Nyheter

Trygd, arbeidsliv og overklasse – om Nav-skandalen

I NAV-sakene har det vore rettsprosessar, men me kan jo spørre oss om dette meir har vore juridiske, rituelle knebøyningar for påtalemyndigheit, forsvararar og dommarar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Jo Jenseg, leiar i LO i Stavanger og Omegn

Årsakane til det som blir omtalt som NAV-skandalen er først og framst å finne i framveksten og hegemoniet til ein overklasseideologi i arbeidsmarkeds- og trygdepolitikken. Ein ideologi som er sterkt representert blant toppolitikarar og toppbyråkratar i departement og direktorat. Korfor er det ingen som stiller spørsmål ved menneskesynet til dei som unnlater å handle når dei veit, eller i det minste forstår at det er ein sjanse for at folk blir fengsla på grunn av feilaktig tolking av regelverk?

Det me har sett i denne NAV-skandalen er resultat av det menneskesynet som utviklar seg under ein slik overklasseideologi. Det er ikkje så farleg om det blir nokre til av desse «uverdige» som må møte i rettssystemet, som blir politianmeldt, som må sone i fengsel og får tilbakebetalingskrav (som sannsynlegvis bidrar i ennå større grad til å holde dei utanfor arbeidslivet). Sidan dei første trygderettsdommane i 2017 har det jo tydelegvis ikkje vakt bekymring hos verken statsrådar eller toppbyråkratar at fleire har blitt dømt og fengsla. Det har heller ikkje vakt bekymring hos statsråden og departementet etter at den feilaktige lovfortolkinga var klokkeklar i august i år – i alle fall ikkje nok bekymring til at ein hindra at folk fortsatt blei politianmeldt, straffa og sågar fengsla i eit par månader til. Det kan heller synast som at ein utsatte å gjere noko for å få tid å lage ein strategi for å unngå for store skader for eige omdømme og karriere.

KOMMENTAR: Hvordan kan det ha seg at en offentlig tjeneste påfører sine brukere stress og fobi og gjør dem enda sykere?

Men først av alt, litt om kva eg synest denne debatten ikkje bør handle om. Elin Ørjasæter skriv i Nettavisen: «Heretter kan langtidssykemeldte dra på heisa-tur til Spania, på full lønn fra norske skattebetalere. Det har nemlig rumenske og italienske politikere bestemt.» 
Nei, det kan dei ikkje. Det som Trygderetten har sagt er at utanlandsopphold aleine ikkje er god nok grunn til å stanse ein stønad. Det er fortsatt slik at ein må vere i Norge om ein har eit behandlingsopplegg eller eit arbeidsmarkedstiltak ein skal følgje her i landet. Det er altså ikkje fritt fram for heisa-turar innan EØS-området slik Ørjasæter ser ut til å tro.

Den bør heller ikkje handle om å framstille EU som den lille manns beskyttar slik Geir Ramnefjell gjer eit forsøk på i Dagbladet 2.november.
Realiteten er at dei fleste forsøk på å bygge opp den «sosiale søyla» i EU møter stor motstand frå dei økonomiske elitene og det markedsliberale maktapparatet. Alt skal underordnas «dei 4 friheiter», fri flyt av kapital, varer, tjenester og arbeidskraft. Bakgrunnen for trygdeforordninga er først og framst å sikre fri flyt av arbeidskraft, som igjen har ført til omfattande sosial dumping ved press på lønningar og arbeidsvilkår, særleg for dei lågast lønte. 
Eg kan ikkje se at det verken har vore gjort eller er planar om seriøse forsøk på å demme opp for dette. Det er nok heller slik at det same menneskesynet som veks ut av dei aukande sosiale forskjellane gjer at ingen i maktapparatet reagerer før ein har brennande bildekk og opptøyer i gatene, som me har sett i ei rekke EU-land det siste tiåret.

Eit direktiv som er relatert til Trygdeforordninga (som dannar bakgrunn for NAV-skandalen) er Helsedirektivet som omhandlar pasientrettar og grenseoverskridande helsetjenester. Begge desse er hjemla i indremarkeds-artiklar i EU-traktatane og ikkje i artiklar om folkehelse eller sosiale rettar. Formålet er snarare å skape eit marked for kommersiell handel med helsetenester enn å gi sosiale rettar til borgarane. Det høyrer med til historia at endringar i trygdeforordninga er til behandling i EU-systemet akkurat nå. Formålet med endringane skal vere «å  redusere mottakerlandets forpliktelser og hindre misbruk». Ordbruken lovar ikkje godt for den lille mann eller kvinne.

Korfor skal brukarane vere så fornøyde? Ein ekspedisjonssjef i Arbeidsdepartementet stillte dette spørsmålet på eit møte for tillitsvalde i Aetat for rundt 20 år sidan. Når ein må stille krav til brukarar så vil dei ikkje bli fornøyde var resonnementet – at folk som mottar stønad frivillig ville gjere ein innsats for å komme tilbake i arbeid var nok ikkje i tankane hans.

