Debatt

Klimakamp er klassekamp

For å hindre ein marknadsstyrt kræsjlanding treng vi konkrete tiltak og pengar på bordet for å sikre ny, grøn industri.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I midten av mai kom IEA – det internasjonale energibyrået – med ein ny rapport som seier at det ikkje er mogleg å opne nye oljefelt om vi skal nå måla i Parisavtalen. Det har lenge vore kravet til miljørørsla, men det er historisk at bransjen sjølv kjem med ei slik melding.

Likevel opnar regjeringa førre veke for oljeleiting i 84 nye felt. Stikk i strid med det klima, økonomi og norske arbeidsplassar treng. For å hindre ein marknadsstyrt kræsjlanding treng vi konkrete tiltak og pengar på bordet for å sikre ny, grøn industri – ikkje reinvaske olja med elektrifisering frå land og fortsette å pumpe opp fossile råvarer som ingen vil ha.

Signalet til styresmakter og investorar er sterkt – nettopp fordi det kjem frå IEA.

IEA vart etablert av dei rike industrilanda i 1974, etter initiativ frå USA sin utanriksminister Henry Kissinger, og kom som eit svar på at dei oljeproduserande landa i sør organiserte seg i oljekartellet Opec. IEA sitt framste mål har sidan då vore å sikre medlemslanda sin forsyningssikkerheit, mellom anna gjennom å bygge opp oljereservar. Den har ei rekke gonger intervenert i den internasjonale oljemarknaden i høve internasjonale kriser, slik som Golf-krigen i 1991 og Libya-krigen i 2011, for å sikre stabil energiforsyning og moderat oljepris.

Når rapporten frå IEA, som ein tung aktør for dei rike landa sine energiinteresser, tar til orde for at det ikkje lenger trengs utbygging av meir olje og gass, er det difor verdt å merke seg. Bodskapen er at medlemslanda må frigjere seg frå å vere avhengige av fossil energi, og istaden utvikle industri og infrastruktur for fornybar energi, fordi det er dette verda vil trenge når vi skal nå Paris-måla og unngå ei temperaturauke på meir enn 1,5 grader. Signalet til styresmakter og investorar er sterkt – nettopp fordi det kjem frå IEA.

Signal er likevel ikkje nok. Så lenge profittdrivne oljeselskap ser lønsemd i, og får lov til, å utvikle si leiteverksemd og produksjon, vil dei halde fram med det. I eit intervju om IEA-rapporten, uttalar sjefsøkonom Eirik Wernes i Equinor at selskapet opprettheldt produksjonen frå eksisterande felt så lenge dei er lønsame, og kontinuerleg vurderer nye prosjekt mot kva for oljepris dei må ha for å vere lønsame. Når selskapet gjer sine investeringsavgjerder, går omsynet til lønsemd framfor omsynet til klimamåla.

For å nå måla, må det konkrete, politiske tiltak til, som endrar oljesektoren sine føresetnadar for kva som er lønsamt og lovleg.

Dette er reine ord for pengane, som viser at ein kapitalistisk oljebransje ikkje frivillig vil sette klima framfor kortsiktig profitt, men tvert om vil fortsette med ei verksemd der verdiskaping og arbeidsplassar avheng av at verda ikkje når Paris-måla. Dersom bransjen får fortsette å dominere, risikerer vi at norsk økonomi blir ute av stand til å levere det verda etterspør når den skal nå Paris-måla.

Difor trengs det ei samfunnsmessig styring som sikrar to mål: 1. Ein planmessig nedbygging av oljesektoren og 2. ei berekraftig omstilling til sirkulær økonomi og fornybar industri gjennom bruk og vidareutvikling av eksisterande kompetanse – ikkje minst i leverandørindustrien.

For å nå måla, må det konkrete, politiske tiltak til, som endrar oljesektoren sine føresetnadar for kva som er lønsamt og lovleg, inkludert:

  • Innføring av ein høg og aukande karbonavgift som blir betalt tilbake med eit likt, månadleg beløp til alle, unnateken dei rikaste.
  • Avvikling av leiterefusjonsordninga og stans i all ny leiteverksemd
  • Bruk av oljeinntektene til statlege fond for fornybar teknologi, infrastruktur og næringsutvikling.
  • Storstilt, offentleg utbygging av grøn infrastruktur i distrikta

Det er ikkje eit alternativ å la alle dei som jobbar i olja i dag, bli ståande utan eit arbeid å gå til. Klimakamp er klassekamp, og klassekamp er klimakamp.

Raudt forstår at kapitalismen – evig vekst på ein klode med avgrensa ressursar – er ein av hovudårsakene til dei menneskeskapte klimaendringane. Vi set ei sosialistisk og berekraftig utvikling av samfunnet i førarsetet.

For å hindre ein marknadsstyrt kræsjlanding hastar det med ein planmessig, demokratisk omstilling. Utan nye oljefelt, og med nye, grøne industriarbeidsplassar.

Mer fra: Debatt