Debatt

India - ein farleg elefant i fart

I India, verdas største demokrati, blir trusfridommen utsett for sterkare og sterkare press. Det rammar muslimar og kristne.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Johannes Morken, redaktør i Stefanusalliansen

Det gigantiske landet med 1,3 milliardar menneske har i vår brukt seks veker på å halda val, no ventar både vi og India svært spent på oppteljinga. Vil det hindunasjonalistiske partiet BJP som har styrt sidan 2014, vinna igjen?

Statsminister Modi ønskjer at India skal vera ei økonomisk stormakt. Han har lovd at «den indiske elefanten skal reisa seg og koma i fart». Farten er ikkje like stor som han har lovd. Og ambisjonane er stygt skjemde av ei trist utvikling i eit land som tradisjonelt har vore eit sekulært demokrati som har verdsett mangfald og den grunnlovsfesta religionsfridommen.

BJP er eit hindunasjonalistisk parti, som spelar på den strengen at du må vera hindu for å vera ein god indar. Då BJP kom til makta på nytt for fem år sidan, fyrte partiet opp meir ekstreme krefter innan den hindu-nasjonalistiske rørsla, krefter som brukar trakassering og vald for å fremma hindutva-ideologien.

Fri for straff

Ekstremistane rammar religiøse minoritetar hardt, både kristne og muslimar og hinduar av låg kaste. Tidvis oppmuntrar styresmaktene mobbens valdsaksjonar, og brotsmenn går ofte fri for straff, konstaterer United States Commission on International Religious Freedom (USCIRF) i India-kapitlet i sin rykande ferske årsrapport om trusfridommen verda over.

Muslimar er ein av dei utsette minoritetane. I eit land der mange hinduar reknar kyr som heilage dyr, får ekstremistane ofte vidt spelerom for å trakassera og angripa muslimar som slaktar kyr. I ein fersk rapport frå Human Rights Watch (HRW) blir det i detalj dokumentert 11 valdsangrep som kosta 14 menneske livet. Rapporten fortel at mellom mai i 2015 og desember i fjor blei minst 44 menneske – 36 av dei muslimar – drepne i 12 indiske delstatar. Grunnen var slakting av kyr og eting av storfekjøtt. Kring 280 menneske vart skadde i meir enn 100 hendingar i til saman 20 delstatar.

Angrepa har vore leia av det som vert kalla kyrevern-grupper, mange knytte til militante hindu-rørsler som også kan ha band til regjeringspartiet BJP, skriv Human Rights Watch.

Politiet droppa etterforsking

I omtrent alle dei 11 sakene HRW har dokumentert i detalj, gjekk politiet i starten ikkje til etterforsking, dei ignorerte prosedyrane politiet skal følgja eller politifolk hadde til og med ei rolle i drapa og tildekkinga av brotsverka etterpå. I staden for å jakta på og arrestera mistenkte drapsmenn, retta politiet klagemål mot offera, familiane deira og vitna til ugjerningane. I fleire av tilfella forsvarte politiske leiarar, jamvel BJP-tillitsvalde, dei som stod bak angrepa.

En ting er å diskutera heilage kyr. Ein heilt annan ting er å drepa motparten i diskusjonen. «Lynsjing er blitt eit nasjonalt prosjekt», seier den indiske journalisten Mohammad Ali i ein sterk reportasje i The New Yorker. Han skriv bok om temaet og fortel at svært få draps- og valdsmenn blir straffa. Somme blir tvert imot hylla som heltar for å forsvare trua – og fjerna muslimane. Jamvel talsmenn for regjeringspartiet BJP kan halda flammande talar som rammar religiøse minoritetar.

Det kjem rett nok ikkje berre dårleg nytt frå landet. Indias høgsterett har i fleire saker teke sterk avstand frå kyrevern-mobben og utstedt eit detaljert direktiv om vern om religiøse minoritetar. Det store spørsmålet er om dei politiske styremaktene følgjer opp direktiva frå høgsterett, eller om dei let hindu-ekstremistane følgja det religiøst-nasjonalistisk intense kjenslelivet og halda fram angrepa.

Har sleppt laus krefter

Då statsminister Modi starta den lange valkampen i fjor haust, gjekk han for aller første gong ut mot angrepa mot religiøse minoritetar. Men så langt verkar det ikkje som han har verken mot eller vilje til å stagga dei kreftene han har sleppt laus, sjølv om regjeringa hans hevdar at talet på angrep på minoritetar har gått ned.

At utviklinga over tid har gått i gal retning, kan evangeliske kristne i mange indiske delstatar skriva under på. Det har vore vekst i hatefulle verbale og fysiske angrep på kristne i fleire delstatar sidan 2014. Den evangeliske alliansen i India har lenge åtvara mot at den kristne minoriteten kan mista tiltrua til at regjeringa vil verna dei.

I august og september i fjor vart fleire kristne pastorar arresterte i delstaten Uttar Pradesh, somme midt under gudstenester eller bønemøte, medan mobben angreip andre, fortel USCIRF-rapporten.

Kriminaliserer konvertering

Sju indiske delstatar har dei siste åra vedteke lover som kriminaliserer konvertering med hjelp av «tvang og bedrag». Lovene er slik forma at dei kan brukast til eit reint forbod mot å forkynna evangeliet for hinduar med tanke på omvending. Somme av dei nemnde pastorane blei arresterte og skulda for å ha delteke i konverteringsforsøk. I simultane angrep i oktober i fjor, retta hindutva-ekstremistar trugsmål mot fire kyrkjer i Tamil Nadu. Kyrkjegjengarar vart utsette for hatefull tale, angrep på kyrkjebygga og trugsmål mot leiarane. I desember blei ei kyrkje i Kolhapur-distriktet i Maharashtra angripen av ein valdeleg mobb, mange vart skadde like før dei skulle feira jul.

Regjeringa hevdar altså at talet på angrep på minoritetar har gått ned. Men Open Doors fortel i rapporten «We are Indians too» («Vi er også indarar») at talet på angrep på kristne og på muslimar dei første månadane i 2019 var høgare enn i same perioden i 2018. I februar blei to menn drepne, truleg på grunn av trua si.

Bryt opp bønemøte

I slutten av mars blei to bønemøte i delstaten Tamil Nadu brotne opp, det eine av hindu-ekstremistar, det andre av politiet. Hinduekstremistane drog deltakarane ned frå andre etasje og ut på gata der dei brukte bensin for å tenna på biblar og andre bøker. Dette var berre to i ein serie av angrep på bønemøte, kan Christian Solidarity Worldwide melda.

India må gjerne ta sin plass som økonomisk stormakt i verda. Men dersom regjeringa på heimebane bryt ned det verdisettet med mangfald og trusfridom som India har vore bygt på, er det urovekkjande.

Ein indisk elefant som i fart trakkar på dei religiøse minoritetane sine, er ein farleg elefant.

Mer fra: Debatt