noreg i denne vitjinga. Eller at deira nærvær er eit hån mot soldatar og sivile frå Noreg som mista livet i den tjue år lange krigen i landet. For meg er det at det er nett Taliban som sit med makta att i Afghanistan, det som krev både drøfting og sjølvransaking.

I tjue år førte Vesten krig i Afghanistan. Berre Noreg brukte over ein milliard i året, halvparten på bomber og granatar, halvparten på bistand. Dei sju millionane som det omtala privatflyet kosta, er ein drope i dette havet. Tala på omkomne i krigen er varierande, men det er ein stad mellom 150.000 og 200.000 menneske som har mista livet. Av desse opp mot 50.000 afghanske sivile. Dei ti norske soldatane og dei norske sivile som mista livet, vert diverre ei drope i dette havet. Det er ikkje Noreg som er offeret i Afghanistankrigen, det er det afghanarane og afghanske samfunnet som er.

Det store paradokset er at sjølv om me førte krig i to tiår, sjølv om ein heil generasjon har vakse opp under «våre» vengjer, så er det som ingenting har skjedd. Taliban kom attende i det minuttet vesten trakk seg ut. Det burde vere ei lærdom å hente der, om moglegheita ein har til å endra eit land utanfrå, ovanfrå eller med våpen i hand. Noko å lære ikkje berre for dei av oss som var mot krigen frå byrjinga, men også for dei som har støtta den. Men det synest ikkje slik på debatten som starta denne veka. Tvert om synast det som om krigen, og vår medverknad til den er gløymd. At alle orda og retorikken som openbert var feil, aldri har vorte uttalt. At norske våpen ikkje har medverka til okkupasjonen av eit framand land i to tiår.

Det synast som krigsretorikken er like lett gløymd som han er sagt desse tiåra me har vore med på okkupasjonen. Ein krigsretorikk, eller propaganda som det og kallast. Me har bomba for kvinnene, for fridom, for ungdommen, for eit moderne demokratisk Afghanistan, men aller mest mot terror og mot Taliban. Men når me trekk oss ut, er det dei som tek over. Ikkje av di dei er vondare eller meir terroristiske enn andre, men av di dei, av grunnar eg ikkje er i stand til å forstå fullt ut, er den makta med størst støtte i Afghanistan.

Det som er mest uforståeleg for meg i dette, er kor enkelt det har vore for oss å gå til krig og kor lite refleksjon me tilet oss rundt krigen og fiendebileta me må skapa for å rettferdiggjera krigen. Afghanistan, Irak, Libya, sjølv Syria vert framstilt som enkle spørsmål om rett og gale når tida for våpen nærmar seg. Me lærer i skulen om fyrste verdskrigen, Bosnia, Rwanda og ein heil masse andre krigar og konfliktar kor fiendebileta og retorikken på førehand har gjort krigen mogleg. Om korleis sanninga er det fyrste offeret for krig. Men når det nærmar seg at USA skal ut på slagmarka att og vil ha Noreg med seg, så er det berre ein ting som gjeld, og det er andre verdskrigen. Fienden er alltid berre vond, og liknar mest av alt på Adolf Hitler.

Medan frontane vert hardare rundt grensa til Ukraina, førebur pressa og den offentlege debatten seg på krig att. Som i 2014, då konflikten rundt Krim sto, vert Putin vondare og vondare for kvar dag. Det kjem artiklar og kommentarar i aviser som fortel at Putin har skulda for straumkrisa, for brexit, for storminga av senatet i USA, for støtta til Trump og alt som elles er gale i Vesten. Standpunkta til Russland vert knuste og gjort til latter. Aldri har vel Vesten lova å halda seg vekke frå nærområda til Russland. Ikkje er det noko problem om Nato er på alle kantar rundt landet. Og så bortetter. Og skulle ein stille spørsmålsteikn med noko av dette, så er dommen klar på førehand. Då er ein apologet for Putin. Ein støttar diktatur og er nærast ein agent for vondskapen. Slik dei som var mot krigen i Irak blei sagt å støtta Saddam, dei som protesterte på bombinga av Libya støtta Gaddafi, og regjeringa som no syt for at makthavarane i Afghanistan snakkar med omverda om den humanitære katastrofen me har vore med å skapt der, skuldast for å støtte Taliban sitt styre.

Eg tenker at ryggmergsrefleksen vår skulle ha vore det motsette. Di nærare me kjem krigen, jo meir bør me legga inn på å freista å sjå verda frå motstandarane si side. Freista å forstå kva som er fornufta i deira tenking. Di meir skulle me vore skeptiske til idiotiske påstandar som at Putin har skulda for straumprisane i Europa, eller at det er russisk manipulasjon som gjer at vanlege folk i England ikkje vil vera med i EU.

For uansett korleis me snur og vrir på det, så er krig det verste me har. Den øydelegg alltid meir enn den skapar, og kan me unngå den så skal me gjera alt i vår makt for å få det til. Det bør væra lærdommen frå vår lengste krigsdeltaking i moderne tid. At nokre millionar til privatfly for å snakka med folk me ikkje likar, er så utruleg mykje betre enn tjue milliardar til ei krigføring som ikkje gjer noko anna enn å øydelegge.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen