Debatt

Korleis møte distriktsopprøra?

Det er mykje som tyder på at den norske tilliten mellom by og land i dag blir meir tynnslitt.

Oslo  20190514.
Anja Cecilie Solvik i front for Bunadsgeriljaen, som demonstrerer mot kutt og nedleggelser i pasienttilbudet i distriktene med et demonstrasjonstog i Oslo tirsdag
Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Den velkjente motsetninga mellom sentrum og periferi skaper stadig nye opprør i Distrikts-Norge. Kvinnene formar gerilja og går i bunadstog imot nedlegging av fødetilbod, og Senterpartiets Slagsvold Vedum flyg høgt på målingane med sin motstand imot kommunesamanslåing og sentralisering.

Det ulmar eit opprør i Distrikts-Noreg.

Ute i verda ser vi liknande opprør. Sinte røyster frå periferien har ført til politisk polarisering som framveksten av dei gule vestane i Frankrike, Brexit i Storbritannia og valet av Donald Trump i USA.

I Noreg er det ein historisk tradisjon for at politiske løysingar kjem frå ein koalisjon av by og land, men også her heime er debatten til tider svært polarisert. 23. september arrangerer Ruralis Distriktspolitisk landskonferanse som kan vera ein arena for nødvendige alliansar og politiske løysingar for distrikta.

I mange land har brølet frå periferiane i stor grad vorte møtt med frykt og skepsis blant dei urbane elitane. Etablerte kommentatorar åtvara mot dei populistiske «massane» på landsbygda som eit trugsmål mot det liberale demokratiet.

Les også: «En diskusjon om hvem som tok feil og hvem som fikk rett, er lite fruktbar»

Også i Noreg ser vi at det blir åtvara imot «populisme» og regjeringa har i distriktsmeldinga frå i fjor skrive at: «I ei tid der aukande polarisering i andre land set by opp mot land, er det ein grunnleggjande premiss for den norske distriktspolitikken å ta vare på den norske tilliten».

Dei siste sju åra har det vore tatt ei lang rekke politiske avgjerder med felles kjenneteikn: offentleg sektor trekker seg tilbake frå periferien – blir sentralisert.

«Nærpolitireformen» har ført til nedlegging av lensmannskontor i distrikta, ambulansetenesta blir sentralisert, helseføretaka legg ned fødetilbod i distrikta, skulane blir lagde ned, høgskuletilbod blir sentraliserte, militærbasar samlast, kommunar og fylke blir slåtte saman.

Samstundes med dette har det føregått ei ny industrialisering av distrikta med oppdrett og vindkraft som eksempel. Etter kvart har det vist seg at for lokalsamfunna opplevast denne kapitaliseringa av ressursar og areal stadig oftare som ei kolonisering enn som lokal utvikling.

På liknande vis har også rovdyrpolitikken av bygdefolk vorte opplevd som ei ideologisk kolonisering frå sentrum, der næringsgrunnlag og livskvalitet blir teke frå folk.

Les også: Regner med store endringer – her vil nordmenn bo i framtida

Det er altså mykje som tyder på at den norske tilliten mellom by og land i dag blir meir tynnslitt.

Slik har det ikkje alltid vore.

Spissformulert kan vi seie at den norske moderniteten er bygd på ein allianse mellom by og land, og at det er nett dette som har gjort velferdsstaten og den norske modellen berekraftig. Heilt attende til 1814 har leiande byelitar og folk frå distrikta gjennom strid og alliansar bygd opp eit land der ressursane i distrikta og makta i sentrum har vore breitt fordelt.

Slik har vi i dag vorte eit av dei likaste og rikaste landa i verda. Særleg har alliansen by og land vore sentral i nasjonsbyggande prosessar som innføringa av parlamentarismen i 1884 og ved kriseforliket mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet i 1935.

Kan valet i 2021 bli eit nytt slikt merkeår i distriktspolitikken og dermed også for den vidare nasjonale utviklinga i Noreg?

Det må ein tru, så høgt som Senterpartiet og i stigande grad Arbeidarpartiet har gått på banen. Slagsvold Vedum vil misse mye av truverdet sitt dersom partiet ikkje kjem opp med motreformer som kan bidra til å bremse sentraliseringa.

Det same gjeld Arbeidarpartiet, som er kjent for å gjennomføre reformer i offentleg sektor.

Demografien har så langt har vore nådelaus, stadig fleire av oss bur i dei store byane, stadig færre har bakgrunn og kunnskap frå eit liv på bygda. Nye tal frå SSB viser at denne trenden vil halda fram med styrke.

Les også: Vil ha med Frp på reformopprør. – De lever i 1970 eller noe sånt, er svaret

I framtida kan det bli mangel på dei som med sin bakgrunn kan vera brubyggjarar mellom by og land, slike som har bakgrunn frå bygda, som tok utdanning i byen, men som hele vegen hadde med seg perspektivet frå periferien.

Som forskarar har vi eit ekstra ansvar for å skapa bru og tillit mellom bygd og by. Dei siste åra har vi sett altfor ofte korleis det opnar seg ei kløft mellom ekspertar og forskarar i dei store byane, og folk ute i distrikta.

I norsk samfunnsforsking har forskarar som Ottar Brox og andre utvikla omgrepet motekspertise som nettopp vil bygge bru mellom fagfolk og folk flest.

Det er ein historisk tradisjon i Noreg for at politiske løysingar kjem frå ein koalisjon av by og land.

Dette innebar gjerne at ein del av eliten har teke parti med grupper av bønder, fiskarar og arbeidarar. Kanskje er det med inspirasjon frå desse alliansane vi kan utvikla kulturelle institusjonar og økonomiske reformer som kan byggja bru over den nye kulturkløfta mellom dei rotfaste opprørarane i distrikta og dei sentrale elitane?

Her kan forskarane vera med å legga premiss for ein fagleg fundert debatt om distrikta si framtid.