Nye takter

Til minne om Dompan

Fødd i 1924 var Arne Domnérus eldre enn Miles Davis og John Coltrane. Kjend som Dompan vart han 83 år før han døydde denne veka, og om ordet nestor har meining, så har han hatt det vervet ein lang mannsalder i eit Jazz-Sverige med gullnamn som Lars Gullin, Jan Johansson, Bengt Hallberg, Georg Riedel, Rune Gustafsson, våre utvandra nordmenn Egil Bop Johansen og Bjarne Nerem, dessutan Roffe Ericsson, Bengt-Arne Wallin og Monica Zetterlund.

Den moderne etterkrigsjazzen kom tidlegare til søta bror enn til oss, og på femtitalet var Quincy Jones der og hadde Dompan som legendarisk solist i storbandet sitt, i ein versjon av «The Midnight Sun will Never Set» som er jazzhistorie. Han hadde ein altsaksofontone som var uforlikneleg vakker, og kven kjenner ikkje soloen hans på plata «Göran Fristorp sjunger Nils Ferlin», med Leif Strands Kammarkör i «Men går jag över Ängarna»? Det er slike evige enger han vandrar på no.

Hiromi i farten

Ho kallar seg berre Hiromi, den japanske pianisten med etternamn Uehara som CD-debuterte i 2003 og i august hadde suksess på nokre norske scener, med bandet Sonicbloom. «Beyond Standard» (Telarc/Mudi) er femte og førebels siste album frå kvartetten med piano, gitar, bass og trommer, og tittelen signaliserer at bandet med rocka versjonar av kjende låtar tar dei eit steg lenger. Det er heilt i orden.

Powered by Labrador CMS