Debatt

Stadig oppspinn frå NHO

DEBATT: NHO vil ha oss til å tru at utan EU blir me og alle andre isolerte. Det er ikkje sant.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

AV: ANDERS M. ANDERSEN

Må 60 på Rosenberg slutta når Storbritannia går ut av EU? Det er typisk oppspinn frå NHO, som vil ha oss til å tru at alt anna enn EU er kaos. Det måtte då etter norsk lov vera ulovleg for andre enn folk frå EU å ha arbeid her i landet, og det er det ikkje. Ingen andre enn me sjølv kan stenga folk ute eller senda dei ut herifrå. Dette landet er fritt.

Med EØS-avtalen har Ap, Høgre og Frp gitt alle borgarar frå EU-landa rett til å ta arbeid her i landet, og dei har fått til at dei skal ha løn og vilkår som i landet dei kjem frå. Altså lågare enn norske løner. Denne sær-retten er ingen einerett. Her arbeider folk frå mange land utanfor EU. Det skulle då berre mangla og er vel noko alle veit.

NHO vil ha oss til å tru at utan EU blir me og alle andre isolerte. Det er ikkje sant. EU og britane kan ikkje og vil aldri slutta å handla med kvarandre. Til det er dei økonomiske interessene alt for store, på begge sider. Storbritannia kan ikkje ha interesse av å hindra engelskmenn og skottar frå å arbeida på Rosenberg?  Tåpeleg katastrofeteori.

Partia som har opna for ubegrensa arbeidsinnvandring frå EU dekker over dette med å forby andre å få arbeid her. Då han sat i regjering, laga Gahr Støre dess reglane. Berre flyktningar blir utsette for slikt; slett ikkje engelskmenn og skottar.

Mer fra: Debatt