Nye takter
McCoy Tyners gitarkameratar
Pianist McCoy Tyner spela aldri inn plater med gitaristar. På «Guitars» spelar han med fire av dei store, pluss banjoist Bela Fleck på «My Favourite Things».
Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Coltrane-kjennarar i alle land vil vite at denne musikallåten frå «Sound of Music» var eit av Coltranes glansnummer på sopransaksofonen, så då Bela Fleck kom med ønsket sitt, var det nokre augnebryn som heva seg. Men OK, sa McCoy, han hadde spela han før! Stemninga i studio kan du lese om i den framifrå innsideteksten til John Snyder, om det sjeldne møtet der Tyner spelar først med Marc Ribot, så John Scofield, Bela Fleck, Derek Trucks og Bill Frisell. Rytmeseksjonen er i dei beste hender med bassist Ron Carter og trommeslagaren Jack DeJohnette, faktoren som får det til å svinge sterkt under denne studiosesjonen i september 2006. Og mens vi er inne på melodi-ønskje, bad Dereck Truck om «Greensleeves», ein klassikar også i tre fjerdedels takt som Coltrane var med på gjere udøyeleg, og som Trucks med bein i både jazz og rock avleverer propert.
Etter Coltrane
Før året er omme blir McCoy Tyner sytti år, og vil for all tid bli forbunden med John Coltrane, pianist og yngstemann som han var i den klassiske sekstitalskvartetten, som han er einaste gjenlevande av.
Eg møtte Coltrane då eg var 17 og han vart ein storebror for meg, sa Tyner til Dagsavisen då han spela på Molde-festivalen i 2006. I over førti år har han gjort sin eigen karriere, og om han ikkje lenger er like glitrande på tangentane, gnistrar det til tider på denne plata som opnar sterkt med Marc Ribot, gitaristen som fekk det glatte lag av bassist Carter då han ville leggje på ein ekstra gitartone. «Slikt gjer vi ikkje», sa Carter, men Ribot fekk spele ein improvisert duosession med McCoy i staden.
John Scofield trivst som plomma i egget på Coltranes «Mr PC» og Tyners «Blues On The Corner» i samspel med kjende, og etter Bela Fleck og Dereck Truck kjem tre spor med Bill Frisell. Det er det fascinerande møtet på dette albumet, ein gitarist som musikalsk er i ei ganske anna løype enn Scofield spelar McCoys eigen «Contemplations» og to nummer til. Med ein pianist som er alt anna enn musikalsk einspora, og som gjer sitt beste album dette tiåret.
Som bonus får du ein interaktiv DVD frå studiopptaka, der du kan følgje med frå fleire vinklar. Lukke til!
Oddjob på jobb
Oddjob er eit svensk jazzband med namn etter den japanske kraftkaren som er livvakta til Goldfinger i Bond-filmen og knekkjer nakken på folk med bremmen, når han kastar hatten etter dei. Då er det også naturleg å kalle siste album «Sumo», det fjerde til det som i starten mest var eit akustisk kraftjazzband med Per «Ruskträsk» Johansson på saksofon. Eg har dei to første også, og møtte bandet på spelejobb på Blå. Men som dei sjølve skriv, har dei tatt steget inn i den meir elektrisk lydverda, noko som pregar både trompettonen til Goran Kajfes og andre. Tangentmann er Daniel Karlsson, bassist Peter Forss, trommeslagar Janne Robertson, med synth-mannen Stoffe Wallum som gjest. Ein ikkje ueffen CD, men sjå opp for hattebremmen.
«Berre jazz»
«Just jazz» kall det ganske enkelt jazz, eller kall det «berre jazz». I den engelske tittelen på albumet til Aldo Romano ligg det ein lengt, ikkje etter å vere eksklusiv, men kan vi ikkje berre spele jazz? Tanken er ikkje min, men eg nikkar attkjennande til covertekst-skrivar på «Just Jazz», med den italienske «trommeslagaren i fri jazz» som det står i Wikipedia, vinnaren av den danske Par-prisen og mannen som fekk pianisten Michel Petrucciani fram i lyset. Merittlista til den no 67 år gamle Aldo Romano er lang både i Europa og USA, for trommeslagaren som på dette albumet spelar med den franske nestor Henri Texier på bass, Geraldine Laurent på saksofon og Mauri Negri på klarinett. For eit band! Her kjenner du deg heime frå starten med folk som med «Just Jazz» alt anna enn snevrar inn musikken, men lar jazzen utfalde seg i all den fridommen han er og har.
McCoy Tyner
«Guitars»
McCoy Tyner Music (Amigo)
Oddjob
«Sumo»
Act (Musikklosen)
Aldo Romano
«Just Jazz»
Dreyfus (Musikklosen)