Kommentar

Galskap utan system

Det vert fleire og meir alvorlege skadar etter uhell med elsparkesyklar. Kva kan gjerast?

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Eg har sett det. Du har sett det. Alle som ikkje medvite let att augene for det, har sett det. Vanvitet rår i hovudstadens offentlege rom.

Ein far cruisar gjennom parken på elsparkesykkel med den vesle dottera si på skuldrene.

Eit par fyk oppover gata på same elsparkesykkel medan dei drikk av kvar si flaske vin.

Unge gutar køyrer elsparkesykkelslalåm med fotgjengarar som portar og konkurrerer seg i mellom om å passere dei tettast mogleg, som Henrik Kristoffersen på speed.

Det biletet som best representerer Oslo sommaren 2021 viser verken Operaen, Vigelandsparken eller ferieidyll i marka eller på fjorden, men eit snes velta elsparkesyklar i grelle kulørar som blokkerer eit sentrumsfortau.

Då elsparkesyklane først dukka opp, kjende eg ein intuitiv motvilje, men denne var ikkje basert på noko anna enn at eg rett og slett syntest det såg heilt teit ut, spesielt viss elsparkesyklistane var over ein viss alder, nemleg min eigen.

Dette er jo eit temmeleg svakt argument, som eg sjølvsagt ville ha måtta leggje vekk viss det hadde vist seg at elsparkesykling faktisk var ein praktisk, miljøvenleg og trygg måte å bevege seg i byen på.

Men det er ikkje dét som har vist seg, for å seie det svært mildt. Snarare har ein uregulert og til dels useriøs bransje gjort sitt for å skape kaos og vantrivsel i byens gater. For dei fleste av oss er elsparkesyklane først og fremst eit irritasjonsmoment i kvardagen.

Sjølv om dei ikkje har gjort det til no, er det lov å håpe at utleigeselskapa i framtida syner samfunnsansvar.

Men blinde, svaksynte og personar med rørslehemmingar vegrar seg for å gå ut.

Ikkje minst representerer elsparkesyklane ein betydeleg helserisiko for brukarane sjølv. Uvettig elsparkesykling kan føre til alvorlege og varige skadar. Det burde vel eigentleg seie seg sjølv, men viss det ikkje skulle seie seg sjølv så har vi dokumentasjon.

Tysdag heldt Oslo skadelegevakt ein pressekonferanse om emnet. Der kom det fram at 30 % av alle som kom til skadelegevakta på nattestid var forulukka elsparkesyklistar. Ein stor andel av ulukkene skjer mellom klokka midnatt og klokka 03.

Meir enn halvparten av dei skadde var påverka av alkohol.

Vaksne menneske har lov å drikke alkohol i Noreg. Spørsmålet er om dei burde ha i praksis uavgrensa avgang til motoriserte doningar. Skadelegevakta meiner nei, og bed utleigeselskapa om sjølv å ta ansvar og nattestenge elsparkesyklane.

Dét ville vere klokt. Sjølvsagt er det ikkje gitt at kommersielle bedrifter frivillig vil innføre tiltak som avgrensar deira eigne inntekter, men samstundes har dei òg eit omdøme å ivareta.

For situasjonen er alvorleg. I juni var det 421 skadar etter bruk av elsparkesykkel i Oslo. Det er ei dobling samanlikna med same månad i fjor. Sidan 2019 har fleire hundre menneske i Noreg fått varige skadar etter elsparkesykkelulukker.

Problemet er klart størst i hovudstaden, men gjer seg òg gjeldande andre stader. NRK kunne nyleg melde at i løpet av berre fire dagar måtte sju barn i Viken fylke ha medisinske tilsyn etter å ha skada seg på elsparkesykkel. Tre av dei vart sende til sjukehus. Den yngste av desse var seks år.

Det uregulerte og uansvarlege frisleppet av elsparkesyklane under det då Frp-styrte Samferdsledepartementet for to år sidan er beint fram ein skandale. Fråveret av reglar på feltet har i praksis fungert som ei oppmóding til uansvarleg bruk av syklane. Det har ført til mange skadar og mykje unødvendig ressursbruk i helsevesenet.

I løpet av 2021 har det kome nye, meir restriktive reglar. Mellom anna er det opna for at kommunane sjølv kan regulere antalet elsparkesyklar. I Oslo skal ein etter kvart ned i 8000.

Sjølv om dei ikkje har gjort det til no, er det lov å håpe at utleigeselskapa i framtida syner samfunnsansvar. Kommunen bør merke seg kva selskap som eventuelt tek det ansvaret, og kven som veljer å la vere.

Hold deg oppdatert! Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen her