Norge er eit klassesamfunn – pengemakta rår

DEBATT: Norge er eit klassesamfunn, og med dagens regjering har klasseskillene auka monaleg.

Av: Leiv Olsen, Rødt Rogaland

Une Bastholm frå Miljøpartiet De Grønne (MDG) går ut mot Rødt i RA 7. januar. Det er ein gåte at Rødt skyv dei fattige foran seg i kampen mot klimatiltak som verkar, skriv ho. Ho roser Rødt for at me, som dei, vil reversera skattekutta til dei rikaste og i staden letta skattane for vanlege folk, og samtidig løyva langt meir til kommunenorge. «Men når det kommer til vår tids aller viktigste solidaritetssak, klimakrisen, er Rødt uklar,» hevdar ho.

For Rødt vil ikkje ha «grønne avgifter» som verkar som ein flat skatt på alle forbrukarar (og som derfor kostar mest for dei som har minst å gå på i hushaldsbudsjettet). Bastholm skriv at dersom budsjettet til MDG blir vedtatt, vil ein «grønn» avgiftsauke bli meir enn utjamna av skattelette for folk med vanlege inntekter, slik at dei som har dårleg økonomi, samla sett vil få meir å rutta med. Men korkje MDG eller Rødt har kontroll på kva som kan bli vedtatt av forslaga me set fram.

Når MDG foreslår auka avgifter på enkelte vanlege forbruksvarer, er det fullt mulig at det blir vedtatt utan at skatteletten dei òg foreslår, bir vedtatt samtidig. Solberg-regjeringa kan ha interesse av å bruka eit slikt forslag som teikn på sin store miljøvilje, så dei slepp å røra ved det verkelege problemet: tempoet i oljeutvinninga. Dei innførte ei sukkeravgift, lagt på ulike vareslag på nokså tilfeldig vis, så korfor ikkje? Då blir resultatet at dei som har minst å rutta med, får endå mindre å rutta med — punktum.

Norge er eit klassesamfunn, og det er pengemakta som rår. Med dagens regjering har klasseskillene auka monaleg, og det er sjølvsagt ikkje tilfeldig: det er sånn Solberg-regjeringa vil ha det. Dei som støttar politikken til Høgre, blir rikeleg belønna. Me treng eit grønt skifte, og det vil kosta, men då må rekninga sendast til dei som har råd til å betala. Skal me oppnå eit grønt skifte som monnar, krevst det kamp — klassekamp.

Den kan me bare vinna dersom me skapar breie alliansar der fagforeningar, natur- og miljøorganisasjonar, kvinnerørsla, bondelaga, ja, heile det breie folkelege Norge er med og kan pressa dei nødvendige endringane igjennom. Det er inga lett oppgåve å bygga ein sånn allianse!

Då må me fremma forslag som rammar dei som SKAL rammast, storkapitalen og mangemilliardærane som kan bada seg i rause skattegåver frå Solberg-regjeringa, ikkje forslag som skapar splitting i den breie folkerørsla me er nøydde til å bygga.

Dette er tiltaka fra Rødt