Debatt

Ikkje mitt Hillevåg

KRONIKK: Ein gong var det visst eit hyggeleg torg der. Eit torg der folk kom frå bygdene rundt og tilbaud produkta sine, skriv Jarl Wåge.

Lyssatt fontene, flere sitteplasser, nytt steinlagt underlag er blant mange oppgraderinger på Hillevåg torg som gjenåpnes tirsdag ettermiddag. Foto: Thor Erik Waage
Hillevåg torg. Foto: Thor Erik Waage
Publisert Sist oppdatert
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Ein klimaflyktning har kryssa sine spor og er attende i Noreg etter tre månader i varme strok. I løpet av nokre timar reiste eg frå pluss 26 grader i Las Palmas til nordavind og snø i lufta i Siddisland.

Vel heime i det som er i ferd med å bli Stavanger sin hyggelegaste bydel, Stavanger Øst og Lervig-området, oppdaga eg raskt at folk sanneleg ikkje har lege på latsida her medan eg var borte.

Det er intens byggjeaktivitet på alle kantar. Nye bustadblokker tar form, og eg er ganske lukkeleg over at eg ikkje er pleiepasient på Lervig Sykehjem akkurat no. Der er dei omringa av anleggsverksemd, støy og støv. Dynamittsalver får jorda til å skjelve. Gravemaskinar gjer konstant det dei er best til; å grave. Betongbilar og digre lastebilar som køyrer stein, går i skytteltrafikk. På eine sida skal det bli fleirbrukshall, skule, kontor og butikk. På andre sida har ny brannstasjon byrja å ta form. Trøysta får vere at det blir bra og fint til slutt.

La oss ta turen til ein annan bydel der eg er ganske ofte; Hillevåg. Det har lenge vore snakk om eit prosjekt med det forlokkande namnet Mitt Hillevåg. Og eg har tenkt: «Endeleg skal denne bydelen rustast opp». Med fare for å trakke på alle hillevågentusiastiske tær; Hillevåg er ikkje koseleg. Ein bydel å trivast i treng hyggelege, intime plassar, fin arkitektur, cafear og restaurantar, møteplassar der ein kan sitte og nyte folkelivet.

For meg er Hillevåg ganske så kaotisk. Trafikken er intens. Det ser ut som om ein kjempeneve har kasta bygningar rundt omkring. Bygningar som husar Jula, Jysk og bilforretningar. For ikkje å snakke om Kilden, eit digert kjøpesenter. Nesten som ein altfor stor gjøkunge. Ein stad ein kjører til, kjøper ting for så å dra heim. Kos og atmosfære er ikkje akkurat det som kjenneteiknar slike handelskatedralar.

«Det er ein plass i Hillevåg,» vil nokon innvende. «Like foran Kilden.» Rett skal vere rett. Ein gong var det visst eit hyggeleg torg der. Eit torg der folk kom frå bygdene rundt og tilbaud produkta sine. Torget er der ikkje lenger. Plassen har blitt gjort om til ein steinørken fullstendig blotta for atmosfære.

Om nokon av ein eller annan grunn skulle finne på å setje seg der, bør dei ta med stol. Ja, altså, om dei ikkje tykkjer det er stas å sitje på nokre kalde, harde betongbenkar som er plasserte utover. Når sant skal seiast, er det eigentleg ein plass som berre passar til å bli gått over eller forbi.

Dermed tar tankane eit sidesprang til det gamle torget i Stavanger sentrum. Eg budde her i byen den gongen torget av fullt av salsboder. Det var eit yrande liv der. Vi stoppa opp, handla, prata. Trappene var fulle av folk som sat og såg på livet.

Og no? Enda ein steinørken. Ein steinørken som til og med kosta millionar av kroner og som har null og niks å by på. I lange periodar av året er det ikkje anna enn kald vind der. Snart skal Nytorget opp(ned)graderast. Eg tenkjer med gru på kva dei kan finne på der.

Tilbake til Mitt Hillevåg. Det viser seg at det ikkje handlar om ei utvikling av bydelen Hillevåg. I Spania overnatta eg ein gong på eit hotell som hadde følgjande omtale av seg sjølv i brosjyren: «Set between the devil and the deep blue sea». Djevelen i denne samanhangen var ein sers tungt trafikkert motorveg. Mitt Hillevåg, har eg oppdaga, er rett og slett fleire hundre bustader som skal pressast inn mellom den tungt trafikkerte Hillevågsveien på eine sida og jarnbanen på den andre.

I løpet av dei tre månadene eg har vore borte, har det på mirakulaust vis reist seg ei høgblokk der (det skal visst komme fleire). Der reklamerer dei med fabelaktig utsikt mot fjord og fjell. Det er nok riktig for dei som er så heldige at dei har råd å kjøpe leiligheit som vender mot fjord og fjell og som dessutan ligg i dei øverste etasjane. Dei andre har truleg utsikt rett inn i dei tre nye blokkene som blir omtalt som Konsulens Brygge eller mot resten av Mitt Hillevåg. Konsulens Brygge kan i alle fall skilte med utsikt. Det vil seie; om leiligheitene vender riktig veg. Viss ikkje, har dei utsikt til ein trafikkert veg, jarnbanen og Mitt Hillevåg.

Namn på bustadprosjekt er viktige. Mitt Hillevåg bêr i seg løfte om atmosfære og stemning, intimitet og hygge. Men det blir ikkje mitt Hillevåg. I Stavanger Øst reklamerer dei no tungt for Fargehusene. Dette er bustadblokker med spennande arkitektur og spenstige fargar. Og nærmaste nabo? Ein trafikkert veg, rundkjøring og innkøyring til ein enda meir trafikkert tunell.

Enkelte tenkjer kanskje: «Typisk. Han der er ein slik innflyttar som bare har kritikk å komme med om Stavanger.» Så før eg blir kjeppjaga her i frå, la meg skunde meg å seie at eg elskar Stavanger. Det er ein koseleg, triveleg og variert by som har massevis av tilbod. I går gjekk eg langs hamnepromenaden og Vågen til Bjergsted, gjennom Gamle Stavanger og tilbake gjennom sentrum og Pedersgata. Pedersgata som er i ferd med å bli ei fabelaktig matgate.

Medan eg vandra av garde, tenkte eg kor privilegert eg er som får bu i denne byen. Vi må bare passe på å ikkje gje desse som er så glade i betong og granitt, altfor fritt spelerom.


Powered by Labrador CMS