Kultur
Badendycks triumf
Alderen har gjort stemma til Richard Badendyck betre.
Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
For fem år sidan platedebuterte Richard Badendyck med albumet «Thats All», og eg tenkte på kva for ein eminent jazzvokalist nasjonen har gått glipp av, frå han på syttitalet var sentral i miljøet rundt Club 7.
I idretten var han mangekjempar, og no vender han attende med duoalbumet «Peace» (Baden Music/Musikklosen) etter Horace Silvers vakre tittelsong. Med Stig Hvalrygg på bass akkompagnerer han seg sjølv på piano, og både med og utan song spelar han balladar som få. På to av spora tar sonen Dag Richard over flygelet med stil, solo på sluttsporet «Dags Tune».
Sist song Richard med bandet til Odd Riisnæs. No tek han steget dit han er best, med seg sjølv på flygel.
Stig Hvalrygg står også fram som fin solist, og i eit format der fallhøgda er stor, gjennomfører dei med glans frå start til mål, med ti songar og ei stemme alderen til Badendyck (68) ikkje har gjort dårlegare, snarare betre.