Gamlekongen, Olav den femte, han som var konge då eg var liten, heldt ikkje dei mest spektakulære nyttårstalane. Det var korte og noko rutinemessige oppramsingar av reiser han hadde gjort eller skulle gjera det neste året, og så eit eller anna om krigen. Sjølv langt ut på åttitalet handla det om krigen. No førti år etter dei talane eg minnest best, skjønar eg kor kort tid det var sidan for dei som hadde levd gjennom dei åra. Den gongen kunne det like gjerne vore svartedauden han snakka om. Mot slutten av talen heva han alltid blikket opp frå manusarka og sa med den oppsiktsvekkande ljose stemma si «og så vil jeg sende en spesiell hilsen til alle våre sjøfolk på de syv hav og i fremmede havner».
Eg trur me har busett oss i Nordsjøen for godt
Denne årlege helsinga var ei påminning om at Noreg var ein sjøfartsnasjon, der mange nordmenn kvart einaste år feira jul og nyttår ein eller anna stad på havet eller i ei hamn langt vekke. Sjøfolka fekk vanlegvis ikkje så mykje, verken ære eller løn for strevet av det norske samfunnet. Gjennom to verdskrigar hadde dei brakt oss vår ære og vår makt, og ofra liv og helse for det, men generasjonen min kjende sjøfolka best frå parkane, kor nokre av dei samla seg med flasker, tatoveringar og eit liv på utsida av det norske samfunnet. Helsinga frå kongen på nyttårskvelden var ei anerkjenning, men og ei sår påminning om kor lite sjøfolka talde resten av året.
[ Alle taper på en alles kamp mot alle ]
I dei tretti åra som har gått sidan Olav blei erstatta av Harald, har sjøfolka vorte endå lenger vekke frå offentlegheit og samfunn. Noreg er no eit land med søkkrike skipsreiarar, men få sjøfolk. Ved sist teljing var det om lag 20.000 sjøfolk att, der dei fleste har arbeidsdagen sin på ferjer og fraktebåtar langs kysten. I utanriksfarten er det ein del offiserar med norsk pass, men dei aller fleste som har sitt daglege arbeid på norskeigde skip kjem i dag frå land kor lønns- og arbeidsforhold er langt unna noko ein kan brødfø seg på i Noreg. Som dei norske sjøfolka før dei, lever dei liv som aldri hadde vore godteke om det var på norsk landjord. Sjøen er og blir ein stad kor andre reglar gjeld, og det er få som lenger reknar Noreg som ein sjøfartsnasjon.
Men noko nytt har skjedd i desse åra. For om me ikkje driv like mykje med sjøfart, så har sjøen vorte endå viktigare for oss enn det han var. Me har alltid henta fisken frå havet, men dei siste femti åra har me også henta rikdom frå olje og gass. Fyrst i Nordsjøen, så i Norskehavet og Barentshavet. Og i den prosessen har me ikkje berre farta på havet. Me har kolonialisert det. Fyrste på Ekofisk, så på felt etter felt har me satt opp bustadar ute i det villaste havet. Kvar einaste natt søv det fleire tusen i lugarar på plattformene i Nordsjøen. På skaft av betong eller stål kviler det bygder med folk som lever arbeidsliva sine langt frå land. Over tjue tusen i talet er dei, der dei fleste jobbar to veker på og fire veker av. Som sjøfolka før dei, et dei julematen sin langt frå familie og vener, og ser nyåret kome over skumtoppane som slår mot dei.
[ You go, man! ]
Denne verksemda er langt meir enn å hente opp olje og gass frå havbotnen. Den rommar fleire under som me i Noreg både skal vere stolte av, og som me kan bygga framtida vår på. Det er til dømes norsk teknologi me brukar, både til å ta opp ressursane og til å leva trygt der ute. Og det er me, det norske samfunnet, som får aller mest ut av rikdommen frå havbotnen. Begge deler er sjeldsynt i oljeverda, og må reknast som norske oppfinningar. Men det er noko meir, og større som dei nye sjøfolka har med seg der ute i havet som me verkeleg kan ha nytte av og etter at oljealderen tek slutt.
For det fyrste er det kolonialiseringa i seg sjølv. Me har lært oss å bu og leva i Nordsjøen, å ha arbeidsdagar på havet og liv på land. Me har bygd installasjonar og infrastruktur langt der ute. Og dei som lever der, er ikkje som sjøfolka. Dei lever ikkje liv utanfor lov og rett. Tvert om. På vegen, særleg etter Alexander Kielland ulukka, har Nordsjøen vorte ein del av det norske fastlandet. I staden for å oppheva arbeidsmiljølova, har me skapt eit tryggingsregime i sjøen som er strengare enn det på land. Det er farleg å jobba der ute, men me har lært oss å verna dei som gjer det så godt me kan. Dei får skikkeleg løn og deira helse er vår helse.
Slikt kjem ikkje av seg sjølv, det har vore ein kamp, og det er ein kamp framleis. Det ser me når arbeidet der ute gjerast av sjøfolk i båtar og ikkje frå busetnadane. Då gjeld ikkje norsk lov lenger, og verken oljeselskap eller myndigheiter gjer noko for å endre på det. Når oljeprisen fell, startar diskusjonane med ein gong om ikkje tryggleiken har gått for langt no, om det ikkje kan sparast pengar på helse, miljø og tryggleik. Men like fullt. Berre at me diskuterer det, og slost om det, syner det viktigaste. Sokkelen er like mykje Noreg som industrien på land.
Desse undera, desse prestasjonane, er det viktig å hugsa når me snakkar om framtida. Om kva me skal leva av. Eg trur me har busett oss i Nordsjøen for godt. Me treng å vera der når me skal driva store havvindparkar. Det er ikkje mangel på vind der ute, og om me er lure legg me havvindparkane der plattformene allereie er. Sjølv dei håplause kraftkablane me har lagt ut for å reinvaska oljesamvitet vårt, kan verta nyttige om dei tek krafta frå vindmøllene inn til industrien på land. Og havbruka, oppdrettsanlegga som no ligg i dei norske fjordane, må ut på havet, i lukka anlegg om me ikkje skal øydelegge fjordar og fisk når verda treng meir føde. Dei vil trenga folk som passar dei, dei som treng å bu ute i havet. Legg dei nær Nordsjøbygdene på Statfjord, Gullfaks, Ekofisk og dei andre. Og om ikkje det er nok, så er havbotnen full av mineral, og under mineralane ligg det termoenergi. Alt dette kan me trenga i ei ikkje alt for fjern framtid. Og det gir dei nye sjøfolka, oljearbeidarane av i dag oss moglegheita til.
Difor håpar eg at den nye kongen, han som vert gamlekongen for ungane mine, tek seg tid til å senda ei helsing slik som far sin. Til dei som feirar det nye året ute på havet, langt frå vener og familie. Dei gjer det for oss.