Nye takter
Frodejazz i det fri
Få nyhetsbrev fra Dagsavisen. Meld deg på her!
Altsaksofonisten Frode Gjerstad er den norske frijazzens nestor som med base i Stavanger stadig går sine eige løp og ofte møter sine musikalske åndsfeller i vest enten det er på dei britiske øyane eller hi sida av Atlanterhavet. Som når han på omslaget til «Good Question» (FMR Records/Musikklosen) fortel at han møtte saksofonist Sabir Mateen på ein session i New York i 1996 og vart samd om å møtast att «sooner or later». Resultatet av møtet i 2004 er no å høyre når dei i felles men fri flukt fabulerer saman på eit sprekt duoalbum der det eine hornet bit det andre i halen og omvendt og det lyder som fri glajazz om våren.
Frode spela med den engelske trommeslagaren John Stevens i mange år og «Keep On Playing» (FMR/Musikklosen) innspela i 1994 er den siste duoinnspelinga dei gjorde før Stevens døydde. Kanskje også den beste. «Keep on Playing» heiter det heile vegen frå første til femte spor.
Pianisten John Hicks (bildet) er død 65 år gammal. Sidan han byrja i Art Blakeys Jazz Messengers i 1964 har han vore allround-pianist i særklasse i USA og for Betty Carter var han også den store akkompagnatøren. Han har medverka på hundrevis av plater med eigne og andre sine band. Sist han var i Norge spela han med Mingus Big Band.