Kommentar

Håpet og hatet

EM har vore ein sportsleg suksess. Men samstundes vert fotballen misbrukt av mektige, mørke krefter.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

I kveld møtest Italia og England i EM-finalen på Wembley. Det vert forhåpentlegvis ei både verdig og feststemt avslutting på det som i det store og heile har vore eit svært vellukka sluttspel, iallfall så lenge vi fokuserer på det som har gått føre seg ute på det grøne graset.

Vi har fått sjå offensiv, fartsfylt fotball, opplevd intens, oppslukande dramatikk og late oss begeistre av både spektakulære individuelle prestasjonar og heltemodig kollektiv innsats. 24 deltakarland er nok for mange, men dei aller fleste kampane har likevel vore jamne, og ingen har dumma seg ut.

Meisterskapsdebutantar som Finland og Nord-Makedonia nådde som venta ikkje opp i dette selskapet, men rauk ut med æra i behold.

Turneringa står som symbol på eit håp. Håpet om at dei dagane vi lever gjennom no representerer byrjinga på slutten av koronapandemien. Eit ledd i gjenopninga av samfunnet. Eit steg på den lange vegen tilbake til normalen.

Publikum har strøymd attende til tribunane på stadionar over heile Europa. Dei har sunge og jubla, håpa og lidd for sine lag. Engasjementet for fotballen og gleda over å atter kunne delta i eit fellesskap har vore eit vakkert syn.

Men ikkje alle fellesskap er like vakre. Somme fellesskap handlar tvert imot først og fremst om kven som skal stengjast ute frå fellesskapet.

Før og under oppgjeret mellom Ungarn og Portugal - den klart best besøkte kampen i EM til då, med meir enn 55 000 tilskodarar på nye, flotte Puskás Aréna - formidla både NRK og TV2 entusiastisk bilete frå «den herlige folkefesten» i Budapest.

Det kringkastarane ikkje fekk med seg, var at ein god del av dei jublande ungararane var menn kledd i svarte t-skjorter, som symboliserer tilknytting til borgarvernliknande aktivistgrupper på ytre høgreside. Grupper som gjer tilværet utrygt for etniske og seksuelle minoritetar i Ungarn.

Aktivistane har støtte frå styresmaktene. Sist månad vedtok nasjonalforsamlinga i landet ein openlyst diskriminerande lov som forbyr informasjon om homofili i skulemateriell og TV-program retta mot barn og ungdom under 18 år.

Vedtaket føyer seg inn i ei etter kvart sørgjeleg lang rekke med illiberale grep retta mot nettopp denne gruppa i ulike aust-europeiske land.

Samstundes har Det europeiske fotballforbundet (Uefa) nytta EM til å promotere kampanjen «Equal game» - ein kampanje som slår fast at «rasisme, homofobi, sexisme og alle former for diskriminering» er «ein skamplett på samfunnet» og «eit av dei største problema fotballen er stilt overfor i dag».

Uefa pyntar seg gjerne med fagre honnørord, men er i realiteten prega av ein iskald kynisme, og samarbeider meir enn gjerne med autoritære krefter.

Juni er også månaden for Pride, og mange har ynskja å nytte høvet til å uttrykke støtte og solidaritet, slå eit slag for mangfald og toleranse. Både Tysklands Manuel Neuer og Englands Harry Kane har til dømes stilt til kamp med regnbogefarga kapteinsarmband.

Men då EM-arrangørbyen München ynskja å lyse opp stadion i regnbogefargane, sette Uefa foten ned.

Kvifor? Fordi det var nettopp Ungarn som kom på besøk til Bayerns hovudstad, og ein meinte difor at tiltaket ville verte oppfatta som ei «politisk markering» mot Viktor Orbán sitt homofiendtlege regime.

Å unngå å såre kjenslene til ein høgrepopulistisk statsleiar var altså viktigare enn å stå opp for likeverd og inkludering.

Såleis synte Uefa sitt sanne andlet. Forbundet pyntar gjerne på omdømmet sitt med fagre honnørord, men er i realiteten prega av ein iskald kynisme. President Alexander Čeferin og lakeiane hans samarbeider meir enn gjerne med autoritære krefter.

Antidemokratiske demagogar som Orbán, Russlands Vladimir Putin og Aserbajdsjans Ilham Alijev har alle fått sole seg i glansen av å vere EM-vertskap. I Budapest, Sankt Petersburg og Baku har det vakre spelet vore tatt som gissel for desse leiarane sitt ynskje om å blankpusse makta sin skitne fasade.

Dei to sistnemnte er begge tungt involverte i brutale og uforsonlege militære konfliktar med nabolanda Ukraina og Armenia, sjølv om det, iallfall i teorien, er våpenkvile begge stader no.

Saken fortsetter under videoen

I Qatar lever hundretusenvis av framandarbeidarar under slaveliknande kår. Kina utfører i det stille noko som ikkje kan kallast anna enn folkemord mot uigurar. Men Qatar Airways og kinesiske selskap som Alipay, Hisense, TikTok og Vivo er hjarteleg til stades på kvar einaste EM-kamp som sponsorar. Det same er russiske Gazprom.

Uefa har ingen problem som helst med å bidra til å legitimere regima desse selskapa representerer. Dei tek glade imot blodpengane med eit takknemleg smil.

«Alt eg veit om moral, har eg lært frå fotballen», skal Albert Camus, nobelprisvinnar i litteratur og i unge år ein ivrig amatørmålvakt, ha sagt. Alt vi veit om Uefa er at dei ikkje har nokon moral.

Fotballen representerer eit håp og ei trøyst i det som framleis er ein vanskeleg kvardag for mange. Men kven skal redde sporten frå dei som styrer han?

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen