Kommentar

Panikk i forhandlingsrommet

Haustens statsbudsjett blir best om det kan gjere kvardagen til folk betre. Ikkje berre no, men i mange år.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

«Nå er jeg litt ekstra forsiktig med brillene fordi de er limt så mange ganger at jeg ikke kan lime dem mer».

Det sa Birger Arne til Aftenposten nyleg. Han er 14 år og avhengig av briller. Alle som har sett barn og ungdom sykle, leike og spele fotball, veit at det kan gå litt hardt for seg. Birger Arnes mor fortel i avisa om korleis dei måtte ut med 7000 kroner sist brillene hans blei øydelagt. Ho er åleinemor.

Ei kortvarig krise for oljeselskapa ga eit forhandlingsresultat som flytta store milliardbeløp til oljebransjen over mange år framover

Grunnen til at familien har hatt desse utgiftene, er at Solberg-regjeringa i hausten 2019 bestemte seg for å kutte brillestøtta. 29.000 færre barn fekk støtte kvart år som følgje av kuttet.

Det var naudsynt å få hjelp, i mange hushaldningar, fordi barnebriller er dyre. Og dei går diverre fort i stykker. Budsjettavtalen frå i fjor haust, mellom regjeringa og SV, sørger for at rekninga blir sendt tilbake frå den enkelte familie og over til fellesskapet.

Det skjedde også andre store endringar. No i august går barnehageprisen ned. Halvdagsplass på SFO blir gratis for fyrsteklassingar. I Oslo, som innførte denne retten for nokre år sidan, har dette ført til ein deltakings-revolusjon. På Furuset skule, for eksempel, gjekk berre kvart tredje barn på skulefritidsordninga i 2015. Deltakinga gjekk opp til 100 prosent etter at det blei gratis. Veksten har vore størst i levekårsutsette område.

Førre gong Erna Solberg og høgresida styrte, auka dei barnehageprisen jamt og trutt. Samtidig ga dei store skattelette til folk med store formuar. Når det no blir eit gratisprinsipp for halvdagsplass for fyrsteklassingar på SFO, begrensar det handlingsrommet for høgresida neste gong dei kjem til makta. Det vil vere særs upopulært å innføre ei ny rekning for ei velferdsordning folk har blitt vant til er gratis.

Poenget er at fleirtalet i fjor haust flytta pengar på ein måte som endra tusenvis av menneskes liv til det betre. Fleire av endringane var varige grep for styrka velferd som gjer oss meir robuste i møte med ein meir ustabil økonomisk situasjon. Barnefamiliar blir betre rusta til å handtere ekstra straumutgifter, auka rente og bensinprisar av å få billigare SFO og barnehage. Og billigare briller, for dei som er avhengige av det.

Til hausten kjem eit nytt budsjett. Det er ein gyllen moglegheit til å gjere fleire varige velferdsgrep av denne typen. Samtidig er folks forventningar om raske økonomiske krisetiltak store.

Les ein forhandlingsteori, ser ein tydelegare korleis eit møte mellom ulike parti i ein budsjettprosess kan gi ei rekke ulike utfall. Krava dei kjem til bordet med, er eit resultat av partiets underliggande interesser. Før forhandlingane må kvart parti internt bli einige om kva dei skal prioritere å krevje for å oppnå desse interessene. Både partiprogram og valkampløfte ligg til grunn, ofte basert på langvarige og grundige prosessar i partia. Forhandlingsprosessen handlar om å finne resultat som samlar dei ulike partias krav og underliggande interessene best mogleg.

Forhandlingsresultatet er avhengig av om partane er heilt låst til heilt konkrete tiltak på kvar sin kant, eller om dei har fleksibilitet til å velje ulike verkemiddel for å oppnå måla sine. I møte med kriser er ofte fleksibiliteten og kreativiteten større. Det kan gi smidige forhandlingar, men det aukar også risikoen for lite gjennomtenkte og kortsiktige grep.

I podcasten «Forhandlingsakademiet» var Kari Elisabeth Kaski nyleg gjest. Der fortalte ho om då oljeskattepakka blei vedtatt. Historia ho fortel er interessant, langt utover skattepakka i seg sjølv, fordi ho også handlar om korleis ein krisesituasjon kan spinne ut av kontroll.

Fleire av partia i forhandlingsrommet verka då heilt grenselause når det gjaldt kor langt ein kunne gå for å endre skattesystemet i oljeselskapas favør. Samtidig jobba sterke lobbyinteresser for den same endringa. Resultatet blei at ei kortvarig krise for oljeselskapa ga eit forhandlingsresultat som flytta store milliardbeløp til oljebransjen over mange år framover. I ei tid der det me aller mest treng er eit grønt skifte.

Situasjonen som oppstod då har nokre fellestrekk med situasjonen som me har i dag, med høge straum- og bensinprisar. Det skjer store endringar som påverkar folk, som krev handlekraft frå politikarane. Partia konkurrerer om å vise mest mogleg handlekraft. Løysingane må kome fort, men resultata vil kunne prege landet mange år fram i tid.

Dei som skal forhandle årets statsbudsjett, kan lære av prosessen med oljeskattepakka. Ein god budsjettprosess kan sørge for at den naudsynte krisehandteringa heng i hop med dei langsiktige måla til fleirtalet og tar oss i den retninga me eigentleg skulle. Sånn at det blir vanlege folks tur, med lågare forskjellar, mindre utslepp, mindre sentralisering og styrka velferd.

Oppsida dersom fleirtalet lukkast er å få lov til å møte eller lese om folk som vil få det betre i åra som kjem. Som Birger Arne, som endeleg kan vere aktiv som han vil utan frykt for at at uvøren leik kan velte familiebudsjettet.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen