Kommentar

Vår norske skam

Samfunnet har svikta dei overlevande etter terroren 22. juli 2011.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

I dag er det nøyaktig ti år sidan landet vårt vart råka av ein ondskap vi knapt kunne fatte. Ugjerningane som vart begått den dagen var så uhyrlege både i alvor og omfang at det framleis er vanskeleg å ta inn over seg. Stadig er det nesten uuthaldeleg vondt å lese namna til og sjå bilete av dei 77 menneska som vart frårøva livet.

Vondt fordi dei fleste av dei var så unge. Vondt fordi dei døydde på ein så grufull måte, i smerte, angst, skrekk, desperasjon. Vondt fordi både terroristen sine handlingar og motivet hans for utføre dei var så hinsides groteske.

Ikkje minst er det vondt fordi vi som samfunn har svikta dei som vart råka av terroren på ein grunnleggjande måte. Dei døde, dei etterlatte og ikkje minst dei overlevande. Vi har ikkje klart å ivareta Utøya-generasjonen slik vi skulle. Vi har ikkje gitt stort nok rom til deira forteljingar, deira sorg og sinne, dei vanskelege tankane og kjenslene knytt til det å ha vore målet for eit politisk attentat.

I staden har vi til ein viss grad normalisert delar av tankegodset som låg til grunn for terroristen sitt verdsbilete. Høgreradikale aktørar og idéar har fått meir plass i den offentlege debatten. Vrangførestillingar vi veit kan drepe har friare kår enn før.

Den første tida etter terroråtaka var vi mest opptekne av å styrke og dyrke kjensla av samhald. Hatet skulle møtast med kjærleik. Vi gjekk i rosetog og snakka om meir openheit og meir demokrati. Terroren i regjeringskvartalet og på Utøya var eit åtak retta mot oss alle. Eit åtak mot norske verdiar.

Vi roste oss sjølv for den nøkterne og verdige måten vi gjennomførte rettssaka mot terroristen på. Vi viste heile verda korleis eit sivilisert samfunn skal opptre i møte med barbariet. Vi fortalde kvarandre at dette var eit vendepunkt, det første steget på vegen mot eit nytt og meir mangfaldig Noreg.

Men etterpå? Kva då?

Snakka vi nok om at dette åtaket mot oss alle òg heilt spesifikt var eit åtak retta mot Arbeiderpartiet og AUF? Var vi sterke og målretta nok i kampen mot rasismen, sjølve kjernen i den hatefulle ideologien som låg til grunn for åtaket? Avviste vi dei røystene som ville «nyansere» forteljinga om 22. juli, bagatellisere og bortforklare tankane som tok liv, på ein tydeleg nok måte?

Svaret er, diverre, nokså openbert nei. Vi gjorde det for enkelt for oss sjølv. Vi lulla oss inn i ei behageleg førestilling om at når terroristen var dømt, var jobben gjort. Sanninga er sjølvsagt at det var då den verkelege jobben skulle ha byrja. Jobben med å eksponere og motverke kreftene bak hatet.

Det var lettvint å ty til mantraet om at ingen andre enn ugjerningsmannen hadde noko ansvar for 22. juli. Juridisk er det sjølvsagt ingen andre enn han som har ansvar for handlingane han utførte den dagen, men moralsk er det mange som bér eit tungt ansvar for at vi ikkje har kome lenger i kampen mot dei tankane som gjorde desse handlingane moglege.

Mange har opplevd at den personlege belastinga ved å ytre seg vert for stor.

Den islamfiendtlege og konspiratoriske bloggen Human Rights Service har motteke millionar av kroner i støtte via statsbudsjettet. Peder Nøstvold Jensen (òg kjend som «Fjordman»), det viktigaste ideologiske førebiletet til terroristen, fekk stipend frå Fritt Ord. Ekstremistar vart inviterte inn i varmen, medan offera for ekstremismen fekk beskjed om å besinne seg.

Til tider har det herska ein påtakeleg servilitet overfor stemmer frå ytre høgre, både i norske mediehus og langt inn i regjeringskorridorane. Sjølve konseptet «ytringsfridom» har stundom vore snudd på hovudet. Dei unge AUFarane, som betre enn nokon i dagens norske samfunn veit at ord kan føre til handlingar og at handlingar har konsekvensar, har ikkje opplevd at dei vert tatt på alvor når dei har påpeikt nettopp dette.

Snorre Valen, som i 2011 var stortingsrepresentant for SV, gav nyleg ut boka «Utøyakortet». Her skriv han mellom anna at «de som ble skutt av den høyreekstreme terroristen må passe på hvordan de opptrer, så ikke innvandringsdebatten blir lei seg. På den politiske scenen fikk trollene plass i sola, mens AUF fikk holde seg inne.»

Utøya-overlevande Elin L’Estrange påpeiker i ein kronikk i Aftenposten at «allerede i 2011 forsøkte AUF og overlevende etter 22. juli å ta opp den vanskelige debatten om radikalisering og ekstremisme. Breiviks tankegods. Det var mildt sagt ikke velkomment. Å si at ord betyr noe, møtte sterke reaksjoner fra første stund.»

Ein annan overlevande, Prableen Kaur, var sterkt profilert i tida rett etter terroråtaket, men valde etter kvart å trekke seg tilbake frå den offentlege debatten. «Jeg kjente på at jeg var redd for å snakke om det politiske oppgjøret, fordi man ble redd for beskyldninger om å kneble ytringsfriheten eller dra Utøya-kortet.», seier ho i eit ferskt intervju med Dagsavisen.

Mange har opplevd at den personlege belastinga ved å ytre seg vert for stor.

Det er ei skam for Noreg som samfunn at det har vore slik så lenge. Men det er framleis mogleg å endre kurs. I går beklaga Dagens Næringsliv den belastinga dei påførte dei overlevande då dei hausten 2011 skreiv at «så lenge ofrene for 22. juli ytrer seg i offentligheten, har de også et ansvar» for å «ikke ødelegge den offentlige samtalen om innvandring og integrering».

Det er bra. Fleire bør følgje etter. Ugjerningane 22.07.2011 var politisk motiverte, og det treng vi å snakke meir om. I staden for å framheve stemmer som brukar ytringsfridomen som eit påskot til å innskrenke ytringsrommet for andre, må vi skape ein friast mogleg samtale kring den ideologien som gjorde det mogleg at noko slikt kunne skje i landet vårt.

Det har dei som lever med konsekvensane av terroren kvar dag faktisk krav på.