Ut med sykkelfeltet!

Fadesen i Dronning Eufemias gate viser kvifor vi må slutta å byggja sykkelfelt.

Den nye paradegata i Bjørvika skulle visa fram miljøbyen Oslo. Fotgjengarar, syklistar og kollektivreisande skulle prioriterast. No er gata opna – heilt utan tilrettelegging for sykkel. Til hausten skal det koma eit sykkelfelt i kvar retning, men inntil vidare vil ikkje vegvesenet ha syklistar i gata. Bilar og bussar må få læra inn dei nye køyremønstera sine i fred for brysame tohjulingar.

Etter førti års venting på samanhengande sykkelveger i hovudstaden, greier vi vel nokre månader til. Den verkelege skandalen er at Dronning Eufemias gate er planlagt med sykkelfelt i utgangspunktet. Smale sykkelfelt langs ei hovudgate er som grusdekke på ein motorveg: upassande, farleg og frykteleg dyrt i lengda.

Eit sykkelfelt er ikkje for alle. Syklistar må tenkja og opptre som om dei køyrde bil. Bymiljøetaten i Oslo seier det rett ut: sykkelfelt er for dei vaksne og spreke. Born og unge må gjerne sykla til fotballtrening og skule, men sykkeltur til sentrum med bestemor er utelukka. Alle som ikkje likar å «samhandla» med stressa lastebilsjåførar og fulle bussar i vegkryss, bør la sykkelen stå. Skal vi tru kommunens eigne tal, gjeld det ni av ti potensielle syklistar.

Kjenner du deg utrygg når sykkelfeltet forsvinn i eit kryss, er det meininga. Du skal ikkje slappa av og gløyma vikeplikta. I byen med det store hjarta skal bilistar og syklistar «ta omsyn til kvarandre». For syklistane skjer det med hjarta i halsen. No malar kommunen opp såkalla sykkelboksar, som skal gje deg eit lite forsprang ut i krysset. Men pass på at du kjem inn i boksen på raudt lys. Kjem du frå sykkelfeltet på grønt og skal rett fram, har du like stor risiko som før for å hamna under ein høgresvingande bil. Løysinga er enkel: innfør eigne lyssignal for sykkel, og fjern konflikten mellom trafikantgruppene.

I området Kirkegata/Skippergata står 23 butikklokale tome. Fjerninga av gateparkering til fordel for sykkelfelt vart nådestøyten for handelen. Utrivelege gater med handel har vorte utrivelege gater utan handel. Ikkje er dei gode å sykla i heller. Sykkelfelta er støtt blokkerte av feilparkerte bilar. Dette kunne vore bilfrie «sykkelgater» med breie fortau, uteservering og eit attraktivt handlemiljø. Handelsnæringa seier sjølv at dagens bilfrie område er dei beste handlegatene i byen.

For politikarane kan 1,5 meter raud asfalt på vegskulderen verka billegare enn ein brei, skjerma sykkelveg. Men reknestykket må ta med kor mange som har nytte av vegen. Eit sykkelfelt tilpassa oss våghalsar som syklar i i byen uansett, har berre kostnader. Ein sykkelveg for alle mellom åtte og åtti har ein nytteverdi som langt overstig kostnaden. Difor har verdas beste sykkelbyar slutta å byggja sykkelfelt der det er plass til noko betre. Er det ikkje plass i utgangspunktet, tek dei plassen frå bilane. Særleg når dei lagar 43 meter breie paradegater frå botnen av.