I Laurdagsrevyen den 12. oktober sende NRK noko eg oppfatta som eit reint reklameinnslag for fleinsopp, som varer i over fem minutt. Vi får sjå korleis soppen ser ut og kvar vi kan finne han.
Spiss fleinsopp inneheld eit psykedelisk stoff og er forbode å plukke og bruke i Noreg. Ei som blir intervjua, likte ikkje fleinsopp sjølv, men sa at ho visste at det var mange andre som likte det. Viss nokon ville ha, så hadde ho plukka, sa ho.
NRK viser så fram ei ny brukarhandbok om fleinsopp. Denne får fin omtale.
Så blir ein brukar av fleinsopp intervjua. Han seier at opplevingane i fleinsopprus erstattar ekstremt dyre psykologtimar.

I løpet av tre timar fekk han interessante tankar, djup introspeksjon, og mykje glede og kjærleik. Han fekk forståing for kvifor ting var som dei var, aksept for korleis ting var no, og kva han ønskte vidare.
Psykose er ingen bagatell verken for den som opplever det eller dei som er rundt.
Han innsåg kor mykje han hadde, og dette hadde gjort at han i dag har det så mykje finare enn før. Altså har fleinsoppen gjort at han no har det så mykje finare.
Er ikkje dette reklame, så veit ikkje eg. Eg skulle ønske NRK heller kunne ha intervjua nokre av dei som er blitt psykotiske av fleinsopp. Om ikkje anna, så for balansen si skuld. Psykose er ingen bagatell verken for den som opplever det eller dei som er rundt.
Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen
Sjølvmedisinering på psykedeliske stoff kan gjere stor skade. At ein etter kontrollerte medisinske forsøk kan ta i bruk også fleinsopp i behandling, er noko heilt anna.
Når NRK så avsluttar dette fem minutt lange reklameinnslaget med å seie at det er opp til politikarane å avgjere om soppen skal legaliserast eller avkriminaliserast, er det dei som spelar inn tanken om avkriminalisering eller legalisering av fleinsopp – på Dagsrevyen i beste sendetid.
Les også: Rus gjør at ansatte rømmer fra fengsel: – Folk er slitne
Les også: De nye generasjonene lever lenger, men med dårligere helse
Les også kommentar: Været kan vi i hvert fall ikke skylde på Jonas Gahr Støre for. Eller? (+)
Les også: Miljøvennlig begravelse? Nå dukker det opp flere «grønne» muligheter (+)