Debatt

Sorteringssamfunn

Vedtaket er eit brutalt brot med alle våre stolte, humanistiske tradisjonar, skriver Jarl Wåge.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Jarl Wåge, skribent

«Kva er det som gjer at enkelte politikarar ser på kristne flyktningar som meir høgverdige menneskje enn andre og difor meiner at dei skal proioriterast her i landet?» Dette spørsmålet har stadig dukka opp i tankane mine i det siste.

Dette også: «Kva er det som gjer at slikt tankegods ikkje kontant blir avvist av regjeringa?»

Då Sylvi Listhaug for ikkje lenge sidan sidan gjekk ut i media og forkynte at Frp vil prioritere kristne kvoteflyktningar, trekte eg litt på skuldrene og registrerte det som enda eit utspel for å tiltrekkje seg fundamentalistiske kristne samt det innvandrings- og muslimfiendtlege veljarsegmentet her i landet som ser ut til å trivast utmerkt med Frp sin politikk. Grunngjevinga til Listhaug er at Noreg er eit land med kristne tradisjonar og at kristne flyktningar lettare kan integrerast.

Ho er dessutan sikker på at dette er noko folk flest vil forstå og vere einige i.

Personleg har eg mykje større tiltru til folk flest enn at dei tykkjer det er akseptabelt å sortere menneskje ut i frå kva slags gud dei trur på i staden for å ta imot dei flyktningane som har mest bruk for ei naudhamn uansett tru, farge, kjønn eller legning.

No er ikkje dette nye tankar frå Frp-hald. I august sa partiet sin innvandringspolitiske talsmann, Jon Helgheim, at Noreg bør stanse all innvandring frå ikkje-vestlege land fordi han meinte at slike innvandrarar ikkje bidrar med noko positivt. Igjen er det sorteringstanken som gjer seg gjeldande. For kva er det som kjenneteiknar ikkje-vestlege innvandrarar? Dei har ein annan hudfarge enn Helgheim og har ein tendens til å tru på andre gudar enn han gjer.

Desse ideane har fylgt Frp så lenge partiet har eksistert.

Ja, enda lenger. Han som «eigde» Anders Langes parti, forløparen til Frp, støtta apartheid i Sør-Afrika og skreiv mellom anna om norske politikararar på Stortinget som var motstandarar av raseskiljepolitikken: «Nesten alle her holder med den fargede voldsforbryter. Man oppmuntrer alt og alle som kan ødelegge den hvite rase.» (Referert i Dagsavisen, 31. oktober 2016).

Då Listhaug lanserte ideen om prioritering av kristne flyktningar, arkiverte eg det altså som enda eit agn til meir høgreekstreme veljarar og tenkte. «Ferdig med det». Men den gang ei. Det har seg nemleg sånn at etter at Frp trekte seg ut av regjeringa, held dei Erna og Co som ein slags gislar. Vil dei halde fram med å styre landet, må dei samarbeide med Frp. Då må dei mørkeblå få gjennom nokre av sine kjernesaker.

Dermed står det stadig kamelbiff på regjeringsmenyen.

Slik skjedde det i dei dagar at det blei gjort vedtak om sortering av kvoteflykningar gjennom å prioritere kristne forfylgde. Riktignok er vedtaket pynta på, nyansert og gjort lettare fordøyeleg av regjeringspartia, men det er tydeleg at deira omskriving med to do ikkje harmonerer med Frp sine krav.

Kjell Inge Ropstad prøvde seg med ein lovnad om at det ikkje bare er kristne som skal prioriterast og ramsa opp barnefamiliar, ulike land og folk som blir forfylgde på bakgrunn av seksuell legning.

Sylvi Listhaug gav straks svar på tiltale og fastslo at det ikkje må vere den minste tvil om at regjeringa har forplikta seg til å prioritere kristne kvoteflyktningar. Ho lova i tillegg at dei skal vere vaktbiikkjer og passe på at dette blir gjennonnført etter intensjonane. Om regjeringa skulle prøve å tolke vedtaket på ein annan måte enn Frp, vil det ubønnhørleg bli rasla med regjeringskrisevåpen.

Vedtaket er eit brutalt brot med alle våre stolte, humanistiske tradisjonar. Det sender fryktelege signal til omverda om at i dette landet er nokre menneskje meir verdt enn andre.

La oss tankeeksperimentere litt og sjå føre oss eit scenario der Frp har fleirtal og sit med makta åleine her i landet. Då hadde ikkje Noreg tatt imot ein einaste kvoteflyktning «i overskuelig fremtid,» som Helgheim uttrykkjer det. Ingen muslimar, sjølvsagt. Lifleg musikk i øyra til organisasjonen Stopp Islamiseringa Av Norge, SIAN. Vi hadde dermed unngått både SIANsk islamisering og Siv Jensensk snikislamisering. Kristne hadde, ironisk nok, heller ikkje sleppt gjennom nålauget.

Ein kvoteflyktning er ein kvoteflyktning og altså persona non grata. 

I Frp-land hadde grensene vore stengde for innvandrarar frå ikkje-vestlege land. Ei fleirtalsregjering frå Frp ville kunne byggje mur rundt Noreg og ta full kontroll over kven som kjem hit til landet. Når dei verken vil sleppe inn kvoteflyktningar eller ikkje-vestlege innvandrarar, vil dei nok bare ta imot folk som er som dei sjølve; kvite i huda og «kristne» i hjartet. Folk som drikk sprit, et svin og handhelsar (det siste når pandemien er over).

«Norge, kjempers fødeland» hadde blitt eit «Noreg for nordmenn». Landet som har fått det ærefulle oppdrager å dele ut Nobels fredspris, ein pris som skal heidre dei som går i bresjen og kjempar for humanisme, menneskerettar, likeverd og fred, hadde blitt eit inhumant land der menneskja blir rangerte på ein verdiskala.

Kristne verdiar, som partiet stadig pyntar seg med, ville blitt trakka ned i søla.

Sorteringssamfunn. For eit grotesk ord. Så uendeleg mange grimme assosiasjonar det gjev. Men eit politisk system som vedtar, om enn aldri så motviljug, å prioritere folk ut i frå kva for ein gud dei ber til, har lagt til rette for sortering.

Mer fra: Debatt