Debatt
Klimanasjonen Noreg sin dobbeltmoral
Samstundes som Noreg skryt av å vera største bidragsytar til Amazonas-fondet, eig me eit selskap som øydelegg regnskogen for profitt.

Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Norske statseigde selskap oppfører seg som om det ikkje finns rett og galt så lenge dei ikkje er i Noreg. Er det noko me kan akseptera?
NRK snakkar om ein milepåle i arbeidet med å redde Amazonas når det vert opna opp for bruk av Amazonas-fondet att, no som Brasil har fått ein ny president. Samstundes som Noreg skryt av å vera største bidragsytar til fondet, eig me eit selskap som øydelegg regnskogen for profitt.
Den norske stat eig 40 % av Norsk Hydro, og er den desidert største eigaren. Difor må staten også stilla krav til drifta. Eller er det berre i Noreg statseigde selskap må oppføra seg? Det er hyklersk å stilla krav til andre land sin behandling av sine eigne naturressursar mens ein sjølv eig selskap som øydelegg dei same naturressursane.

Norsk Hydro sin drift av raffineringsfabrikken Alunorte har vorte fanga opp av Bloomberg sine journalistar. Dei gjorde eit djupdykk i drifta og det kom fram forferdelege historier om udrikkeleg vatn, død fisk, kvelande røyk og mutasjonar.
Norsk Hydro meiner det dei gjer er greitt fordi det er lov ifølge Brasil sine lovar. Viss Brasil sine lovar hadde vore gode nok så hadde ikkje Amazonas-fondet vorte fryst.
Viss Brasil sine lovar hadde vore gode nok så hadde ikkje Amazonas-fondet vorte fryst.
Det er dobbeltmoralsk at Brasil sin regjering må vera betre enn lovverket sitt, men ikkje vi. No har dei som må leva i ruinane av Norsk Hydro sin drift saksøkt Hydro i Nederland, der miljølovane er nærmare det me i Noreg vil kalle akseptabelt.
Dette er heller ikkje det einaste selskapet som staten eig og som opptrer uetisk. Yara har blitt sikta for korrupsjon. NRK kunne avsløre at Equinor sin oljeproduksjon i USA øydela naturen rundt.
Det verkar som om staten trur at ein kan oppføra seg uetisk så lenge det ikkje er mot nordmenn. Når skal me byrja å tenka på andre enn oss sjølv? Staten burde byrja å følga med på kva som skjer i sine eigne selskap.