Kommentar

Hatets politikk

Rasismen som råka det engelske landslaget etter EM-finalen skriv seg frå toppen av samfunnspyramiden.

.
Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

England gjorde sin beste prestasjon i ei landslagsturnering i fotball (for menn) sidan 1966, men tapte finalen mot Italia etter straffekonkurranse. Tilfeldigvis har alle dei tre engelskmennene som brente straffe ein annan hudfarge enn kvit, og dermed skylte ein tsunami av hatefulle ytringar inn over sosiale medier.

Tastaturkrigarar i hopetal kappast om å kome med dei mest nederdrektige og dehumaniserande karakteristikkar ein kan førestelle seg, retta mot tre unge menn som ikkje hadde gjort noko anna gale enn å mislukkast med kvart sitt spark på ein ball.

Det var like føreseieleg som det var deprimerande. Det var avskyeleg og kvalmande. Ikkje minst var det eit uttrykk for ein nærast avgrunnsdjup ironi, for frå første dag i dette sluttspelet har det engelske laget synt ein sterk vilje til å bruke posisjonen sin til å kjempe mot rasisme og diskriminering, for samhald og likeverd.

Dei engelske spelarane knelte før kvar kamp i solidaritet med Black Lives Matter-rørsla, for å få folk til å reflektere over den sosiale urettvisa som eksisterer i samfunnet. Det har utan tvil hatt ein effekt. I løpet av turneringa kom talrike vitnesbyrd frå personar med minoritetsbakgrunn som for første gong følte at England hadde eit lag dei kunne identifisere seg med og heie på.

Men ikkje alle var like begeistra. Under ein oppkøyringskamp mot Austerrike før EM valde delar av publikum på Riverside stadion i Middlesbrough å pipe mot laget då dei knelte. Priti Patel, innanriksminister i Boris Johnson si regjering, uttalte at publikum hadde rett til å pipe mot det ho kalla «symbolpolitikk».

Verken spelarane eller landslagssjef Gareth Southgate lot seg affisere. Gjennom heile meisterskapet stod dei rakrygga for det dei trudde på, ein idé om eit England for alle. Det er uforståeleg, uakseptabelt og ei stor skam at dei, når alt var over, vart møtt med ein vegg av hat.

Men ingenting skjer i eit vakuum. Hetsen spelarane vart utsett for fann stad innføre ein bestemt politisk kontekst. Den sosiale fragmenteringa av det engelske samfunnet har røter som strekk seg langt tilbake i tid, men prosessen har eskalert i både tempo og omfang sidan folkerøystinga om Brexit for fem år sidan. Mange opplever utanforskap, ei vond og frustrerande kjensle som lett kjem til uttrykk i form av aggresjon mot ein innbilt fiende.

Heilt frå morgontimane finaledagen var det ei rastlaus, ubehageleg stemning i Londons gater. Etter kvart utarta det til ein bortimot total skandale. Vi fekk sjå slåstkampar. Vi fekk sjå flaskekasting. Vi fekk sjå ein vaksen mann med buksa trekt ned på knea og eit påtent bluss i rumpa, medan andre vaksne menn hoia, jubla og filma han.

Frå Wembley strøymde rapportar om pøbel som skræmde vitet av vanlege supporterar, trakasserte stadionvaktene, tvang til seg adgang til stadion utan gyldig billett. Tusenvis av engelskmenn brakte skam over seg sjølv og fedrelandet.

Det er enkelt å førestelle seg at det var dei same folka som seinare på kvelden spydde ut rasistiske meldingar til Marcus Rashford, Jadon Sancho og Bukayo Saka etter at dei hadde begått den utilgjevelege synda å bomme på straffespark. Enkelt - altfor enkelt! - å teikne ein karikatur av ein vulgær, kvit berme, ein identitetslaus underklasse utan verken ære eller kultur.

Men dei foraktelege haldningane som kom til uttrykk skriv seg frå ein stad. Dei skriv seg frå sjølve toppen av den britiske samfunnspyramiden. Frå eit politisk establishment som har erverva seg makt nettopp ved å spele på motsettingar mellom ulike grupper, skape mistru, bryte fellesskapet ned.

Boris Johnson og Priti Patel tok begge «avstand» frå hetsen mot dei engelske spelarane, som for å demonstrere at hykleriet ikkje kjenner nokon grenser. «Ein statsminister som har gjort meir enn nokon annan person i Storbritannia for å spreie splid og dumskap har sendt ei melding kor han fordømmer splid og dumskap», kommenterte Guardian-spaltisten Barney Ronay tørt.

«Du får ikkje lov til å fyre opp under flammane ved å kalle den anti-rasistiske bodskapen vår for symbolpolitikk før turneringa byrjar, for deretter å late som om du føler avsky når nettopp det vi kjempar mot skjer», skreiv forsvarsspelaren Tyrone Mings i eit bitande tilsvar til Patel.

Midt oppe i alt elendet var det godt å sjå politikarane stå avslørte som det dei faktisk er - representantar for ein reaksjonær elite som står på feil side av historia. Kontrasten til dei kloke og verdige engelske spelarane er enorm.

I løpet av EM kom talrike vitnesbyrd frå personar med minoritetsbakgrunn som for første gong følte at England hadde eit lag dei kunne identifisere seg med og heie på.

Marcus Rashford brukte stjernestatusen sin til å få gjennomslag for at millionar av britiske barn skal få eit gratis måltid på skulen.

Jadon Sancho har jobba iherdig for å få på plass fleire fotballbanar i den underpriviligerte delen av London kor han sjølv vaks opp.

Nittenåringen Bukayo Saka begeistra alle med fart, ferdigheiter og idrettsglede - og tok seg sjølv ikkje meir høgtideleg enn at han lot seg fotografere badande med ein oppblåsbar plasteinhjørning.

Heile laget donerte kvart pund dei mottok for å delta i EM til veldedige føremål.

Høgst truleg er dei den mest reflekterte, ansvarlege og sosialt medvitne generasjonen i engelsk fotballhistorie. Dei fortener heider, ikkje hat. Både på og utanfor banen er det dei som er framtida for England.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen