Debatt

SFO må bli gratis for alle

Arbeidarpartiet sitt nye prosjekt må vere å utvide velferdsstaten så alle uansett utgangspunkt får vere med i fellesskapet vårt. Både barnehagen, skulen og SFO burde være gratis.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Timane i SFO er nokre av dei sterkaste minnene eg har frå barndommen. Mykje grunna all dramatikken. Der bytta vi klistremerker med kvarandre. Nokre dagar var målet å ha flest klistremerke, andre var det å ha dei beste klistremerka. På eit punkt hadde eg flest. Det var ei episk veke. Eg lærte meg å spele blokkfløyte, hekle og steike vaffel. Vi spelte fotball saman og bygde sandslott.

Mi deltaking i SFO var ikkje tilfeldig. Mor mi var aleinemor, sjukepleiarstudent og fekk stønad frå Nav for å kunne fullføre utdanninga si på lik linje med andre. Alt eg lærte og alle vennskapa eg danna fekk eg i gåve av fellesskapet vårt.

Støre-regjeringa si innføring av gratistimar i SFO for første-, andre- og no snart også tredjeklassingar er eit viktig steg i retning av eit fellesskap der alle får være med. Kunnskapsdepartementet har publisert tall som syner ny rekord i SFO-deltakinga med Arbeidarpartiet ved roret.

Den økande ulikskapen i samfunnet er ikkje berre eit symptom på økonomiske skilnader, men også ei utfordring som rører ved kjerneprinsippa til arbeidarrørsla om likeverd og like moglegheiter for alle.

Sandra Edith Kalland Tenud, medlem av AUF sitt sentralstyre

Gratis SFO og AKS gjer ikkje berre barna ein stad å være etter skoletid, men også ein stad der dei kan bygge vennskap, kome saman på tvers av ulike bakgrunnar, lære nye ting og utvikle seg. Det er også verdier som ikkje kjem av seg sjølv, men som må skapast.

Erfaringa frå innføringa av gratis SFO i Stavanger tyder på at felles fritidsaktivitetar reduserer skilnader mellom elevane og bygger sosialt samhald.

Den økande ulikskapen i samfunnet er ikkje berre eit symptom på økonomiske skilnader, men også ei utfordring som rører ved kjerneprinsippa til arbeidarrørsla.

Det handlar ikkje berre om klistremerker, men om å lære viktige livsferdigheter gjennom samspel og fellesskap. Og det handlar om ikkje å reise heim aleine og sjå på alle dei som får bli igjen og leike. Gratis SFO kan vere med på å jevne ut moglegheitene for alle barn, uansett foreldra si inntekt.

AUF ønskjer ikkje berre at SFO skal vere gratis, men og at ordningane skal styrkast og gje unge meir leik, motivasjon og læring. Då må vi auke antallet pedagogar og styrke laget rundt eleven med fleire andre typar ansatte.

I tillegg er det viktig å understreke at gratis SFO ikkje berre gagnar barna. Mange foreldre står overfor utfordringar med å balansere arbeid og familieliv. Gratis SFO kan vere ei avlasting som gjer det mogleg for foreldre å delta aktivt i arbeidslivet, bidra til velferdsstaten og samstundes sikre at barna får ein trygg og innhaldsrik ettermiddag. Regjeringa si satsing på SFO sparar familiar for om lag 20.000 kroner i året per barn, og meir skal det bli!

Les også: La oss skrote seksårsreformen

Arbeidarpartiet sitt nye prosjekt må vere å utvide velferdsstaten så alle uansett utgangspunkt får vere med i fellesskapet vårt. Både barnehagen, skulen og SFO burde være gratis.

Gratis SFO med leksehjelp, varierte aktivitetar, nasjonale kvalitetskrav, og gode pedagogar er ikkje berre ei investering i borna si framtid. Å byggje ned dei økonomiske barrierane er eit skritt mot eit meir inkluderande samfunn, der kvar einskild, uavhengig av bakgrunn, får like gode moglegheiter til å lukkast.

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen

Mer fra: Debatt