Eg vil rette ein stor takk til Tom Sigurd Hagen og andre modige menneske som tok grep og avlyste arrangementet for nynazistar på Øvre Romerike.
Dette var ikkje berre eit riktig val, men eit viktig standpunkt mot hat og ekstremisme. I ei tid der høgreekstreme krefter prøver å få fotfeste i samfunnet, må vi alle stå saman for å beskytte demokratiet vårt og sikre at slike grupper ikkje får vekse i Noreg.
At slike arrangement i det heile teke blir forsøkt gjennomført i Noreg, er urovekkande. Det er eit klart signal om at vi må ta trugsmålet frå høgreekstremisme på alvor.
Ekstremismekommisjonen, som AUF foreslo, sitt arbeid er avgjerande her. Kommisjonen har gjort det klart at samfunnet sitt beste vern mot ekstremisme er sterke fellesskap og ein kultur der uenighet kan uttrykkjast på ein trygg og respektfull måte.
Vi må alle bidra til dette – gjennom å stå imot hat, spreie kunnskap og skape inkluderande miljø der ingen føler seg utstøtte.
«Den som sovner i demokratiet, våkner i diktaturet», skreiv den tyske historikaren Otto Gritschneder. Vi kan ikkje la nynazistar nytte lokalene våre og mikrofonane våre. Vi må vere modige nok til å seie nei. Jo fleire dører vi opnar, jo meir vil dei dørene stå opne.
Høgreekstreme krefter livnærer seg på splid, frykt og hat. Desse kreftene vil splitte samfunnet vårt i «oss» og «dei».
Er vi naive og lar dette bli til ein debatt om ytringsfridom, so sviktar vi løftet vårt. Løftet vi har gjett om ikkje å gløyme dei som høgreekstreme krefter har drept. Og om ikkje å tie når hatet igjen går i gatene våre.
Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen
Høgreekstreme krefter livnærer seg på splid, frykt og hat. Desse kreftene vil splitte samfunnet vårt i «oss» og «dei», og dei brukar arrangement som det på Øvre Romerike til å spreie sine giftige ideologiar.
Det kan vi aldri tillate. Demokratiet vårt krev at vi ikkje berre vernar om rettane våre, men også plikta til å stå opp mot urettferd.
Høgreekstreme har ikkje nokon plass i Noreg, verken i det offentlege rommet eller i skjulte konsertlokale.
Ekstremismekommisjonen har gitt oss verktøy for å styrke motstandskrafta vår mot ekstremisme, og vi som samfunn må bruke desse. Vi må inkludere, vi må dyrke ei sunn ueiningskultur, og vi må ikkje la hets og hat få rom.
Berre slik kan vi sikre at høgreekstreme grupper ikkje får vekse i Noreg. Vi må alle ta ansvar for at demokratiet vårt ikkje vert undergrave frå innsida, og det startar med å setje grenser.
I AUF har vi alltid kjempa mot fascisme og høgreekstremisme, og vi veit kor viktig det er at vi alle tar del i denne kampen. Vi har sett kva konsekvensar det kan få når høgreekstrem ideologi og haldningar får blomstre – terroren 22. juli står som eit smertefullt minne om det. Difor må vi alltid vere på vakt, og vi må vise det samme motet som Hagen viste.
Høgreekstreme har ikkje nokon plass i Noreg, verken i det offentlege rommet eller i skjulte konsertlokale. Takk til dei som tok ansvar og avlyste denne farlege markeringa. Vi må stå saman mot hatet – for eit demokratisk, trygt og inkluderande samfunn for alle.
Les også kommentar: EU-debatten ingen våger å ta (+)
Les også: Kutter i eiendomsskatten – ber bydelene kutte i velferden
Les også: Donald Trump: – Vinner vi her, så vinner vi hele greia (+)
Les også portrett: Øystein Sunde: – Oslo er i ferd med å ødelegge seg selv (+)