Debatt

Ei brutal «spionjakt»

Kven står opp mot Irans forfølging av religiøse minoritetar?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det sjia-islamske prestestyret i Iran går hardhendt til verks mot både bahai-samfunnet og konvertittar frå islam til kristen tru.

Dei siste dagane er kring eit dusin bahaiar arresterte i Iran etter ei bølgje av razziaer ulike stader i den sjia-islamske republikken. Utan å leggja fram eit fnugg av bevis, har Etterretningsdepartementet skulda dei arresterte for å vera spionar for Irans hovudfiende i Midtausten, Israel.

Prestestyret gjer alltid kjettarjakt til storpolitikk.

Etterretningsdepartementet hevda i ei fråsegn måndag denne veka at dei arresterte er knytte til Bahai-senteret i Israel og at dei har samla og utlevert informasjon i Israel. Dette er fabrikkerte og absurde skuldingar, svarar Det internasjonale bahai-samfunnet.

Johannes Morken

Det enkle faktum er at det styrande organet for internasjonale bahaiar, Universal House of Justice, har hatt base i den israelske byen Haifa sidan før staten Israel blei oppretta. Iran har ikkje lagt fram eit einaste prov på at dei arresterte har gjort noko som helst ulovleg, melder The Washington Post.

Ifølgje Bahai World News blei 13 fengsla etter husrazziaer hos 52 bahaiar. Tre av dei 13 arresterte – Mahvash Sabet, Fariba Kamalabadi og Afif Naemi – har tidlegare vore fengsla i eit tiår. Dei er kjende samvitsfangar og veit godt kva det sjia-muslimske prestestyret er i stand til.

Det iranske prestestyret reknar bahaiane for å vera kjettarar. Bahai-samfunnet har vore forfølgd heile tida sidan den islamske revolusjonen i 1979.

Presset mot bahai-samfunnet vart ytterlegare skjerpa då ein heil bahai-landsby i provinsen Mazandaran i nord vart totalt isolert: Vegar vart blokkerte, mobiltelefonar er konfiskerte, fleire hus er øydelagde og folk som yter motstand, risikerer fengsling, ifølgje Bahai World News.

Det iranske prestestyret reknar bahaiane for å vera kjettarar. Bahai-samfunnet har vore forfølgd heile tida sidan den islamske revolusjonen i 1979.

I ein fatwa i 2013 bad Irans øvste leiar, ayatollah Khamenei, folk om å unngå all kontakt med bahaiar. Slik skulle den religiøse minoriteten gjerast til religiøst spedalske i ayatollah-riket.

Prestestyret, som er under internasjonalt press om atomavtalen, har også den siste tida fengsla filmskaparar og reformvenlege politikarar. Også utlendingar, mellom anna ein svensk statsborgar, er bura inne skulda for spionasje.

Liknande skuldingar som bahaiane vert utsette for, vert ofte brukte når konvertittar til kristen tru vert bura inne. Konvertitt-kristne er ein sterkt veksande minoritet. Dei utgjer kanskje ein million – men dei har forbod mot å gå inn kyrkjedører i Iran.

Kristne som er armenarar og assyrarar er godkjende i Iran, som andreklasses borgarar. Konvertittar vert derimot direkte forfølgde, på line med bahai-samfunnet.

Menneske som har snudd ryggen til islam og konvertert, vert stempla som medlemmer av «fiendtlege grupper» eller «ein sionistisk kult» og ofte dømde for å «handla mot nasjonal tryggleik».

Ein av dei iranske pastorane som sonar lengre fengselsdom, er Yousuf Nadarkhani. Han er dømt for å ha organisert huskyrkjer og for å ha «promotert sionistisk kristendom».

For 10 år sidan blei pastoren frikjent for dødsdom for fråfall frå islam. Men han er altså seinare dømt og sperra inne på eit anna og mykje brukt grunnlag som har sendt mange kollegaer av han i fengsel – eller i eksil.

Irans kjettarjakt rammar også advokatar som tek saker som regimet meiner handlar om nasjonal tryggleik. Advokat Mohammad Ali Dadhkah som forsvarte Nadarkhani då han til slutt blei frikjent frå dødsdommen i 2012, blei sjølv dømt og fengsla for «propaganda mot regimet». Han vart sperra inne om lag samstundes som klienten vart sett fri.

Etter at advokaten for ni år sidan vart sett fri på prøve, er saka til advokat Dadhkah på nytt blitt henta fram att i den siste arrestasjons- og fengslingsbølgja. No sonar advokaten og pastoren i same berykta fengsel i Teheran.

Å be ein kjent norsk eks-politikar som støtt snakkar varmt om Iran, om å protestera, fører truleg ikkje til noko.

Derimot etterlyser eg aktive politikarar som står opp for bahaiane, konvertittane og dei modige hjelparane deira i Iran. Båe dei fredelege gruppene har rett til å samlast om det dei trur på, saman med folk som trur på det same, utan risiko for å bli fengsla eller bli grunnlaust stempla som spionar eller som fare for den iranske statens tryggleik.

Korleis lyder utanriksminister Anniken Huitfeldts protest mot Irans brutale kjettarjakt?

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt