Debatt

Tryggleik for helse og arbeid!

KRONIKK: Det må stillast krav, og vi må ha eit regulert arbeidsliv.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Sølvi Ona Gjul, Stavanger Arbeidarparti

Sjeldan har vel denne hovedparolen på første mai vore meir aktuell! Dagen kunne ikkje feirast som vanleg, men vi samlar kreftene for å sikre tryggleik for helse og arbeid. Med velferdsstaten vår er vi betre rusta enn dei fleste land til å takle krisa og få samfunnet i gang att. Stavanger Arbeidarparti vil bruke handlingsrommet lokalt, og vi vil gjere det vi kan for å påverke regjeringa til å sikre at kommunane får nok midlar til å ivareta forsvarlege tenester og at støtte til næringslivet blir innretta slik at folk har arbeid.

Rogaland og Stavanger hadde relativt høge smittetal ved starten av korona-utbrotet, men resolutt handling gav resultat: Alt kort tid etter krisetiltaka var smittetala kraftig reduserte, og dei har halde seg låge. Det må alle takkast for, både innbyggjarane og dei som har gjort ein storarta innsats i helse- og omsorgstenester, i butikken, i reinhald, i transport og i barnehage og skule. Mange av dei som har stått på mest, arbeider i låglønnsyrke, og mange har gått på jobb med risiko for eiga helse. Dette må ikkje gløymast når tida kjem for lønnsforhandlingar.

I Stavanger har vi til no ikkje hatt smitte ved sjukeheimane, det må vi vere særleg glade for. Det har vore ei krevjande tid for brukarar og pårørande, men besøksforboda er godtekne av omsyn til dei som er særleg sårbare. Alle gler seg over at vi no kan opne for litt kontakt igjen – det er godt å møtast og snakke saman, sjølv om vi må vente med klemmane. Situasjonen i sjukeheimane våre er eigentleg imponerande. Det har vore smittespreiing ved nokre få sjukeheimar her til lands, men situasjonen i Sverige er skremmande: Der har truleg mange store og mange private sjukeheimar gjort det utfordrande å sikre tydeleg ansvar og felles gjennomføring av smitteverntiltak. I tillegg manglar mange helsefagleg kompetanse. I Stockholm har berre om lag halvparten av dei tilsette slik kompetanse, ifølgje professor i geriatri ved Umeå universitet, Yngve Gustafson. Men også vi har noko å lære. Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad har poengtert at utforminga av helsebygg har betydning for smittevern. Kanskje bør vi bygge små og låge sjukehus og sjukeheimar i staden for store og høge? Mange har stått på i kamp mot nedlegging av eit lite distriktsjukehus og fått kostnader og stordriftsfordelar og kompetanseutfordringar til svar. Skulle det blir fleire pandemiar, kan kanskje kostnaden bli større med få og store sjukehus enn med mange små.

Ikkje sidan krigen har talet på permitterte og arbeidslause vore høgare, og regjeringa har levert krisepakkar til næringslivet på løpande band – heilt nødvendige tiltak. Men det måtte kraft til frå Ap og fleire av opposisjonspartia for å få på plass eit minimum av sosial profil på mange av pakkane. Det blir spennande å sjå effekt og utslag, vonleg vil krisepakkane sørgje for at dei fleste kan kome i arbeid når landet gradvis opnar opp att. Men nokre av tiltaka treff skeivt – det er ikkje bra at rikingar kan gjere seg endå rikare på krisemidlar frå Noreg. Skatteetaten har laga ein database med alle bedrifter som får tilskott, og her går det fram at t.d. Travel Retail Norway, som driv taxfreebutikker på flyplassane, i mars fekk 6,9 mill. kroner Dette selskapet har dei siste fem åra betalt ut mest ein milliard kroner i utbyte til eigarane, tyske Heinemann og Norgesgruppen. Opposisjonen ville ha strenge krav til bedrifter som søkte om pengar, men regjeringa fekk støtte frå Frp og nøgde seg med å oppmode om moderasjon.

Snart skal revidert statsbudsjett behandlast i Stortinget, og då vil det bli strid om midlar til kommunane. Regjeringa meiner forslaget inneber at kommunane får det dei treng, men både KS og ei rekkje kommunar seier at reknestykket til regjeringa ikkje er godt nok. KS meiner m.a. at regjeringa ikkje har tatt høgde for inndekning av det samla utslaget av skattesvikt, inntektsbortfall og meirutgifter på grunn av pandemien. Dersom kommunane ikkje får kompensert for dette, går det ut over tenestene. Slik det ser ut no, blir kutt i lovpålagde oppgåver som helse, omsorg, barnehage og skule, ikkje til å kome unna.

Men vi må lære av krisa: Marknadskrefter strekk ikkje til, samfunnet treng ein styringsdyktig og tydeleg stat og ein sterk offentleg sektor. Næringslivet treng støtte og føreseielege vilkår, men vi kan ikkje berge eigarar med skattebetalarane sine pengar kvar gong ei krise rammar. Det må stillast krav, og vi må ha eit regulert arbeidsliv. Vi vil ikkje ha lausarbeidarar som må stå med mobilen i handa for å få strøjobbar i internasjonale selskap på profittjakt, vi må ha faste jobbar og ansvarlege arbeidsgivarar. Og vi må ha beredskap til å tole kriser sjølv om det kostar å ha tomme sjukehussenger og lager av medisin, mat og dyrefor. Det blir spennande å sjå kva den regjeringsoppnemnde kommisjonen kjem fram til – eg vonar dei tar ein skikkeleg oppvask heller enn å medverke til at nokon får «toe sine hender».

Nyleg markerte vi frigjering og fred etter andre verdskrigen, men ikkje slik det var planlagt. Kongen sa i talen sin at i staden for stor feiring, har vi paradoksalt nok fått friheten vår innskrenka. Ikkje sidan andre verdskrig har vi hatt tiltak som har påverka kvardagen vår så sterkt, ikkje sidan andre verdskrig har vi opplevd kor avhengige vi er av våre små og store fellesskap, som kongen sa. Halldis Moren Vesaas skreiv diktet Tung tids tale i 1945, og no gir den første verselina igjen ei sterk oppmoding: Det heiter ikkje eg, no lenger – heretter heiter det vi. Koronakrisa krev at vi stiller opp for fellesskapen. Då kan vi kome oss gjennom dette og førebu oss til å møte framtidige kriser, både i smått og i stort.

Mer fra: Debatt