Reportasje

Ei siste stund med Helena. Seremonien er over. Etterpå skal dei løfte ho opp, bere ho forbi alle sine kjente og kjære, og ta dottera si med på hennar første og einaste køyretur.

Saman

Rundt mor, far og Helena susar det frå dei andre kuvøsane i rommet. Innimellom tre pustande babyar blir desse to foreldra tvungne til å følgje si dotter inn i døden.

Av: Hanna Huglen Revheim (artikkelforfattaren fortel si sjølvopplevde historie)

Ho og han. Det startar i ein vinter. I iskald vind og tjukk, våt snø som klistrar seg til kleda. Den grå buksa har lagt seg som eit kaldt, tett lag om beina hennar. Vinden og snøen og dei to. Det er tidleg morgon. Brøytebilen er ikkje kommen enno. Snøen bles innover byen. Alle tre, veggar og vegar blir måla kvite.

Når blei det dei to? Når er det noko startar? Den dagen dei snakka om det, kanskje. Eller den dagen dei valde å ikkje gå. I tidleg, vestlandsk vår gror kjærleiken. Dei ligg på graset og snakkar saman. Et frukost på ein benk. Er forelska.

Hei
Du må ha et aktivt abonnement for å lese videre

5 uker - 5 kroner

KJØP

Powered by Labrador CMS