Debatt

U-likestilling i arbeidslivet

Frontfagsmodellen er i praksis ein garantist for at kvinner i offentleg sektor ikkje får eit lønnsløft.

Kvinnedag I dRAMMEN: Blant årets paroler er: «Lovfestet rett til heltid - styrk arbeidsmiljøloven» og «Ja til faste - Nei til midlertidige jobber». FOTO: PERNILLE VESTENGEN
Publisert Sist oppdatert
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Torsdag 3. mars kom SSB med nye tal på lønnsforskjellar i samfunnet. Dei viser at kvinner i gjennomsnitt tener så mykje mindre enn menn, at dei jobbar gratis frå klokka kvart over ti kvar fredag – og ut dagen.

Til tross for likelønnsprofil på lønnsoppgjera dei siste tjue åra, er forskjellen i timelønn berre 3 prosentpoeng mindre enn i 1997; no tener kvinner 88 kroner per 100 kroner menn tener. Den disponible inntekta er mindre. Omtrent 1 av 3 kvinner jobbar deltid, mot nesten 3 av 20 menn.

I gjennomsnitt jobbar kvinner omtrent 30-timarsveke, eller sekstimarsdag. Dette er dels ufrivillig deltid, dels «frivillig» deltid for å få kvardagen til å henge saman fordi 37,5-timersveke for mange er for lang arbeidstid. Og dersom ein tar høgde for dette, blir disponibel inntekt redusert til to tredeler av menns inntekt.

Og likevel er det nokon som meiner at kvinnedagen ikkje trengst.

Det er ikkje lov med ulik lønn for likt arbeid. Likevel er det ei lønnsforskjell mellom kvinner og menn, sjølv når ein samanliknar kvinner og menn i same yrke, bransje, sektor – med lik lang utdanning og arbeidserfaring.

Denne forskjellen ser ein innan alle sektorar og yrker, dei gamle strukturane frå den gongen mannen var forsørgjaren i familien heng framleis igjen; kvinner får kvinneløn, mens menn får forsørgjarløn.

Det er mange ulike forklaringar på lønnsforskjellen, og alle er ein del av sanninga. Noko av forklaringa på lønnsforskjellen ligg i det kjønnsdelte arbeidslivet. Kvinner jobbar i offentleg sektor og menn i privat.

Men det er ingen naturlov som seier at kvinner i offentleg sektor skal ha lågare løn enn menn i privat sektor. Denne forklaringa på lønnsforskjellen handlar meir om korleis me verdset kvinner og menn og deira yrkesval.

Forhandlingsmodellen i lønnsoppgjera står i vegen for å få til likelønn, og bidrar til at likelønnsprofilen på lønnsoppgjera ikkje ender opp som ein reell forskjell på kvinners lommebok.

Frontfagsmodellen og moderasjonslinja skal sikre konkurranseevna internasjonalt, men er i praksis ein garantist for at lågløna kvinner og kvinner i offentleg sektor ikkje får eit lønnsløft. Bransjer med stor grad av lokale og individuelle forhandlingar er dårlegare på likelønn, enn bransjer og sektorar med stor grad av sentrale forhandlingar.

Det skiftet ein har sett dei siste åra, frå sentrale forhandlingar til større grad av lokale forhandlingar, er difor dårleg nytt for likelønn og prinsippet «lik løn for likt arbeid». Fordi det er mange ulike forklaringar på lønnsforskjellen, fins det ikkje ei enkelt rask løysing for å få til likeløn.

I kvinnedominerte yrke i offentleg sektor må dei som jobbar ufrivillig deltid få tilbod om heiltidsstillingar, og lønnsnivået må aukast gjennom friske pengar over statsbudsjettet. I privat sektor må det settast av lågløns- og kvinnepottar i lønnsforhandlingane. Men Raudt vil framheve ein generell arbeidstidsreduksjon – sekstimarsdag – som ein del av løysinga.

Det har ikkje skjedd ei forkorting av arbeidsdagen sidan 1987. Innføring av sekstimarsdagen, gradvis og gjennom tariffoppgjera, vil gi full lønnskompensasjon, fordi noko av produktivitetsauken blir tatt ut i tid framfor pengar.

Det vil påverke arbeidstida til kvinner i mindre grad enn menn, sidan kvinner i dag i gjennomsnitt jobbar sekstimarsdag. Medan menn vil behalde sin stillingsprosent og inntekt, vil kvar arbeidstidsreduksjon fram til sekstimarsdag gi kvinner ei større stillingsprosent – og høgare disponibel inntekt.

Dei som er mot arbeidstidsforkorting seier at me vil trenge meir arbeidskraft i åra som kjem – ikkje mindre. Men samtidig er situasjonen den at ei stor gruppe, spesielt kvinner, er for slitne til å stå i arbeid til dei når pensjonsalder. Kortare arbeidstid livet gjennom kan gjere at fleire kan stå lengre i jobb.

Mette Nord frå Fagforbundet uttalte nyleg at Fagforbundet vil kjøre fram sekstimarsdagen på LO-kongressen i 2017, gjennom vedtak om å bygge kunnskap, sette i gang fleire prøveprosjekt og hente erfaring frå prosjekt i Noreg og Sverige.

Det er bra at Fagforbundet vil sette sekstimarsdagen på dagsorden i LO igjen, men det er på tide å vera meir offensiv! Viss fagrørsla prioriterer å bruke ei del av «ramma» til fri tid i staden for pengar i dei kommande tariffoppgjera, til dømes med ein halvtime om gangen, kan sekstimarsdagen bli ei realitet.

Det er på tide at LO-kongressen 2017 går inn for nedkorting av arbeidstida med ein halvtime som ein del av tariffoppgjeret i 2018, og me oppmodar lokale klubbar og fagforeiningar i Buskerud om å gjere vedtak om dette i tida framover!

Powered by Labrador CMS