Klar tale fra dei unge: Sjå oss!

KRONIKK: Arbeidsløysa blant ungdom er rekordhøg. Det haster med tiltak, skriver Anne Kristin Bruns (KrF).

Skrevet av: Anne Kristin Bruns, medlem i utvalg for helse og velferd, KrF

Eg hugse det som det skulle vore i går. Det er sommar og eg skal starte i min første sommarjobb, på ein aldersheim. Denne jobben gav meg både utfordringar og spennande oppgåver. Eg måtte ta ansvar og stå for det, og eg måtte gjere ting som eg ikkje hadde gjort før. Dette gjorde meg meir kjend med meg sjølv og det var med å forma med i forhald til mitt framtidige yrke.  

Denne våren har vore særleg utfordrande for mange av ungdommane våre. Livet vart sett på vent over natta der alle aktivitetar vart avlyst, alle avtalar måtte utsetjast, lappen kunne ein ikkje ta, eksamenskonsertar som dei hadde øvd til i 3 år vart avlyst, idrettsstemner, arrangement og studieturar vart det ikkje noko av, og så var det heimeundervisning og isolasjon. Heldigvis har dei  sosiale medier, men likevel. 

Mari Rege skriv i ein kronikk i Dagens Næringsliv i juni at for mange unge kan pandemien bli starten på eit livslangt utanforskap. Ungdomsledigheita er rekordhøg og det haste med tiltak som gjev ungdom ein arena å høyre til, kjenne på meistring og læring. Ungdommane har ikkje ei fagrørsle som står opp for dei. Dei har ikkje ein lang CV å vise til, eller dei er godt i gang med eit studie som det faktiske ikkje lenger er jobb til. Opp mot 200.000 personar er no registrert som heilt eller delvis ledige, og det utgjer 7,1% av arbeidsstyrken. I aldersgruppa 20-24 år er arbeidsløysa heile 11 % skriv Mari Rege og ho er uroleg for både den psykiske og mentale situasjonen for ungdommane på lang sikt. 

Det er færre som etterspør denne arbeidskrafta og konkurransen er stor. Med så stor ungdomsarbeidsløyse og omfattande kunnskap om korleis dette kan ramme ungdommane livet ut, er det underleg at vi ikkje høyre meir om dette i samfunnsdebatten om koronatiltak.  

I krisa som Stavanger stod overfor i 2015  etablerte kommuna saman med NAV og Greater Stavanger ein mulighetsterminal der ein møttest og fekk til dømes hjelp både til jobbsøking, møte andre som var i same situasjon og opplæring i korleis sette opp ein CV. Tiltaket vart avslutta i 2018 når arbeidsløysa var redusert. No er vi komen i same situasjon om ikkje verre. Kva kan vi gjere no? 

I møtet for Utvalg for helse og velferd i mai hadde vi ein rapport om nettopp dette tiltaket. KrF, Ap og SV fremma eit forslag til vedtak som bestod i at utvalget ba kommunedirektøren om å opprette kontakt med aktuelle samarbeidsaktører så raskt det lar seg gjere for å sjå på erfaringar og element frå konseptet med mulighetsterminalen, og sjå korleis ein i denne tida kan få til noko liknande. Dette vart einstemmig vedteke. Om det ikkje hjelpe alle, kan det i alle fall hjelpe nokon. 

På fylket er KrF nøgd med at Rogaland er i gang med aksjonen «Læreplassjeger». Regjeringa har fått inn ei styrking av denne aksjonen på 5 millionar kroner som skal fordelast til fylka.

Rogaland var blant de tre flinkaste fylka til å tilby lærekontraktar i fjor. Vi treng at fleire ungdommar får moglegheit til å fullføre fag- og svennebrevet sitt.

I tillegg har regjeringa og Stortinget ved revidert nasjonalbudsjett etablert 1500 nye fagstudieplassar i Noreg, og i Rogaland har vi fått 115 ekstra studieplassar. Det er ein sterk etterspurnad etter yrkesfagleg utdanning i næringslivet, og arbeidsgjevarar etterlyser fleire fagarbeidarar. KrF er svært nøyd med satsinga som det no er semje  om. NHO har gjennom ei kartlegging lagt fram oppdaterte tall på kor mange ein treng årleg for denne typen utdanning og ein ser at behovet er aukande. For dei som skal i gang med utdanning og som ser for seg ei yrkesfagleg utdanning er dette godt nytt.

Det kjem ei tid etter korona. No står vi i ein veldig spesiell tid og med høg arbeidsløyse, men desto viktigare er det at vi bruke denne tida til å sikre kompetansepåfyll slik at vi står betre rusta for vidare vekst når vi er tilbake til normalen. 

Sommaren står for døra, og å få seg ein sommarjobb har for mange vore vanskeleg. Studentar har hatt deltidsjobb i studietida, og har ikkje rett på ledigheitspengar, når dei ikkje får jobben sin tilbake. Kva treng ungdommane frå oss vaksne i denne tida? Gjennom ungdataundersøkinga gjev ungdommane oss vaksne eit klart svar.

- Bruk oss, ha fokus på det vi får til og ikkje det vi ikkje får til slik at vi kan ha tru på at vi er gode nok som vi er. Vi treng vaksne som er tilstades og snakke med oss. Sjå oss! Det kan vi alle gjere og vise at vi både bryr oss og ser dei.

God sommar.