Debatt

Radioflaggskip på stø kurs

Dagsnytt-bulletinane i radio er idag fleire – og opplesarane betre – enn då eg sjølv las Dagsnytt for eit par tiår sidan. Med Frode Rekve som sjef.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
mann

Når radionestoren Frode Rekve grip ordet, er det klokt å lytte. Ofte er vi samde, ikkje alltid.

I ein kommentar i Dagsavisen Demokraten er han bekymra for framtida til nyhetsbulletinane i NRK radio. Forhåpentleg vil denne teksten gjere han litt rolegare.

Menneskelege feil kan også forkomme, idag som i Frode Rekves tid i NRK.

Ja. Frode Rekve har rett i at vi har hatt problem med avvikling i sommar, særleg på kveld og natt. Nokre bulletinar er enten ikkje komne på lufta, eller dei er komne for seint igang. Det beklagar vi, slik skal det ikkje vere, vi tar det på stort alvor.

Det er fleire grunnar til problema, oftast knytta til digital avvikling. Og vi jobbar altså for å sikre ei tryggare avvikling. Menneskelege feil kan også forkomme, idag som i Frode Rekves tid i NRK.

Når det gjeld kvaliteten på nyhetsbulletinane i NRK er det mi meining at den gjennomgåande er høgare idag enn før. Men her kan ein jo sjekke med NRK-arkivet, som er tilgjengeleg for den interesserte.

Faktum er at staben i Dagsnytt i dag er den mest erfarne i heile nyhetsavdelinga, uavhengig av plattform. Både på dag og natt. Fleire har hanka inn prisar for godt språk.

Eg var altså sjølv nyhetsopplesar i Dagsnytt-bulletinen for eit par tiår sidan. Så avansert var nok opplæringa ikkje, dagens opplæring står ikkje tilbake på noko vis.

Derimot kan eg hugse fleire tilfelle av at Dagsnytt ikkje kom på lufta. Av ulike grunnar. Slik burde sjølvsagt ikkje skje, verken då eller no.

Faktum er at staben i Dagsnytt i dag er den mest erfarne i heile nyhetsavdelinga, uavhengig av plattform.

Så til det eg oppfattar er kjernespørsmålet i Frode Rekves kommentar. Er det nokon i NRK-leiinga som bryr seg om radionyheter i kortform? Det er det.

I desse dagar er ei breidt samansett gruppe i NRK i sving for å definere korleis nyhetsbulletinane skal vidareutviklast. I alle NRKs radiokanalar. Arbeidet skal munne ut i ei styrking av radionyhetenes tilbod – ganske særleg i landets største radiokanal, NRK P1.

For radioen står sterkt. Og det skal den halde fram med å gjere.

Mer fra: Debatt