Debatt
Knuste julenisse-illusjonar
Så fann Posten på at dei skulle lage ein reklame der julenissen er homofil. Ja, tenkje seg til! I reklamesnutten kysser han til og med ein annan mann.

Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Det har vore ei på mange måtar fredeleg adventstid utan store kontroversar eller heftige diskusjonar rundt det med jul. Ingen rop om krig mot juletradisjonar. Ingen påstandar om at muslimar vil ta ifrå oss julekos som svineribbe, alkohol og våre kjære julesongar. Det har vore så ein har teke til å tru at vi i år for ein gongs skuld kan kaste juleanker i smul sjø.
Men så fann Posten på at dei skulle lage ein reklame der julenissen er homofil. Ja, tenkje seg til! I reklamesnutten kysser han til og med ein annan mann. Reklamen har gått viralt, som det heiter. Han har fått mykje merksemd på sosiale meidia verda over. Mykje positiv merksemd. Mange flotte tilbakemeldingar. Mange overraska smil. Mykje latter.
Så langt; alt såre vel. Til eg forvilla meg inn på Facebook-gruppa «Mitt kors og mitt fedreland.» Der vil dei verkeleg ha seg frabede slikt satanisk soperi. Ein skriv (direkte sitat): «Det er ingen tilfeldighet at dette søppelet blir presentert rundt Julen da vi feirer GUD(Jesus). Hatet som Satanistene retter mot at GUD(Jesus) får mye større oppmerksomhet enn vanlig.»
Ein annan uttaler dette: «Satan har satt seg fast i folk, og vi er i grisegenerasjon.» Same mann skriv òg fylgjande: «Skulle fortsatt vært straffbart. Slikt er dyrisk og ikke normalt.»
For å gjere bildet komplett, tar eg med enda ein kommentar: «Grensen må gå et sted. Hvorfor skal folk få andres livssituasjon og legning trykket opp i ansiktet?»
Eg må bryte saman og tilstå at eg har ei hemmeleg last; eg ser klissete, amerikanske julefilmar. Minst ein om dagen. Filmane renn over av heterofile relasjonar og familieverdiar. Kvar einaste film sluttar med at hovudpersonane, alltid mann og kvinne, kysser kvarandre. Gjerne til applaus frå mange som står rundt. Kvifor er det ingen som snakkar om å «få andres legning trykket opp i ansiktet» her?
Eg var òg vidløftig nok til å ta turen innom kommentarfeltet til Facebook-gruppa «Vi som støtter Sylvi Listhaug.» Der viste det seg at homonisse-reklamen har fått både den eine og den andre til å setje julegløggen i halsen. Ja, så til dei grader at Posten har knust alle illusjonane deira om nissen.
Ein klarer å til og med å bringe pedofili til torgs, noko som dessverre er ganske vanleg når homofobar skal bruke hersketeknikkar mot homofile: «Verden ler av den homofile Julenisse reklamen (to ord). De lurer på om det neste år er en pedo nisse (to ord) som kommer skliende ned pipen til folk.»
«Jeg har aldri sett gubben så lang i maska som da han så den reklamen,» kan ei anna fortelje. «Vi er helt enige i dette huset at dette har ødelagt illusjonen om nissen.» Dette paret er for så vidt heldige. Dei er godt vaksne og har fått leve med illusjonen om nissen så lenge. Min blei knust då eg som sjuåring gjennomskua at det var onkelen min som var inne i nissedrakta.
Det kom meir frå dei som støttar Sylvi Listhaug, men ikkje homofile nissar: «Jeg har en anmodning til dere som er homo. Hold deres privatliv for dere selv. Husk det er mange i vårt land som føler oss ille til mote å se på TV i tide og utide to av samme kjønn kliner.»
Andre kjem med korte, meir fyndige kommentarar (direkte sitat): «Kvalm reklame,reklamere for homse greia fyddamei.» Det er fleire som er kvalme: «Kvalm, stakkars unger om de ser dette.» Og det heile er sjukt: «Lever i en syk verden. «Sykt, dumt, ødelegger nissen for meg.»
Eg må innrømme at eg tek meg i å lure på kva Sylvi Listhaug tykkjer om å ha slike støttespelarar?
Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik sa ein gong i ein debatt at han ikkje kunne forstå kvifor homofile alltid måtte snakke om at dei er homofile. Han gjekk då aldri rundt og snakka om at han er hetero. Særleg. Opp med handa dei som ikkje visste at Bondevik har kone, barn og barnebarn!
Greia er at når folk snakkar om homofili, så er det mange som automatisk tenkjer på sex. Difor vil eg opplyse det norske folk om at vi soparar også julevaskar, baker julekaker, dekorerer og pyntar juletre, pakkar inn julegåver og inviterer til juleselskap. Vi går på jobb, trenar, går tur, ligg på sofaen, les aviser, ja, vi lever ganske enkelt heilt vanlege liv.
At enkelte trur vi er sexatletar som har oss i bingen 24/7 og knapt har tid til å ete, ja, det får dei heller tru.
Homoaktivisten Kim Friele døde nyleg. Heile livet kjempa ho for at homofile skal bli godtekne som fullverdige medborgarar i samfunnet vårt. Ho vann mange sigrar, og homofile er ikkje lenger b-sortering I Noreg.
Difor ser vi ein stadig tendens blant mange til å julelulle seg inn i ei tru på at kampen er vunnen ein gong for alle. Det er ein farleg illusjon som blir knust augeblikkeleg om vi forvillar seg inn i kommentarfelt til enkelte Facebook-grupper. Der vil vi sjå at berre noko så uskuldig som at nissen kysser ein mann får homofobien til å slå ut i full blom.
Som ein Listhaug-støttespelar skriv (Direkte sitat): «Dette handler ikke om reklame, dette er woke(!) poletikk/propaganda som har en agenda om og ødelegge kjerneverdier.» Så det så.