Debatt

Paradisiske tilstandar

DEBATT: Serien 22. Juli fileristar og set spor. Og er så viktig at alle som orkar, bør sjå han.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Jarl Wåge

Eg har nettopp sett «Cinema paradiso» på NRK TV, og eg tenkjer: «Finst det nokon vakrare film?» Dette medan eg er klimaflyktning i Las Palmas og opplever det mange nordmenn oppfattar som paradisiske tilstandar; sol dag ut og dag inn, «blått hav så langt jeg ser», strand og palmar som vaiar i solgangsbrisen.

På NRK sender dei for tida serien «22. Juli». Eg bestemte meg for å ikkje sjå han. Orka ikkje å få rippa opp i faenskapen, sorga, smerta, vonløysa, sinnet på nytt. Men eg kunne ikkje la vere. Måtte til pers. Så no ser eg han. I porsjonar. Og får rippa opp i faenskapen, sorga, smerta, vonløysa, sinnet på nytt. Sola utanfor blir formørka og solgangsbrisen blir nordavind kvar gong eg set meg foran skjermen. Det må til. Serien fileristar og set spor. Og er så viktig at alle som orkar, bør sjå han.

Kvar einaste gong 22/7 kjem i fokus, dukkar det same bildet opp på min indre skjerm. Sylvi Listhaug sitt famøse face book-innlegg om at Arbeidarpartiet prioriterer terroristar framfor tryggleiken til norske borgarar. Sjeldan har vi sett eit meir gement slag under beltestaden frå ein norsk topp-politikar.

Eit utilsikta utfall av utspelet var at Listhaug blei velta ned frå statsrådtaburetten sin. Eit anna, og langt farlegare, var at det var med på å nøre oppunder AP-hatet i mørke gøymer på nettet der det er glødande intenst. Gøymer som, utan at vi veit det, kanskje husar andre potensielle terroristar.

Eg går langs stranda. Ser solnedgangen setje himmel og hav i brann og tenkjer at det aller styggaste som finst på denne vidunderlege kloden vår, er hat. Blindt, svart, djevelsk og ondt hat.

22. juli-terroristen var ein einstøing som opererte på eiga hand. Men han levde ikkje på ei aude øy. I manifestet som blei publisert i samband med terroren, fortalde han at han blant anna var inspirert av andre sine tankar og idear som var delte på nettet. Også av nordmenn.

Hat avlar hat. Terroristen på New Zealand som tok livet av 50 og skadde 50 i to moskear i Christchurch, proklamerte at han var inspirert av den norske, høgreekstreme terroristen.
På Twitter hamnar eg stadig i diskusjonar med høgreradikale om muslimhatet som breier om seg. Når eg hevdar at dette hatet er jødehatet sin identiske tvilling, får eg kraftig motbør. Muslimhatet er berettiga, får eg vite. Dei prøver å gje det eit skin av noko meir høgverdig, nesten edelt. Nei og atter nei. Hat er hat er hat. Ingen ting anna.

I kommentarfelt opplever vi framleis at enkelte tar 22. juli-terroristen i forsvar. «Han gjekk i krigen for landet vårt og norske verdiar,» seier dei. «Han gjekk bare til åtak på landsvik-politikarar som har lagt seg på rygg for muslimar, globalisme og multikultur.» For noko hentande tøv. Terroren var eit nedrig, feigt og grotesk bakhaldsåtak på alle dei grunleggjande verdiane som har gjort Noreg til eitt av verdas beste land å bu i.

Til dei som prøver å tilleggje terrorisme heltemot, har eg kun ein ting å seie: Ikkje prøv å kle hatefulle udådar i heltedrakt. Det er dei same mekanismene som er i sving anten det gjeld kvinnehat, homohat, jødehat, muslimhat eller rasisme. Det rammar uskuldige og formørkar livet til dei som let seg styre av det.

Og sjølvsagt er det nøyaktig dei same mekanismene som er drivkrafta til islamistiske ekstremistar og deira korstog mot vestlege verdiar. Då Al Qaida på spektakulært vis sende to fly inn i tvillingtårna til World Trade Center i New York, var det eit hatsk og feigt åtak på det dei kallar store Satan, USA. Ikkje bare eit åtak som råka tusenvis av uskuldige, men som forrykte balansen og førte til nye krigar og uro som påverkar ei heil verd.

Det same då terroristar bana seg veg inn i lokala til satiremagasinet Charlie Hebdo i Paris og tok livet av ti tilsette og to politimenn. Grunnen til den hatefulle terroren, var at magasinet hadde publisert karikaturar av profeten Muhammed. Så lite skulle altså til for å utløyse det barbariske åtaket på sjølve ytringsfridomen.

Det skjer igjen og igjen. Islamistiske ekstremistar med ein eigendesigna karikatur av ein gud som dei meiner rettferdiggjer at dei spreier død og forderving, går til lynåtak i by etter by. London, Stockholm, Brüssel, Berlin. Ingen veit når og kvar dei vil slå til neste gong. Men ein ting er sikkert; dei vil slå til igjen. Blinde av hat prøver dei å skape frykt og rive beina under vestlege demokrati.

Folk som forherlegar og idealiserer terror, har ikkje forstått hatet sitt vesen. Dei nektar å innsjå at hat ikkje berre avlar hat, men også vald. Dei vil ikkje ta innover seg at kvart einaste åtak på ytringsfridom, religionsfridom og fridom til å vere kva og kven vi vil, er eit åtak på sjølve fundamentet i tilveret vårt. Ingen må la seg forføre til å tru at desse barbarane, uansett politisk eller religiøs overtyding, er noko anna enn våre fremste folkefiendar. Kvar einaste terrorhandling er til sjuande og sist eit åtak på vår eigen eksistens.

Det går mot kveld her sør. Dei siste solstrålane kysser meg i nakken før eg går inn og lukker døra mot paradisiske tilstandar. Eg gruer meg i det eg skrur på skjermen. I kveld skal eg ikkje sjå «Cinema Paradiso». Det står enda ein episode av «22. Juli» på programmet.

Mer fra: Debatt