Debatt

Allmennboliger – ei sårt tiltrengt løysing

La oss få allmennboliger på plass i Noreg – for bustadtryggleik og ein leigemarknad som set folk først.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Den norske bustadmarknaden er blitt ei ulikheitsmaskin som presser folk, særleg unge, ut. For mange er det no umogleg å finne ein trygg og rimeleg bustad, noko som rammar leigemarknaden særleg hardt.

For utanom høge prisar er dagens leigemarknad prega av useriøse aktørar, der folk må vise CV og stille med referansar for å få leige. Å leige bustad er usikkert og marknadsstyrt, utan stabile leigeforhold som sikrar tryggleik og moglegheit til å bu over tid.

Allmennboliger kan komme inn som ei sårt tiltrengt løysing – ein sosial leigesektor som gir bustadtryggleik og sosial rettferd.

I Arbeidarpartiet sitt nye utkast til program er det ein dissens om nettopp dette, som vi i AUF kjempar for. Vi må ta mange grep for å rydde opp i bustadmarknaden, men å sikre at det ikkje berre er marknaden som bestemmer om folk skal ha ein heim, er riktig veg å gå.

I dag blir eigarskap prioritert i bustadpolitikken, medan leigemarknaden er stemoderleg behandla. Utan eit sosialt leigesystem som allmennboliger risikerer vi eit aukande klasseskilje.

Ved å samarbeide med kommunar og ideelle organisasjonar kan vi byggje opp ein sosial leigebustadsektor her heime.

Danmark har vist at ein modell med allmennboliger fungerer godt: Her blir bustader regulerte etter kostpris og drivne av ideelle aktørar, noko som sikrar folk i alle samfunnslag tilgang til trygge og rimelege leigebustader.

Rundt ein million danskar bur i dag i desse bustadane, og dei danske kommunane kan krevje at opptil 25 % av nye prosjekt er allmennboliger. Dette gir folk ei reell moglegheit til å bu godt, sjølv i byar med høge prisar.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Dette systemet bør Noreg la seg inspirere av. Ved å samarbeide med kommunar og ideelle organisasjonar kan vi byggje opp ein sosial leigebustadsektor her heime, med fleire rimelege alternativ som dempar presset på eigarmarknaden.

Vil vi ha ein bustadmarknad berre for dei med størst kapital, eller vil vi bygge eit samfunn der bustaden er eit velferdsgode?

Eit allmennboligprosjekt kan òg inkludere leige-til-eige-modellar, slik at leigetakarar på sikt kan bli eigarar.

No handlar det om å skape den politiske vilja til å gjennomføre desse endringane. Arbeidarpartiet sitt mindretal i programkomiteen støttar allmennboligprosjekt. Dette må bli meir enn ein idé på papiret – det må bli verkelegheit.

Vi kan ikkje stå på sidelinja medan unge og folk med vanlege lønningar blir utestengde frå bustadmarknaden.

Arbeidarpartiet må no velje: Vil vi ha ein bustadmarknad berre for dei med størst kapital, eller vil vi bygge eit samfunn der bustaden er eit velferdsgode?

La oss få allmennboliger på plass i Noreg – for bustadtryggleik og ein leigemarknad som set folk først.


Mer fra: Debatt