Debatt

Kvinnekamp i Senterpartiet?

Vi kjenner oss ikkje igjen i «gutta-partiet» som Jacobsen skildrar.

I Senterpartiet blir medlemmer og politikarar møtt for den personen dei er og dei eigenskapane dei har, ikkje kva kjønn dei definerer seg som, skriver innleggsforfatterne. På bildet: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Justisminister Emilie Enger Mehl (SP)
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I eit innlegg i Dagsavisen 6. januar etterlyser Sara Reitan Jacobsen fleire kvinner i Senterpartiet.

Her er vi!

Senterpartiet er nemleg blant dei partia med aller best kvinnerepresentasjon.

I tilfelle Jacobsen var i tvil: halvparten av dei 28 stortingsrepresentantane våre er kvinner. Likeins er kjønnsfordeling i Senterpartiet sitt sentralstyre 50/50. På fylkesnivå er 49 av 99 fylkestingsrepresentantar kvinnelege. Etter vala i 2019 og 2021 var kvinnedelen blant Senterpartiet sine seks ordførarar og fire stortingsrepresentantar under 30 år høvesvis 80 prosent og 100 prosent.

Ei av dei mest sentrale senterpartipolitikarane, parlamentarisk leiar Marit Arnstad, er kvinneleg. Emilie Enger Mehl har ein av dei tyngste ministerpostane. Landbruks- og matminister Sandra Borch er statsråd for ei av dei viktigaste næringane i landet. Kjersti Toppe og Anne Beathe Tvinnereim er statsrådar for nokon av dei mest sårbare både i Noreg og i verda elles.

I Senterungdomen sitt sentralstyre, der vi sit, er fem av ni styremedlemmer kvinner. Elles var 16 av 19 unge toppkandidatar i stortingsvalget i 2021 kvinner. Slik kan vi halde fram lenge, men poenget er at Jacobsen bommar grovt i sine utsegn og påstandar om Senterpartiet.

Fra øverst til venstre: Mailinn Stoveland, Andrine Seppola, Dordi Boksasp Lerum, Tina-Evelyn Buvarp, Anne Martiine Brox-Antonsen og Dorthea Elverum (Senterungdommen).

I Senterpartiet blir medlemmer og politikarar møtt for den personen dei er og dei eigenskapane dei har, ikkje kva kjønn dei definerer seg som. Tvert om er ytre faktorar, som til dømes netthets og trugslar, faktorar som gjer at både kvinner og menn vel å trekkje seg heilt eller delvis frå politikken – uansett parti.

Er du anten ung, kvinne, har minoritetsbakgrunn eller er frå Nord-Norge, er du ifølgje undersøkingar svært utsett for hets og trugslar som politikar.

Det er bekymringsverdig for demokratiet vårt.

Apropos hets: det er både kjønnsstereotypisk og frekt av Jacobsen å setje merkelappar som «hard» og «mjuk» på dei kvinnelege statsrådane våre berre fordi dei er nettopp det: kvinner. Folk er vel både harde og mjuke – og alt i mellom, uavhengig av kjønn.

Ville ein delt inn dei mannlege statsrådane i dei same to kategoriane? Tvilsamt.

Jacobsen bagatelliserer ei rekkje kvinnelege politikarar som kvar dag står på som folkevalde når ho påstår at lågare straum- og drivstoffprisar og nasjonal beredskap ikkje er «kvinnesaker» eller at det eineste kvinnelege senterpartistar uttalar seg om er å ha mottatt ubehagelege SMS-ar. Hennar påstandar kan enkelt motbevisast med noko så simpelt som eit Google-søk, om ein skulle vere interessert i ein faktasjekk.

Det er heilt greit å vere usamd i Senterpartiet sin politikk, men det kan vere ein fordel å uttale seg på bakgrunn av fakta som har rot i røynda – særleg når realiteten i praksis er motsett av det Jacobsen påstår i innlegget sitt. Slike utsegner kan i verste fall bidra til større politikerforakt, noko hending på hending i Noreg og i verda syner at ingen er tent med.

Vennleg helsing seks unge, kvinnelege politikarar på team Vedum som ikkje kjenner seg igjen i «gutta-partiet» som Jacobsen skildrar

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt