Kom. Lat oss brenne koranar.

KOMMENTAR: Sidan det er umuleg å dømme folk etter sharialover i Noreg, er det altså dei som ønskjer det, som skal kastast ut. Her må det tankepoliti til, skriv Jarl Wåge.

Av Jarl Wåge, spaltist


«Der ein brenn bøker, vil ein til slutt også brenne menneskje.» Dette er eit sitat frå den tysk-jødiske poeten Heinrich Heine som døde i 1856. Det er nesten så ein lurer på om han hadde profetiske evner.


Omlag hundre år seinare, i mars 1933, eit par månader etter at Hitler kom til makta, starta aksjon bokbrenning i Tyskland. Over heile landet blei det samla inn bøker som ikkje var «i samsvar med den nasjonalsosialistiske ideologi». Desse blei flammande symbol på diktatorisk redsel og forakt for det skrivne ord i svære bokbål. Tilsaman gjekk 25000 bøker av omtrent 2500 forfattarar opp i røyk.

Ti år etter dette tok dei i bruk krematorium i konsentrasjonsleirane. Einaste feilen med dei, var at dei ikkje hadde stor nok kapasitet til å brenne alle dei tok livet av, så det danna seg digre likhaugar.

I Noreg vernar ytringsfridomen om retten vår til å brenne bøker som strir imot vår eiga tru og politiske overtyding. Eller for såvidt alle typer bøker. Så i ytringsfridomen sitt namn er det fritt fram for å lage bokbål her til lands òg.
I 2014 blei den radikale islamisten Ubaydullah Hussain dømt til fengsel i Noreg for å ha kome med trugsmål mot to journalistar og utrykt hatefulle ytringar mot jødar. Då domen (ein svært mild sådan) blei lest opp, reagerte han med vantru og overrasking. Han hadde jo bare nytta seg av ytringsfridomen. Det absurde i hans reaksjon var at i hans idealkalifat ville det ikkje ha eksistert nokon ytringsfridom i det heile tatt.

Nyleg brende SIAN, Stopp islamiseringen av Norge, Koranen på torget i Kristiansand. Dei brende skrivne ord dei ikkje liker. Aksjonen førte, som forventa, til bråk. Ein av aktivistane blei kasta i bakken av ein motdemonstrant. I ettertid har SIAN fått drapstrugsmål. Begge deler fullstendig uakseptabelt og ei sak for politiet.

Etter aksjonen i Kristiansand har ei av dei mest markante aktivistane, Ellen Due Brynjulfsen, vore sers aktiv på Twitter. Og la det vere heilt klart; ho vil ha større bokbål. «Det er på tide å brenne en Koran i hvert hjem, filme det og dele det på nett,» kvitra ho. Og føyde til: «La oss vise at i Norge er det det menneskeskapte demokrati som gjelder.» Det skal vi altså vise med bokbål!

Det stoppa ikkje der: «Vi kaster Koranen med farleg søppel og setter fyr på den. La den brenne i evig tid sammen med Muhammed.» På same vis som Ubaydullah Hussain hevda at det var hans demokratiske rett å innskrenke andre menneskje sin fridom, går altså SIAN i ytringsfridomen sitt namn til åtak på, ja, nettopp, ytringsfridomen.

Brynjulfsen blei spurt om kva denne islamiseringa av Noreg dei prøver å stanse, går ut på. Ho svarte at dei vil sende heim dei som ønskjer sharialover. Sidan det er umuleg å dømme folk etter sharialover i Noreg, er det altså dei som ønskjer det, som skal kastast ut. Her må det tankepoliti til.

I kampen mot islamiseringa av Noreg vil det bli forbod mot religiøse plagg. Om det inkluderer det jødiske hovudplagget Kippa og nonnedrakter har Brynjulfsen ikkje svart på. Dessutan vil dei ha forbod mot delte klasser.
Cervantes sin tragikomiske figur, Don Quijote, gjekk til åtak på imaginære fiendar. Vindmøller han trudde var farlege kjempar. Det gjekk ikkje bra. Vindmøllevengjene som fekk ekstra fart av vinden, kasta både Don Quijote og den gebrekkelge hesten hans, Rocinante, enda lenger ut på viddene.

Kjell Ingolf Ropstad tok ein Don Quijote då han lova å kjempe med nebb og klør mot eittbarnspolitikk. SIAN gjer nøyaktig det same. Deira vindmøller er sharialover; som heldigvis ikkje er verksame her i landet. Og delte klasser. Sjølv om vi ikkje deler klasser etter kjønn her i landet.


Ellen Due Brynjulfsen er ikkje bare aktivst i SIAN. Ho har òg grunnlagt og er leiar for Selvstendighetspartiet. Lat oss tankeeksperimentere og sjå føre oss at hennar meiningsfellar skulle komme til makta her i landet. Skal tru kva slags bøker som hadde hamna på bålet då? Alle Koranar, sjølvsagt. Kva med bøker som tolkar Koranen? Lærebøker? Bøker som fortel om Muhammed? Bøker på arabisk? På urdu? Alle slags bøker dei ikkje liker? Det kan bli gedigne bokbål på torga i Noreg, og ytringsfridomen vil få om lag same kår her som i eit islamistisk kalifat.


I partiprogrammet til Selvstendighetspartiet står det mellom anna: «Islam hører ikke hjemme i Norge.» Då meiner dei vel at dei som praktiserer Islam, heller ikkje høyrer heime her? I 2017 var det ca 200 000 muslimar i Noreg. I dag enda nokre fleire.

Korleis har dei som meiner at muslimar ikkje høyrer heime her, tenkt å kvitte seg med ei folkegruppe som er like stor som talet på innbyggjarar i Bergen? Skal dei tvangssende dei ut av landet? I tilfelle kvar? Kor mange internasjonale avtaler er dei viljuge til å bryte for å gjennomføre deportasjonen? Om dei ikkje klarer å få dei ut av landet, korleis skal dei då kvitte seg med dei?

SIAN og meiningsfellane deira insisterer på at dei er dei fremste forsvararane av norske verdiar og det norske demokratiet. Det skremmande er at det i deira idealsamfunn blir usedvanleg trange kår for ytringsfridom. For religionsfridom òg, for den saks skuld, sidan dei vil diktere kva folk skal få lov å tru på.

Vi har sett, og ser, mange døme på samfunn der dei sensurerer det skrivne ord og fjernar folk som trur på feil Gud eller ideologi. Eit samfunn leia av SIANistar kan, ironisk nok, komme til å bli omtrent like demokratisk som eit eit kalifat leia av islamistar.