Gjennom diverse tillitsverv i åra etter har eg hatt sjanse til å følgje med på kva som rører seg i toppsjiktet innan embetsverk og politikk når det gjeld arbeidsmarkeds- og trygdepolitikk. Mens ein på 1970-talet i hovudsak forklarte bruk av uførepensjon, sjukepengar og liknande med utstøting frå arbeidslivet så skifta dette til individuelle forklaringsfaktorar rundt 1990. I Attføringsmeldinga frå 1991/92 (Stortingsmelding nr 39, 1991-92) så blir dette oppsummert slik:

«På begynnelsen av 1970-tallet ble økningen i antallet personer som forlot arbeidslivet før de nådde pensjonsalderen forklart med at det skjedde en utstøting fra arbeidslivet … Dersom forholdene hadde blitt lagt til rette, antok man … at svært mange blant uførepensjonistene ville være i stand til å arbeide, og at de aller fleste ønsket å være i arbeid……Mens utstøting som forklaring på økende forbruk av uførepensjon tar utgangspunkt i faktorer utenfor individet og således rammer ufrivillig, har man i den offentlige debatten i den senere tiden vært mer opptatt av individuelle forklaringsfaktorer».
Ein blei opptatt av at offentlege stønader ikkje måtte oppfattast som «for attraktive», og at auka uføretrygding, auka sjukefråvær og auke i mottakarar av attføringspengar og rehabiliteringspengar (seinare slått saman til arbeidsavklaringspengar) skuldast at det framstod som meir attraktivt å stå utanfor arbeidslivet enn å vere i arbeid. Slike holdningar er ikkje ulike dei overklasseholdningane som var rådande i diskusjonen om fattiglovane på midten av 1800-talet. «Personer, der ere hengivne til Ørkesløshed eller Drukkenskab og ikke kunne lovlig ernære sig», slik blei dei fattige som kunne settast i tvangsarbeid omtala i lova.

DEBATT: Ikke gift dere, ikke få barn!

Men denne overklasseideologien blei heldigvis avløyst av sterkare fokus på forhold i arbeidslivet på slutten av århundret. Det førte til at me fekk Fabrikktilsynsloven i 1892 og ein ny Fattiglov i 1900 som langt på veg oppheva skillet mellom «verdige og uverdige» fattige. Frå 1990-talet skifta altså fokuset tilbake til individuelle forklaringar og oppgåva til det offentlege skulle først og framst vere  portvoktarrolla  og å tvinge flest muleg ut i arbeid. Her har lite endra seg etter 1990-talet, snarare har vel overklasseideologien blitt ennå sterkare med åra – i alle fall innanfor toppsjiktet innan embetsverk og politikk.

Når ein først har definert uførheit, nedsatt arbeidsevne og arbeidsløyse som sjølvforskyldt så blir tiltaka å skjerpe inn lovar og reglar, sørge for streng praktisering, skjerpe «portvokterfunksjonen» til institusjonane som skal forvalte regelverket og sørge for at «dei uverdige» blir straffa hardt for brot på pliktene.

Aukande økonomiske forskjellar, og ikkje minst utviklinga i lønna til toppane innan politikk og forvaltning, bidrar til utviklinga av denne overklasseideologien. Ein evnar ikkje å ta inn over seg andre forklaringsmodellar enn eigenskaper ved individet på at folk står utanfor arbeidslivet.
Kor har media og den undersøkande journalistikken vore? Eg har ikkje særleg mykje innsikt i det indre livet i avis- og tv-redaksjonar. Men kanskje litt av forklaringa kan ligge i at kommunikasjonsavdelingane i departement og direktorat – i likheit med hos næringslivet – i stor grad er markedsføringsaktører og ikkje først og framst informasjonsaktører? I mars 1995 avslørte Arbeiderbladet (Dagsavisen) et internt departementsnotat som avslørte koss departementet ville gå ut med den såkalle Velferdsmeldingen (Stortingsmelding nr 35 – 1994/95). Ein ville lekke enkelte deler av den for å styre kva kritikarane skulle bli opptatt av, og utvalgte medier skulle foras med «faktainformasjon» som underbygga forslaga i meldinga. Ein la og opp til alliansar med personer/organisasjonar som kunne gå god for forslaga i Velferdsmeldinga. Ein bevisst strategi har vore å fore media med informasjon om trygdemisbruk, om kor mange som er anmeldt og om saker som blir pådømt. Ein forer derimot ikkje media med saker kor forvaltninga har tapt i rettssystemet. Til tross for at omfanget av trygdemisbruk er forsvinnande lite om ein måler det opp mot dei totale budsjetta for folketrygda, så blir det skapt eit inntrykk av at det er eit stort omfang og at det er viktig med strenge restriksjonar og reaksjonar. Kanskje journalistar ikkje er så upåvirka av dette som ein skulle ønske dei var?

Kva med vårt rettsvesen? Heller ikkje her har eg god nok innsikt i det indre livet hos påtalemakt, domstolar og advokatkontorer. Men utanfrå kan det se ut som at ein ikkje har tatt rettssikkerheita på alvor for dei som her er ramma.

«For Dovenskab, Opsætsighed mod Foresatte, Kivagtighed, Forvanskning af Arbeidsmaterialier eller andre Forseelser imod god Orden og sædlighed er Bestyrelsen berettiget til at anvende Correctionsstraffe, bestaaende af Fængsel paa Vand og Brød indtil 5 Dage eller i mørk Celle indtil 3 Dage.» Det sa Fattiglova av 1845. Ingen rettsprosess, ingen forsvarer – bestyrelsen avsa dom utan brysomme rettsprosessar. I NAV-sakene har det vore rettsprosessar, men me kan jo spørre oss om dette meir har vore juridiske, rituelle knebøyningar for påtalemyndigheit, forsvararar og dommarar.

Mer fra: Nyheter