Omstart 2021

Perspektiv: Bistand blir viktigare etter eit kraftig tilbakeslag for fattige land i 2020.

2021 kan bli den store omstarten for verda. Då trengs både bistand, private investeringar og tilgang til vaksine for alle.

Eg møter mange som ikkje er klar over det, men den siste generasjonen har verda gjort framgang som aldri før i menneska si historie.

Færre fattige: Én milliard menneske har løfta seg ut av ekstrem fattigdom dei siste 25 åra.

Fleire med utdanning: Andelen lese- og skriveføre vaksne i verda gjekk opp frå ca. 50 % i 1950 til 86 % i 2015.

Betre helse: Mødre- og barnedødelegheit vart nesten halvert frå 1990 til 2015. Framsteget er globalt, men drive av særleg sterk framgang i fattige land.

Heilt til 2020, då covid-19 kom. Dei verste konsekvensane for dei fattigaste landa – dei fleste av dei i Sør-Asia og sør for Sahara i Afrika – blei ikkje karantene, sjukdom og død, men det globale fallet i verdsøkonomien. Det afrikanske kontinentet har overraskande få smitta og døydde av viruset, men opplever enorme økonomiske konsekvensar og også uro for auke i smittespreiinga.

Verdsbanken reknar med at det kan bli 100 til 150 millionar fleire som lever i ekstrem fattigdom i 2021. Kva skjedde?

Jobbane har blitt borte. I Bangladesh er to millionar jobbar i tekstilindustrien forsvunne på grunn av kansellerte bestillingar. Dette er kvinnearbeidsplassar som er heilt avhengige av stor internasjonal etterspurnad. I Malawi har 35.000 arbeidsplassar innanfor turisme blitt borte sidan covid-19. I Nepal har éin million jobbar i restaurantar, hotell og flyselskap blitt borte. I Etiopia rapporterer 55 prosent av hushalda at inntektene deira blei reduserte som følgje av krisa.

Dei som ikkje har jobb er verre ramma. I fattige land arbeider dei fleste i uformell sektor. Dei lever gjerne av å selje grønsaker eller av strøjobbar. Når aktivitet og mobilitet går ned, forsvinn inntektene. Verdsbanken har rekna ut at i eit utval låginntektsland har om lag tre av fire hushald opplevd nedgang, eller å ha mista inntekta si. Veldig mange lever rett over fattigdomsgrensa. Eit lite mindretal er dekka av sosiale tryggingsnett slik vi kjenner frå velferdsstaten.

Ringverknadene av mindre etterspurnad, tap av arbeidsplassar og manglande investeringar har fått fattigdommen til å auke for første gong på 20 år. Dette er land som frå før av var gjeldstyngde, og som har små moglegheiter til å stå imot eller mildne krisa. Det er ikkje midlar til «redningspakkar» som rikare land klarer å stable på beina.

På toppen av dette kjem stansen i investeringar, og overføringar av pengar frå slekt og vener som arbeider i rikare land. Private investeringar frå selskap har gått kraftig ned, det same har overføringar frå privatpersonar – ofte slektningar som har migrert. Det er ikkje ulogisk. Bedrifter slit, og investerer mindre. Mange av dei menneska som sender pengar heim er i kortvarige og usikre arbeidsforhold i servicesektoren. Der har mengder av jobbar blitt borte og dermed også moglegheita til å sende pengar.

Med dette store bakteppet av konsekvensar av covid-19 blir bistand endå viktigare enn før. Men vi må tenkje nytt – bistand må rettast inn annleis enn før pandemien.

Først må bistand bidra til å stoppe pandemien. Utan tilgang til vaksine for alle, kan ingen av oss bli trygge. Og ingen land kan få i gang økonomien sin utan at pandemien er over. Difor har den norske regjeringa engasjert seg sterkt i arbeidet med å fordele vaksiner og helseressursar internasjonalt. Saman med Sør-Afrika, leiar Noreg arbeidet.

Høgt på agendaen vil også kontantoverføringar stå. Overføringar av kontantar er ein enkel og ubyråkratisk måte å gi litt meir ressursar og makt til fattige menneske på. Dette er eit velprøvd verkemiddel, men er brukt mindre av Noreg. Brei internasjonal forsking har vist at kontantar er godt fungerande bistand. Mottakarane gjer gode val og bruker pengane på det mest naudsynte: mat, medisinar, skulebøker og husvære.

Det kan også starten på ein gryande velferdsstat. Om det blir gjort på rett måte og med ein langsiktig strategi, kan dette bli til sosiale tryggingsnett. Vi veit – ikkje minst frå vårt eige land – at kontantoverføringar som pensjon og barnetrygd har ein god og viktig effekt innan velferdsstaten.

Å restarte investeringar i samfunn og bedrifter er minst like sentralt. Det kan gå hand i hand med å løyse den største globale utfordringa som ikkje forsvinn av covid-19 – klimakrisa.

Klimaendringar og naturkatastrofar trugar dei fattigaste landa aller mest. Derfor er vedtaka om klimamål som blei gjorde i 2020, svært godt nytt. I september kunngjorde presidenten i Kina, Xi Jinping, at landet vil slutte å auke klimautsleppa sine innan 2030, og vil bli karbonnøytralt innan 2060. Rett etterpå melde Japan og Sør-Korea seg på og vil bli karbonnøytrale innan 2050. Joe Biden har lova å ta landet inn i Parisavtalen att, og EU er allereie ein global leiar.

Det er eit enormt potensial for investeringar i klimavennleg energi, landbruk, hav og andre næringar i fattige land som kan ha stor lønsemd, skape vekst og ta vare på klimaet. Norsk bistand bidrar til å utløyse desse investeringane.

På mange måtar står vi overfor ein ny start. I den vil bistand bli enno viktigare enn før.