Debatt

Moxnes, skuld og pressedekning

Me ukjende personar slepp oftast å få namna våre på trykk, om me så begår grove brotsverk.

Rødt-leder Bjørnar Moxnes
Tabloidpressa vil ingen vel, uansett parti. Skandalar er ein av dei fem pilarane ho står på; heltar, skurkar, konfliktar, skandalar - og frykt, skriv Arne Kverneland.
Publisert Sist oppdatert
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I samband med bruduljane i pressa etter Bjørnar Moxnes sin uheldige omgang med solbriller på Gardermoen nyleg, reiser det seg eit par spørsmål.

Det eine er om objektiv kontra subjektiv skuld. Objektivt sett gjorde Moxnes seg skuldig i simpelt butikktjuveri og måtte bøta for det med 3000kr i forenkla førelegg. Vel og bra, førelegget blei vedtatt og er sikkert betalt nå.

Spørsmålet om subjektiv skuld er meir uklart, og vil sjølvsagt avhenga mykje av kva syn folk har på Moxnes og partiet Raudt, sånn til vanleg. Som betalande medlem i Raudt, vil eg nå helst tru på Moxnes si forklaring om at han ikkje hadde til hensikt å stela dei solbrillene, men rota det heilt til for seg då han oppdaga at han hadde forlate butikken utan å betala. Eg vil tru at guten rett og slett fekk galtestøkken. Det kunne vore eg.

Det andre aspektet ved denne soga er kontrasten mellom koss kjendisar som gjer noko ugreitt blir kasteballar i pressa, medan ukjende folk stort sett får vera i fred etterpå. For mange tiår sidan landa ein kjend høgrepolitikar på Fornebu etter ei reise utanlands. Der blei han og frua tekne for smugling av gullsmykke til betydelege verdiar. Her blei også pressa tipsa, og stakkaren blei rauvkøyrd ganske grundig. Mannen blei bøs og tok til motmæle, men hadde lite å stilla opp mot ‘den fjerde statsmakt’.

Tabloidpressa vil ingen vel, uansett parti. Skandalar er ein av dei fem pilarane ho står på; heltar, skurkar, konfliktar, skandalar - og frykt.

Det slår meg kor mykje lettare eg sjølv ville sloppe frå begge desse sakene, den gongen på Fornebu og nå nyleg på Gardermoen. Eg ville sikkert fått same straffetoll plusspluss og forenkla førelegg, men etter det ville eg kunna dra heim i fred. Me ukjende personar slepp oftast å få namna våre på trykk, om me så begår grove brotsverk.

Pressa har som viktig oppgåve å verna om demokratiet. Etter mitt syn har dei her gjort det motsette. Ved å forfylgja ein politikar for eit privat feilsteg på denne måten, forsøplar dei det politiske klimaet til dess folket i rein avsky bare snur ryggen til politikk. Resultatet blir til slutt eit uopplyst og dermed falleferdig demokrati. Er det det me vil ha?

Powered by Labrador CMS