Kommentar

Mot polarisering, eller nye fellesskap?

Alle ser at miljøpolitikk blir kraftig polarisert. Men kan klimakrise og tap av naturmangfald også legge grunnlaget for nye fellesskap?

2019 var året då klima vart polarisert, slik debatten om ulv og skogbruk var det frå før. Vindkraft, kjøttskam og streikande ungdom provoserte, og sterkt polariserte haldningar vart synlege ved val og i offentleg debatt. Til dømes om mat.

Vi menneske bur på om lag 1 prosent av verdas landareal, men vi har teke i bruk over 70 prosent til landbruk og infrastruktur.

Gjennom det har vi også starta utrydding av artar i eit hittil ukjent tempo, og bygd ned viktige karbonlager i skog og jord. Industrialisert landbruk, og produkt som storfe, soya og palmeolje er den viktigaste drivaren. Det siste året har dette fått kraftig auka merksemd med FNs klimapanel sin spesialrapport om landområde og FNs naturpanel sin hovudrapport. Det har også sett maten i sentrum for miljødebatten.

For mat er den store drivaren. Kjøtt, særleg storfekjøtt, men også soya (som vert brukt til fôr) og andre landbruksprodukt. Kosthald, handel, distribusjon og produksjon – alt heng saman i eit stort system som har avgjerande tyding for kloden. Og for helsa vår.

Det blir sikkert fleire vegetarianarar, men viktigast er at vi alle blir flexitarianarar – at vi må tilpasse kosthaldet på mange ulike vis til det naturen tåler.

Det kan bli polarisert og konfliktfylt?

Det skjer ikkje av seg sjølv, for mat er viktig for oss. Det er nært. Når mat – som bil, vindkraft og ulv – blir ei stor miljøsak kan det fort auke polariseringa. Dessverre, eller heldigvis. Dessverre fordi polarisering og kulturkamp er det siste vi treng. Heldigvis, fordi det er for viktig til å drukne i kvelande semje.

Kvifor vil det gje ei så sterk konflikt:

• Eg var inne på det første, fordi det endrar vanar og tradisjonar, det blir identitet. Identitet kan vere knytt til ein næringsveg (gardsdrift eller sauehald), ein jaktkultur, det lokale turterrenget, julematen, store abstrakte konsept som religion eller nasjon. Det har alle ingrediensar for å bli del av eit narrativ om korleis eliten av ekspertar grip inn i folks liv, eller i våre tradisjonelle fellesskap.

• Men også fordi klima er eit økonomisk og sosialt spørsmål, på to vis: 1) Mange av dei mest effektive tiltaka i miljøpolitikken kan verke usosialt.

Prising av karbon er ålment akseptert som det mest effektive verkemiddelet mot klimagassutslepp. Sidan utslepp er så inkorporert i heile økonomien, betyr det også at mange daglegdagse aktivitetar vert avgiftsbelagt. Vi blir alle ramma, og fordelingseffekten kan vere dårleg. 2) Samstundes vil effekten av klimapolitikk, skiftet frå fossil energi og arealkrevjande landbruk, ramme breie grupper arbeidstakarar. I Noreg vil det først og fremst gjelde tilsette i og rundt oljenæringa. Sjølv om Noreg er eit land som er godt førebudd for omstilling, vil det krevje mykje og vere sosialt utfordrande.

… samtidig som klimaengasjement kan binde oss saman, i ei ny internasjonalisme?

Klima er kanskje den einaste genuint globale saka som finst. Sjølv om vi er avhengig av kva som skjer i verda rundt oss, kan vi i alle andre spørsmål gjere ein del sjølv for å påverke vår eigen situasjon.

Er skule eller helsevesenet for dårleg? Vi kan gjere noko med det, sjølv om andre land ikkje gjer det.

Er vi bekymra for eit militært angrep? Det hjelper å styrke forsvaret, sjølv om vi må ha hjelp av andre. Til og med handelen kan vi styrke gjennom avtalar med enkeltland, sjølv om det globale handelssystemet ikkje fungerer.

Klimaet er derimot 100 prosent globalt. Klimapolitikk hjelper BERRE dersom mange nok land, selskap og lokalsamfunn også stiller opp.

Det har aldri eksistert eit tema som i så stor grad bind oss saman, på tvers av landegrenser. Men også på tvers av kultur og religion, eller klasseskilje; There are no jobs on a dead planet, som leiaren av det internasjonale LO Sharan Burrow har sagt.

Der vi står i dag, i desember 2019, er det lite som tydar på at vi skal sjå ein renessanse for internasjonalt samarbeid og brorskap.

Men så var det lite som tyda på det motsette ved inngangen til 2010-talet.

Klimaet i internasjonal politikk kan endre seg raskt, og eg trur kombinasjonen av alvoret i klimatrusselen, dei konkrete og stadig meir synlege konsekvensane og det faktum at det krev samarbeid meir enn noko anna spørsmål kan endre det.

Etter at EU blei splitta av flyktningkrise, er det no ein European Green Deal som skal styrke fellesskapet og binde landa saman igjen. Der Europa og Kina er splitta om teknologi, tryggleik og menneskerettar, er samarbeidet om miljø og klima langt sterkare og betre.

Det er samstundes slåande kor sterkt generasjonsskiljet er i klimapolitikken, både heime og ute. Verdiendringa frå min generasjon til dei som er ungdom i dag er stor.

Skulestreikar kunne mobilisere millionar i ei titals land, og unge ser annleis på mange av dei sentrale klimapolitiske sakene.

Ein gong var langt hår polariserande. Motstand mot Vietnamkrigen og elektrisk gitar også. For ikkje å snakke om Rosa Parks, som den 1. desember 1955 nekta å reise seg for ein kvit mann på buss nr 2857 i Birmingham, Alabama.

Det var fullt i den delen av bussen som berre var for kvite, og mannen kravde å få sitte på hennar sete i den «svarte delen» av bussen. Hendinga førte til ein meir enn 1 år lang sterkt polariserande streik mot bussane i byen frå det afroamerikanske miljøet. Året etter slo høgsterett fast at segregering på bussar var grunnlovsstridig.

The times they are a-changin. Det spørs berre om det skjer raskt nok.

Mer fra Dagsavisen