Det nærmar seg stortingsval og Arbeiderpartiet slit tungt i motvind.
Låg oppslutning på nasjonale målingar er ein ting, men det verkelege faresignalet er målingar som viser at partiet mister veljarar i LO. Den næraste alliansepartnaren er i ferd med å bli deira største problem.
[ «For Erna Solberg er det ualminnelig dårlig nytt at folk ser på ulikhet som et stort problem» ]
I 2008 skreiv eg masteroppgåva «Framstegsrørsla for fagorganiserte flest?», og her undersøkte eg forholdet mellom Frp og LO i historisk lys. På 2000-talet hadde Frp stor framgang i fagrørsla, og ved vala i 2005 og 2009 nærma partiet seg 20 prosent av stemmene frå medlemmane i LO.
Dette blei bakteppet for Ap, med faneberar Martin Kolberg, sin kamp for å knekke Frp-koden.
Funna i oppgåva var mellom anna at partiet hadde utvikla heilt bevisste strategiar for å erobre fagrørsla. Desse innebar ikkje ei endring i praktisk politikk, her var det framleis stor avstand, men handla i større grad om tilnærming og retorikk. Ein omtalte bevisst seg sjølv som «det nye arbeidarpartiet», partiet for og av vanlege arbeidsfolk.
[ «At noen er likere enn andre, skal ikke alltid være en fordel for de mektigste» ]
Ein forsøkte bevisst å skape avstand mellom den jamne arbeidar og «pampeveldet» i LO og Ap, og gjorde målretta innsats for å vise at arbeidarar flest er meir opptekne av andre saker, og kan tene meir på til dømes lågare skatt og bensinpris, enn på motstand mot endring av sjukelønsordning og midlertidig tilsetting.
I januar viste ei intern måling i LO at talet på medlemmar som ville stemme på Ap no var nede i 31,4 prosent. Varsellampane bør blinke raudt på Youngstorget, for det er ein tydeleg tendens at partiet gjer det dårleg i val der oppslutnaden i LO sviktar. Dei svakaste stortingsvalresultata i nyare tid, 27,4 % i 2017, og ikkje minst katastrofevalet i 2001 (24,3%), viser dette.
Dette er dei to einaste vala partiet har hatt under 40 prosent oppslutnad i LO.
Eit anna faresignal finn vi i valundersøkinga til Institutt for samfunnsforsking etter valet i 2017. Partiet har hatt ein dramatisk nedgang i sakseigarskap på det området partiet si historie er tufta på, sysselsettingspolitikk. I 2009 sa 61 prosent av veljarane at Ap hadde best politikk på dette området. I 2017 var dette meir enn halvert, til 28 prosent.
Eit år med pandemi, permitteringar og usikre framtidsutsikter har heller ikkje ført med seg framgangen ein kanskje kunne vente for partiet som vi ein gong vende oss til i krisetid og som har arbeid til alle som sitt fremste mål.
[ Vil la promillekjørere beholde lappen: – I dag slår tap av førerkort veldig skjevt ut ]
Nedgangen i fagrørsla minner om situasjonen på 2000-talet, men denne gongen er det ikkje ein felles fiende frå høgre ein kan samle seg om. Det er den nye politiske bestevennen, Senterpartiet, som ser ut til å kunne hauste frå Ap si kjerneveljargruppe. På den same LO-målinga får partiet 21,3 prosent.
Om dette var valresultatet ville det vore ei auke på nesten ti prosent frå 2017.
Og det er dette som gjer situasjonen enda vanskelegare no enn han var for femten år sidan for Ap. Sp-koden kan bli ei langt hardare nøtt. Ein kan ikkje berre setje i gang korstog og kampanjar mot partiet som sit med nøkkelen til eiga deltaking i regjering etter valet.
I Fagbladet 11. januar delte tidlegare LO-topp Sture Arntzen sine tankar om nedgangen til Ap. «De er rett og slett ikke tydelige nok. Før i tiden, hvis du tenker tilbake til Einar Gerhardsen, så analyserte man folks behov og utmeislet politikken etter det. Det er man langt fra i dag», sa Arntzen.
Den tidlegare Handel og kontor-leiaren meinte derimot at Vedum var utruleg tydeleg og at Sp var i ferd med å bli folkets parti.
Den tydelege Vedum har blitt ei personifisering av kva partiet hans ynskjer å bli oppfatta som.
Han spelar på det nære, det kjende og det nasjonale i ei tid der verda for mange verkar kaotisk. Han seier ting så folk forstår, han er folkeleg og han veit å vise det. I 2020 såg vi han både som syngjande fugleskremsel og med parykk på vesle julaftan.
Ein som gjerne tek ein kaffi med deg og vil høyre på deg og snakkar med deg og ikkje over deg.
Kanskje ikkje heilt landsfader, men meir ein slags jovial landsonkel.
[ «Man selger ikke offentlig grunn til spekulanter» ]
Går vi tilbake til Frp sin framgang i LO på 2000-talet, kan vi trekke fram to viktige faktorar. Den eine var at ein etablerte seg som eit folkeleg parti for arbeidarar og for folk flest, gjennom klar og enkel tale, og som partiet som var på lag med kvardagsmennesket, mot eliten i LO og Ap. Den andre var bevisstheita om at arbeidarar kunne setje andre saker høgare enn arbeidarrettar.
Kanskje bygger Vedum-koden på nettopp dei same metodane. Med enkel retorikk og tydeleg språk får han folk til å forstå at folk, både i bygd og by, treng å bli sett, dei treng å bli høyrt og dei treng nærheit til tenester og tilbod. Dei treng politikarar som er som dei, som ser folks behov og handlar deretter. Han markerer seg som ein mann av folket, ikkje ein elitepolitikar. Som i landsmøtetalen i 2019, då han utan manus brukte store delar av talen på å fortelje historia til farfaren, Trygve Vedum, og hans liv i enkle kår, ei historie han meinte hadde forma han som menneske og politikar.
Vedum treff mange med sin appell.
Han treff folk som synast ferjebillettane er for dyre og er redd for auka bensinprisar, han treff folk som fryktar det lokale helsetilbodet skal bli redusert, han treff folk som fryktar for jobben sin, og han treff folk som synast politikarar flest berre preikar, er for elitistiske, og dei som meiner globaliseringa gjer landet mindre attkjenneleg.
Frp har i mange år gitt seg sjølv tittelen folkets parti i den politiske høgreblokka. Plassen som breitt og tydeleg folkeparti i venstreblokka, som ikkje Ap maktar å fylle, står ledig, og denne er Sp i ferd med å erobre. LO har over 900.000 medlemmar, og desse er som folk flest, så her bør det vere eit potensiale for Vedum når han kjem med kaffikoppen. Dette er kanskje Ap si største utfordring når ein no går i gang med valkampen.