Kommentar

Me treng FN som fordelingspoliti

Kanskje er me litt nærare rettferdig global omfordeling enn før.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

− Litt meir, litt meir, litt meir! Nei, det var for mykje! No må du helle ut litt igjen.

Sånn høyrdest det ut då eg var barn og hadde vener på besøk, og me skulle skjenke opp saft. Det var så viktig at det var på millimeteren likt. Ingen av oss venene skulle kome ut frå kjøkenet med ei drope meir enn oss andre. Det var det som var rettferdig. Me opererte alle som saft-fordelingspoliti.

Også Høgre-leiar Erna Solberg er bekymra for å ha senka selskapsskatten for lågt

No, 30 år seinare, sit eg på jobb og skriv på eit notat om ulikskap i verda og saknar ei streng stemme som kan få oss til å fordele litt meir. For me har eit økonomisk system for fordeling som er langt meir behageleg for dei rikaste enn for resten.

Den store økonomiske ulikheita fører til at økonomisk vekst ikkje kjem oss alle til gode. Økonomen Thomas Piketty har laga eit forskingssenter som samlar statistikk om dette, og dei har i sin årlege rapport sett på fordelinga av veksten i verda mellom 1995 og 2021.

Denne rapporten viser at den fattigaste halvparten i verda berre fekk to prosent av all vekst i perioden. Resten av veksten gjekk til den rikaste halvparten, og særleg til den øvste prosenten. Den rikaste éinprosenten fekk 38 prosent av all velstandsvekst.

Sånne tal blir alltid litt tunge, og det kan vere vanskeleg å sjå for seg. Men tenk på ein fest med hundre personar og hundre nye velkomstdrinkar. Velkomstdrinkane illustrerer veksten i verda i perioden frå 1995 til 2021. Dei 50 fattigaste gjestane må dele på to av drinkane. Den rikaste gjesten får 38 drinkar heilt åleine. Det høyrast ikkje ut som ei oppskrift på ein god fest.

Den grove skeivfordelinga er eit problem av mange grunnar. Me har omfattande forsking som viser oss at stor ulikskap gir oss eit dårlegare samfunn. Eit anna problem er at me har store pengestraumar bort frå land som baserer seg på omfordelande skattesystem og over til lågskatteland. Det gir mindre pengar til å finansiere skular, helsevesen og heilt naudsynte klimatiltak.

Skatteflukt er ein sentral drivar for denne utviklinga. Tala er usikre, men ein studie i Review of Economic Studies (2022) kom med eit anslag på at 36 prosent av profitten til multinasjonale selskap blei flytta over frå landet verdiane blei skapt til lågskattland i 2015. Det er altså store verdiar som ikkje blir skatta av, og dermed ikkje kan bidra til å løyse alle dei store felles utfordringane mange land har.

Ei rekke land har bygd seg opp på å tilby låge skattar og hemmeleghald. Det har blitt som ein magnet på milliardærar, kriminelle og folk som ikkje vil bidra til fellesskapet i landa der gevinstane blei skapt i utgangspunktet. Det er eit stort problem også no når ein har sett i verk økonomiske sanksjonar mot Russland, fordi store delar av den russiske eliten har pengar i skatteparadis og dermed ikkje blir ramma. På den måten blir også skatteparadis eit hinder for demokrati.

For å nå berekraftsmåla som verda har blitt einige om, må denne utviklinga snu. Landa i verda må gå saman om tiltak på tvers av land for å sikre at ein får mobilisert ressursar internt i kvart land til å finansiere alle investeringane me veit må til i åra framover — til helse, utdanning og klimatiltak.

Heldigvis har det skjedd ting i det siste som gir håp. Det er mange som ser at me må organisere oss på ein annan måte. OECD, som er ein organisasjon for nokre av dei rikaste landa i verda, har blitt einige om ein global selskapsskatt på minst 15 prosent. Det er langt meir enn det mange trudde var mogleg for ti år sidan. Samtidig er det eit problem at skatten har ein låg prosentsats, er full av smotthol og kjem dei rikaste landa mest til gode. Det er eit steg i rett retning, men på langt nær nok.

Mange av låg- og mellominntektslanda i verda ynskjer ikkje at OECD skal vere organet der skattekoordineringa internasjonalt finn stad, mellom anna fordi det er udemokratisk at det berre er dei rikaste landa som skal styre denne prosessen. Dei vil ha prosessen i FN. Der er det meir openheit og meir demokrati, og større sjanse for eit resultat som også dei kan tene på. I FN har alle land ei stemme, rike eller fattige, store eller små. Noreg bør difor mobilisere aktivt for at meir av framgangen på skatt i verda skal skje i FN.

Før jul vedtok FN at dei skulle starte arbeidet med ein internasjonal skattekonvensjon, etter forslag frå Den afrikanske union. Regjeringa skriv i Hurdalsplattforma at dei vil stø ein slik konvensjon, men det er ikkje presisert kor den bør ligge. Det er likevel bra at dei stemte for konvensjonen under voteringa i FN.

Nytt er det også at Høgre-leiar Erna Solberg skriv i den nye boka si at ho er bekymra for å ha senka selskapsskatten for lågt. Den låg på 28 prosent i 2013, då ho blei statsminister, og har vore på 22 prosent sidan 2019. Ho viser til at internasjonal skattekonkurranse var ein av drivarane bak desse kutta. No har Høgre lenge vore eit parti for kutt av mange skattar, og særleg har dei jobba for skattekutt for dei rikaste. Det vil ikkje endre seg, men det er verdt å merke seg at Solberg no tar til orde for å heve selskapsskatten igjen til 24 prosent. Ho viser til at mange land ser at dei treng større skatteinntekter etter pandemien.

Me lever stadig i ei urettferdig verd, men kanskje er det teikn på at vinden kan snu no når sjølv høgrepolitikarar ser at den internasjonale skattekonkurransen har gått for langt. Det er ein moglegheit for å fordele meir rettferdig i verda no, som det breie raudgrøne fleirtalet på Stortinget bør bruke for alt den er verdt. Og kanskje kan det hjelpe FN ta den rolla mange av oss etterlyser — som ein stemme som kan passe på at dei økonomiske verdiane kjem fleire av oss til gode.

Hold deg oppdatert. Få dagleg nyhetsbrev fra Dagsavisen