Kommentar

Konspirasjonsteori og praksis

I dag er det 50 år sidan Neil Armstrong, som det første mennesket nokon gong, sette sin fot på månen. Eller gjorde han no eigentleg det?

Svar: Ja, det gjorde han. USA gjennomførte i alt seks bemanna ekspedisjonar til månen i perioden 1969-72, og Armstrong var kommandør for den første. Dette er svært godt dokumenterte kjensgjerningar. Det finst faktisk ikkje rom for tvil. Like fullt finst faktisk tvilarar.

Les også: Er jorda rund? Har det vært noen månelanding? Er Holocaust en myte?

Allereie i 1976 utgav Bill Kaysing – ein tidlegare teknisk forfattar i selskapet som utvikla oppskytingsraketten som vart brukt under måneferdene – den eigenpubliserte boka «We Never Went to the Moon: America’s Thirty Billion Dollar Swindle». Kaysing hevda mellom mykje anna rart at Stanley Kubrick, regissøren bak sci-fi-klassikaren «2001: A Space Oddyssey» hadde vore involvert i arbeidet med å lage falske filmopptak av månelandingane. Talrike andre følgte i Kaysings fotspor, og konspirasjonsteoriar om månelandingane oppnådde raskt ein ikkje ubetydeleg popularitet i USA. I ei meiningsmåling frå same år som Kaysing si bok kom ut, svarte 28 prosent (!) av respondentane at dei tvilte på at det nokon gong hadde vore menneske på månen.

Les også: Klimapolitikken - blir vi holdt for narr?

Men kvifor? Ein teori er at det på denne tida eksisterte ei djup tillitskrise mellom amerikanske styresmakter og deira folk. Watergate-skandalen – som jo var ein verkeleg konspirasjon – og ulike typar desinformasjon vedrørande den svært upopulære Vietnamkrigen førte til auka skepsis til alle offisielle forteljingar. Romkappløpet med Sovjetunionen var jo ei enorm prestisjesak for USA, og i det generelt mistruiske politiske klimaet som råda i landet på denne tida, var det for ein heil del menneske fullkome logisk å tru på påstandar som at NASA hadde iscenesett månelandingane i samarbeid med Disney-konsernet.

Månelandingskonspirasjons-teoretikarane har lansert ein heil bråte «bevis» for at månelandingane aldri fann stad. Felles for alle er at dei enkelt kan tilbakevisast med rasjonelle argument. Problemet er dog at når ein person først har late seg overtyde av ein konspirasjonsteori, fungerer som oftast ikkje rasjonelle argument overfor hen lenger. Og sjølv om du mot all formóding skulle klare å overtyde den konspirasjonstruande om at «bevisa» er fabrikerte, hjelper truleg ikkje dét heller. Eit sams særdrag ved konspirasjonsteoriar er nemleg at fråver av bevis vert vurdert som eit like stort bevis som eit bevis (eller rettare: «bevis»). «Viss det ikkje finst noko bevis for dette som eg trur fullt og fast på og som difor heilt openbert er sant», vil den konspirasjonstruande tenke, «kan det berre skuldast at mektige krefter samarbeider om å skjule bevisa!» Denne vrangførestellinga gjer òg at den konspirasjonstruande enkelt kan avvise det mest opplagte motargumentet mot dei fleste konspirasjonsteoriar, nemleg at viss konspirasjonen skulle vore gjennomført, måtte eit svært høgt antal menneske samarbeida om han, og deretter måtte alle haldt kjeft for all framtid. Dei fleste innser kor usannsynleg dette er, men for den konspirasjonstruande framstår det som logisk og stadfestar berre kor enorm makt dei som står bak konspirasjonen har.

Les også: De 10 mest populære konspirasjonsteoriene (+)

Det konspirasjonsteoretiske landskapet har endra seg dramatisk sidan Kaysing med fleire skapte teorien om månelandingskonspirasjonen. Medan ein på 1970-talet var avhengig av fysiske format som bøker, tidsskrift og møte for å spreie konspirasjonsteoriar, har dagens konspirasjonsteoretikarar nemleg tilgong på internett! Sidan den konspirasjonstruande så godt som aldri vil vere i stand til sjølv å innsjå at det hen trur på er ein konspirasjonsteori, er det vanskeleg å fastslå sikkert kor mange som til ei kvar tid trur på konspirasjonsteoriar, og dermed òg vrient å hevde kategorisk at nettets eksistens har ført til at fleire trur på konspirasjonsteoriar no enn før.

Les også: Slottet sier nei til skulptur om Oslos rusmiljøer

Det som derimot er sikkert, er at internett har gjort det langt enklare å både dele, motta og utveksle tankar om konspirasjonsteoriar. Dette har ført til framveksten av konspirasjonsteoretiske konglomerat. Kort sagt: Viss du trur på teorien om månelandingane var iscenesette, aukar det sjansen for at du òg trur på teoriane om at 11. september var ein «inside job», at vaksiner fører til autisme, at CIA myrda John F. Kennedy eller at Holocaust aldri fann stad. Ingen av teoriane har i og for seg noko med kvarandre å gjere, men for den som er innfanga av konspirasjonsteoretisk tankegong, framstår det likevel som logisk og fornuftig at det finst ein skjult, indre samanheng mellom dei.

Slik oppstår superkonspirasjonsteoriar. Desse er, slik forfattar og konspirasjonsekspert John Færseth forklarar fenomenet, prega av førestellingar om «nærmest allmektige aktører som kontrollerer både finans, politikk og media». Korleis desse aktørane har oppnådd slik makt og korleis dei klarar å halde skjult for folk flest at dei har denne makta, er oftast ikkje så godt å seie. Det berre er sånn. Det viktige, sett frå ein superkonspirasjonsteoretisk ståstad, er at dei allmektige aktørane sjølvsagt har ondt i sinne overfor ei eller fleire grupper eller menneskeslekta som heilskap.

Les også: Da jeg fikk brevet om tildelt barnehageplass, begynte jeg å gråte

For dei fleste av oss framstår slike teoriar først og fremst som underhaldande i all sin absurditet. Men sanninga er at dei er ekstremt farlege. For den som verkeleg trur på eksistensen av eit odiøst globalt komplott retta mot hen sjølv eller gruppa hen tilhøyrer, kan vegen frå ord til handling vere kort, og konsekvensane katastrofale. Dét fekk vårt eige land erfare ein julidag for åtte år sidan.

Følg Dagsavisen Oslo på Facebook!

Mer fra Dagsavisen