Kommentar

Nok om Nato

SV sitt nye prinsipprogram skjerpar maktkritikken mot staten.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Den offentlege debatten om SV sitt nye prinsipprogram har vore laserfokusert på Nato-spørsmålet. Kva SV tvilar seg til med omsyn til Nato får likevel få eller ingen realpolitiske følgjer, all den tid stortingsfleirtalet står fjellstøtt mot utmelding.

Det finnes derimot andre lineskift som er verd å merke seg i utkastet som landsstyret har innstilt til landsmøtet komande helg. Om ein leser nøye, kan ein skimte konturane av ei sosialistisk rørsle som freistar å ta innover seg korleis den norske staten artar seg anno 2023.

Det har festa seg ein mistillit til denne staten hjå mange nordmenn

Ein klassisk stereotypi av SV’arar (utover å vere raddisar iført islendarar og palestinaskjerf) er at staten er svaret, uavhengig av spørsmålet.

Det er ikkje så rart. Staten garanterer for velferdsstaten, gir moglegheit for demokratisk styring av samfunnet, og er den einaste aktøren som kan få gjennomført naudsynte omveltingar som det grøne skiftet. I utkastet som skal stemmast over til helga står det likevel at «forvaltningen av staten har gjennom flere tiår blitt formet av nyliberal markedsideologi som har skapt stor avstand mellom staten og menneskene den skal tjene. (…) Mennesker reduseres til kunder og brukere, og ansatte blir produsenter og rapportører».

Det har festa seg ein mistillit til denne staten hjå mange nordmenn.

Ein så tydeleg kritikk av staten har ikkje vore enkel å spore i dei førre programma. Vi må skue attende i tid for å forstå kvar den kjem frå og kvifor den kjem no.

Historikar Ola Innset skildrar i boka «Markedsvendingen» korleis tenkarar som Friedrich Hayek og Milton Friedman byrja å gjere sitt inntog i norske tidsskrift på midten av nittenhundretalet. Der klassiske liberalistar ynskja å krympe staten vekk frå økonomien, ynskja desse nyliberalistane først og fremst å skape eit samfunn basert på kapitalismen sine logikkar.

Staten vart gjort om frå fiende til det viktigaste verktyet for å skape frie marknader og konkurranse. Også sjølve staten skulle styrast meir som ei privat bedrift. Den vart difor råka av eit mangfald av privatisering − frå nedsal av statleg eigedom, til innføring av teljekantar og føretaksmodellar.

Den borgarlege regjeringa som vart leia av Willoch og valt inn i 1981 var eit startskot for denne reformbølgja, som fossa fram under både blå og raude styre. Helseføretaksreforma vart ført an av Stoltenberg I-regjeringa, som i sin korte levetid gjennomførte eit mangfald av liknande reformar. Utviklinga har altså ikkje følgt eit klassisk skilje mellom høgre og venstre.

Staten me har i dag er altså gjennombora av kremmarlogikk. Ein ramsalt maktkritikk frå venstresidehald som tek innover seg staten slik han er i 2023 er difor langt på overtid.

Det har festa seg ein mistillit til denne staten hjå mange nordmenn. Vi har det siste året erfart at offentleg eigde straumselskap set prisen for å tene mest mogeleg pengar, snarare enn å gi nordmenn og næringsliv låge og føreseielege prisar på ei livsnaudsynt vare.

Sjukehusa blir styrt som om dei var bedrifter, og ikkje eit velferdstilbod der hovudoppgåva er å gi god hjelp. Avgjerder som å legge ned tilbod som ABC-klinikken blir ikkje tatt av folkevalte politikarar, men flytta ned til eit eller anna sjukehusstyre under sterkt økonomisk press frå dei same politikarane.

Leiarlønningane i ei rekke statseigde føretak er i rikingklassen: I fjor avslørte Bergens Tidende at direktøren av det statlege investeringsselskapet Argentum fekk 24,5 millionar kroner i løn og andre godtgjersler i 2021.

Utviklinga støttar også under ei mindre openberr politisk straum. Prinsipprogrammet tek innover seg kjerneinnsikter frå ein anarkistisk tradisjonen der meir stat ikkje alltid er riktig svar. SV har lenge vore eit parti der mange med ei meir fridomsprega forståing av politikk har kjent seg heime. Prinsipprogrammet frå 2010 vart til dømes lansert av Audun Lysbakken som eit program for «frihetlig sosialisme».

Programmet som skal drøftast til helga byggjer difor på ein teori om at demokratiet veks ut av grasrota. SV ynskjer «ikke mer stat i seg selv, men mer felleskap og demokrati. Det kan bety mer makt til lokale demokratiske organer, og en mer demokratisk stat.»

Norsk folkestyre er ikkje bygd frå toppen og ned, men frå botnen og opp. Vi har vore signa med markante folkerørsler heilt attende til før vi fekk ei eiga grunnlov. Bondeorganisasjonane demokratiserte embedsmannsstaten. Kvinnerørsla kjempa fram rettar for over halvparten av nordmenn. Arbeiderrørsla var og er fattige sin rikdom.

Mange folkerørsler små gjer Noreg til eit land som ligg nær toppen av dei fleste demokratirangeringar. Slik organisering gjødslar jordsmonna over alt der slitesterke og livskraftige demokrati veks fram. Med SV sitt nye program tek den norske sosialismen difor eitt steg vekk frå staten, og eitt steg inn i framtida.

Thor Olav Iversen har tidlegare vore medlem av SV.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen