Kommentar

Arbeiderpartiet kan framleis finne kursen

Ap bør ha sjølvtillit til å fortelje oss kva prinsipp partiet står for.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

I 2023 er optimisme på vegne av Ap sjeldnare enn skiballett. Det er ikkje så rart. Men eksistensielle kriser er gode tidspunkt for å heve blikket og teikne lange liner.

Regjeringspartiet har landsmøte frå torsdag denne veka og skal mellom anna velje ny (og gamal) partileiing. Det manglar ikkje på politiske brannar å slukke: Ap er inne i ein bratt nedoverspiral forårsaka av mellom anna prisauke, krise og intern borgarkrig. Forteljinga om at dette går rakt til helvette har festa seg blant både journalistar og veljarar.

Ørna av dei norske partia kan lette igjen

I ei måling i mars i Dagsavisen fekk partiet rekordlåge 15,5 prosent. Høgre fekk 36,9 prosent, og ville med det innfridd sjølv Thorbjørn Jagland sine krav til å vere eit verdig regjeringsparti. I etterkant av målinga spurte politisk redaktør Lars West Johnsen seg om det er for seint for både Ap og sosialdemokratiet.

Eg trur slett ikkje det.

Slike politiske tendensar er ofte sjølvforsterkande. Denne opplevinga sat tidlegare statsråd for SV, Bård Vegar Solhjell ord på, då han skildra korleis det var å ta del i vinnarvalkampen der alt vart til gull, og taparvalkampen, der alt vert til gråstein. Ein treng ikkje vere statsvitar for å forstå på kva side av dette skiljet Ap er no.

Sosialdemokratiet har gått tilbake i mange land dei siste par tiåra. Ordet pasokifikisering dukka opp etter at det gamle sosialdemokratiske partiet i Hellas PASOK mista nesten alle veljarar i kjølvatnet av finanskrisa i 2008. I tiåret som fulgte opphørte dei sosialdemokratiske partia i land som Frankrike og Nederland som politisk kraft, og det tyske SDP ramla lågt ned på målingane.

Men motorvegen til politisk irrelevans er ikkje einvegskøyrt.

Standarsvaret på dårlege målingar for Ap-politikarar er at dei må framsnakke politikken sin. Då bør dei starte med å formulere ei tydeleg forteljing om kvar partiet vil ta Noreg. For Ap har ikkje vedteke eit nytt prinsipprogram sidan 1981. Politiske parti nyttar slike program for å slå fast ideologiske prinsipp og skildre dei lengre linene som gjerne fell mellom stolane i vanlege politiske program.

Det rådande prinsipprogrammet nærmar seg altså eit halvt hundreår gamalt. Det er eldre enn noko prinsipprogram sidan Ap vedtok det første av sitt slag i 1909. Det rådande programmet er forfriskande utdatert: Det syner til filosofen Karl Marx, slår fast at partiet bygger sin politikk på den demokratiske sosialismens prinsipper, samt at det er arbeid som skaper verdiene i samfunnet. Mykje har skjedd sidan den gong, både med Ap og Noreg.

Forarbeidet med å utforme eit nytt prinsipprogram vart leia av Hadia Tajik og starta i 2019, men fisla ut i ein introduksjon til det vanlege partiprogrammet. Det hjelper ikkje partiet.

På landsmøtet bør derfor Ap ta opp igjen dette arbeidet.

Prinsipp er stadig relevante: SV har vedteke eit nytt prinsipprogram som inneheld ei rekke politiske og ideologiske nyvinningar. Sjølv AUF vedtok eit eige prinsipprogram i 2020.

Ap er i mindre grad eit intellektuelt orientert seminarparti enn Raudt og SV. Men å ha eit tydeleg politisk prosjekt for kva ein ynskjer å utføre på lengre sikt betyr noko. Det visste i alle fall partiet under sin storheitstid. No som det er vanlege folk sin tur, har Ap mykje å tene på å fortelje kva retning dei ynskjer å ta landet i, utover å handsame vonde kriser.

Det har ikkje vore fullstendig mangel på ideologisk nyorientering dei siste åra. Den danske statsministaren Mette Fredriksen sin distriktspopulisme har openbert påverka tenkinga bak den noverande regjeringa. Men Danmark har ikkje eit Senterparti, og det er vanskeleg å verte meir bondsk enn det gamle Bondepartiet. I 2023 verkar ikkje oppsplitting av fylke og kommunar som store vinnarsakar likevel.

Likevel fortsetter Ap med å marknadsføre seg sjølv på premissa til andre politiske bevegelser. Distriktstekking er no erstatta av slagordet «Skape for å dele», trygt plassert i høgresida sin forståing av økonomi og samfunn. Ap treng prinsipp som veks ut av eigne premiss for å tenke politikk, ikkje slagord som spelar på banehalvdelen til svært ulike prosjekt.

Det finst ingen idétørke i Ap sitt ideologiske omland. Rommet for intellektuell dugnad blant sosialdemokratar er meir ope enn på mange tiår. Det nyliberale verdssynet har gått på nederlag i nærings- og handelspolitikken, arbeidslinja vert utfordra både innanfrå og utanfrå, og den privatiserte staten møtast med stadig sterkare mistillit.

Det står heller ikkje på mogelegheit for sakseigarskap. Avgått partileiar Lysbakken sa i sin nylege landsmøtetale at det er SV som har tatt over Arbeidarpartiets rolle som partiet som utvider velferdsstaten. Sosialdemokratiske parti har stadig ein fordel når det kjem til velferd, arbeid eller materielle levekår.

Storstreiken i april var eit uttrykk for at vanlege folk har blitt råka hardt av dyrtid, men også for at Noreg stadig er velsigna med ein kampklar og slagkraftig arbeiderbevegelse. Til forskjell frå sosialdemokratiske parti i mange andre land har Ap haldt på og utvikla sitt tette samhald med fagforbunda. Raudt og SV har stadig langt å gå for å målbære like breie koalisjoner av veljarar og interesser.For det er ikkje ibuande trist og fælt å vere sosialdemokrat i 2023. Kastar vi blikket på eige nabolag, ser vi at søskena til Ap har gjort det godt sjølv med ulike politiske prosjekt. Til trass for varierande utfall med omsyn til regjeringsmakt, har dei sosialdemokratiske partia i Sverige, Danmark og Finland alle gått fram ved sine siste val. Det syner at det er fleire vegar til siger for samtida sine sosialdemokratar.

Aps svanesong har blitt spådd før. Ørna av dei norske partia kan lette igjen, om den tør å fortelje oss kvar vi skal fly.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen