Nyheter

Farleg nasjonalisme

DEBATT: FN har segla opp som hatobjekt hos segmentet som går i fistel over ein muslimsk minister.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Jarl Wåge, skribent.

1. mai ligg bak oss. Arbeiderane sin internasjonale kampdag for solidaritet og mot undertrykkjing og utbytting. Datoen som også er innfallsporten til kanskje den nydelegaste og i alle fall den mest nasjonalistiske månaden her til lands.

Då snakkar vi om den gode nasjonalismen som fungerer som lim og knyter folket saman. Som gjer oss stolte av dette fabelaktige landet vårt. Av historien, grunnlova, flagget, nasjonalsongen og han som innstifta da’n. Klimaks kjem 17. mai med ei feiring så overdådig at vi hemningslaust gaflar innpå med nasjonalisme til vi er raude, kvite og blå frå topp til tå.

I år blir ikkje feiringa slik vi er vane med. Korleis kan ho det når vi må halde avstand og ikkje vere saman i store flokkar? Dei fyrste endringane har alt dukka opp. Den obligatoriske «flaggdebatten» har uteblitt. Den som, sikkert som amen i kyrkja, i mars/april blir dratt i gong av ein Frp-politikar. «Ingen utanlandske flagg i norske 17. mai-tog-debatten». Like komisk og underhaldande kvart år. Spesielt sidan det knapt finst utanlandske flagg i 17. mai-toga. Dei kunne like gjerne ha starta ei «ingen torskar i norske lakseelver-kampanje».

Men sjå om det ikkje på mirakulaust vis dukka opp ein pins-debatt med eit snev av flagg i staden. Den ferske kulturministeren, muslimen med pakistanske anar, Abid Raja, var freidig nok til å ha på det dei som elskar å hate han, kallar ein FN-pins på jakkeslaget. Høgreradikale av alle fargenyansar tasta flengande kommentarar på sosiale media om denne snikislamiseringsapostelen som i deira auge er så heidundrande illojal mot norske verdiar.

Det nyttar ikkje å motargumentere med at det er ein FNs bærekraftsmål-pins som symboliserer internasjonal satsing for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane. Ei heller å påpeike at både kongefamile og andre regjeringsmedlem smykkar seg med den same pinsen.

FN har nemleg segla opp som enda eit hatobjekt hos det same segmentet som går i fistel over ein muslimsk minister. FN er sjølve dyret i åpenbaringa som overstyrer vår nasjonale sjølvråderett og er hovedeksponent for globaliseringa i verda. Og er det noko som er hakket verre enn muslimske ministrar og FN, så er det globalisering.

Frp sin aldri kvilande anti-innvandringspolitiske talsperson, Jon Helgheim, let seg på patriotisk vis avbilde på Twitter med ein norsk flagg-pins på jakkeslaget og lova at han aldri skal la ein FN-pins få smusse til kleda hans.

På Twitter deler høgreradikale bilde av ein plakat med raud skrift på svart botn og følgjande påskrift: «Oppfordrer alle norske patrioter å bære en pin av det norske flagget».

Her ser vi ein heilt annan type nasjonalisme enn den som blømer på 17. mai. Ein vi er betre enn dei-nasjonalisme. Ein Noreg for nordmenn-nasjonalisme. Dette er den farlege nasjonalismen. Den som fungerer som dynamitt og er i frammarsj i store delar av verda.

Oslo Frp har vedtatt at moderpartiet skal bli eit «parti for patriotar» som mellom anna skal jobbe for å styrke nasjonalstaten. Noko som ikkje akkurat er nytt i historisk samanheng. Fram i minnet dukkar eit parti som heitte Nasjonal Samling.

Denne typen nasjonalisme var ein viktig årsak til to katastrofale verdskrigar som starta i Europa i løpet av 25 år. Før 1. verdskrigen konkurrerte mektige europeiske statar om å bli sterkast og mektigast mellom anna ved å skaffe seg koloniar. Og det var nasjonalisme som dynamitt som utløyste krigen då ein ung serbisk student, Gavrilo Princip, tok livet av det østerriksk-ungarske kronprinsparet i Sarajevo 28. juni 1914.

Ein gal psykopat som kom til makta i Tyskland i 1933, drøymde om «Det tredje tyske riket» og albogerom for sitt overlegne ariske herrefolk. Alle veit korleis det gjekk.

Etter 2. verdskrigen har det som no heiter EU, blitt eit viktig fredsskapande element i Europa. Bortsett frå ein frykteleg krig på Balkan, igjen utløyst av blant anna nasjonalisme som dynamitt, har det vore fred i Europa i 75 år.

No ser vi at nasjonalistar set alle klutar til for å få EU til å gå i oppløysing. Høgrepopulisten Nigel Farage opplevde ein stor personleg siger då britane stemte ja til Brexit.

Ein siger som inspirerte høgreradikale Marine Le Pen til å jobbe enda hardare for Frexit i Frankrike og Gert Wilders for Nexit i Nederland. Motivasjonen er sjølvsagt for dei, som for Brexit-Farage, å kjempe imot globalisme, styrke nasjonalstaten, stoppe den frie flyten av menneskje over landegrensene og kaste av seg det overnasjonale åket dei meiner EU representerer.

Det bisarre oppe i det heile, er å sjå korleis sosialistiske parti har blitt våpendragarar med dei høgreradikale i ein absurd, uheilag front i kampen mot EU. Motivasjonen og grunngjevinga for sosialistane skil seg frå høgrepopulistane sin vere-seg-sjølv nok-tankegong. Men når dei norske venstrepartia går inn for å skrote EØS-avtalen Noreg har med EU, vil dei på same måte som høgrepopulistane, vere med på å svekke EU om dei lukkast.

I dei to EU-vala i her i landet stemte eg for å halde Noreg utanfor unionen. Det hadde eg ikkje våga i dag. Det er så mange konkurrerande og kolliderande interesser og krefter i Europa at utan den fredsskapande og konfliktdempande effekten EU har, er det absolutt muleg at farleg nasjonalisme kan rive verdsdelen i fillebitar igjen.

Mer fra: Nyheter