Debatt
Ta toget ut i naturen
Vi treng stader der vi kan finne ro og fred. Nasjonalparkane våre er slike stader.

Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Nasjonalparkane til Noreg har hatt mange sommarferieturistar dei siste par åra. Og fleire kan dei få, utan at viktige naturverdiar forringast.
Noreg er eit vakkert land. Nasjonalparkane representerer det aller flottaste vi har av natur. Her har naturen fått vere seg sjølv gjennom generasjonar. I sitt eige tempo, og på sine eigne premissar.

Nasjonalparkane har truleg sett betydeleg fleire av oss nordmenn under korona. Og fleire kan det bli denne sommaren.
Det er mogeleg å ta Bergensbanen frå nettopp Bergen eller Oslo, og gå av på ein av stasjonane der merka turstiar leiar rett inn i nasjonalparken Hardangervidda. Dette er den største nasjonalparken på fastlandet her i Noreg. Her har det vore jakta og fiska i uminnelege tider. Gamle støylar vitnar om seterdrift og beite.
Hardangervidda er også vårt største villreinområde. Villrein er ein nasjonal ansvarsart, som vi har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på.
Vi treng stader der vi kan finne ro og fred – der vi kan styrke kropp og sinn.
Vi står midt i ei klimakrise og ei naturkrise. Sjølv om nasjonalparkane ikkje kan løyse klimaproblema, er dei viktige fordi dei tar vare på heilskapen i økosystema.
Dei gir vern av store område der naturen får betre moglegheit til å tilpasse seg dei endringane som skjer, og dei gir langsiktig vern mot inngrep som kan øydelegge livsviktige område for plantar og dyr. Heilskaplege, velfungerande økosystem gjer naturen meir robust mot klimaendringane vi står overfor.
Fleire og fleire av oss bur i byar, vi lever meir stilleståande liv med mindre fysisk aktivitet. Derfor blir friluftsliv og natur berre viktigare. Vi treng stader der vi kan finne ro og fred – der vi kan styrke kropp og sinn. Nasjonalparkane våre er slike stader.
Nasjonalparkane blir ikkje bygde ned. Her blir det ikkje etablerte hyttebyar, her blir ikkje fossane lagt i røyr. Her kjem ingen motorveg. Det er godt å vite at i ei verd som forandrar seg stadig raskare, framleis finst stader som får fortsetje å vere kva dei var.
Men nasjonalparkane skal ikkje berre ligge der. Regjeringa er opptatt av at den flotte naturen òg skal kunne brukast. Både av lokalbefolkning og turistar. Regjeringa meiner at nasjonalparkane våre òg kan vere ei kjelde til verdiskaping og då særleg gjennom reiselivet.
Ja, den storslagne naturen i nasjonalparkane våre er jo sjølve råvara for norsk reiseliv. Mange av nasjonalparkane er tilrettelagt for ulike brukargrupper. Det er stor variasjon i opplevingar som kan skape entusiasme hos både liten og stor. I nasjonalparkane kan ein utøve friluftsliv og ulike spennande aktivitetar.
Dei er godt brukt, stiane inn til våre mest besøkte turmål. Dei tråkkast ned av både heimlege og internasjonale turistar. Dette betyr ulykker og skader for mennesker, men òg slitasje og forsøpling på naturen. Førebygging og ivaretaking er naudsynt.
Det er det mange som bidreg til, også mange frivillige. Ordninga Nasjonale turiststiar gir økonomisk hjelp til ei rekke tiltak som til dømes stipatruljar, betre informasjon, opparbeiding av stiar, naudbuer og sanitæranlegg. Erfaringane frå Nasjonale turiststiar viser at ein gjennom enkle tiltak kan løyse dei utfordringane som stor ferdsel gir.
Nasjonalparkane er stader vi kan komme tilbake til og kjenne oss igjen i.
God tur i ein av dei vakre nasjonalparkane våre i sommar!