Høgrebyrådet i Oslo foreslår no å kutte 15 millionar kroner i pengane til Fagskolen Oslo over dei neste to åra. Det er eit stort slag både mot unge og arbeidslivet i hovudstaden vår.
Dette er ikkje berre eit kutt i eit budsjett, det er å kutte direkte i dei som skal byggje framtidas Noreg.
Fagskulane spelar ei avgjerande rolle for å utdanne dei fagarbeidarane vi treng for å sikre eit velfungerande samfunn. Dette er folk som Oslo og heile Noreg er heilt avhengige av. At Høgre no vel å kutte i fagskulane, viser ein urovekkande mangel på forståing for kva kompetanse vi treng i framtida.
Ap-regjeringa satsar på fagskulane. I år har dei gitt rekordstore 76,7 millionar kroner til utvikling av fagskular over heile landet, med mål om å styrke kvaliteten på utdanninga og gjere den meir relevant for arbeidslivet.
Dette er ei offensiv satsing som møter dei behova både arbeidslivet og studentane har. Det er synd at Høgre undergrev dette med kuttforslaga sine lokalt.
Unge treng å vite at vi treng dei. Vi kan ikkje be unge gå i yrkesfaglege retningar ein dag og so kutte i moglegheitane deres den neste. Vi treng at fleire unge får gå på fagskule.
Kutt i fagskulane er ikkje berre eit økonomisk spørsmål, det er eit spørsmål om kva samfunn vi vil ha.
For AUF er det heilt uforståeleg at høgrebyrådet vel å svekke fagskulane i Oslo når vi så tydeleg ser kor viktig denne utdanninga er for framtida vår.
I staden for å kutte, må vi styrke og synleggjere det offentlege fagskoletilbodet, slik at fleire unge kan få ta ei utdanning som gjer dei rusta til arbeidslivet. Vi treng forutsigbar finansiering av studieplassar, slik at fagskulane kan utvikle seg og møte behova i eit samfunn som er i stadig endring.
AUF jobbar for at høgare yrkesfagleg utdanning skal vere gratis og tilgjengeleg for alle, slik at alle får dei same moglegheitene til å ta utdanning – uavhengig av økonomisk bakgrunn.
Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen
Det er utruleg svakt av Høgre å gå motsett veg og kutte i desse tilboda når Arbeidarpartiet aukar støtta. Høgre sitt kutt går ikkje berre ut over skulen og lærarane, men først og fremst studentane.
Oslo og landet vårt treng dyktige fagarbeidarar. Kutt i fagskulane er ikkje berre eit økonomisk spørsmål, det er eit spørsmål om kva samfunn vi vil ha. Vil vi ha eit arbeidsliv i utvikling, eller ikkje? Vil vi gje unge fridomen til å bli det dei vil, eller ikkje?
Les også: Rødt om «PISA-skolen»: – Jeg blir helt svett (+)
Les også: Etter 22. juli lovet vi «aldri mer». Men har vi gjort nok?
Les også: Går vi med ryggen inn i fremtiden? (+)